Kulturkommentar
Finn Kalvik fekk heidersprisen under Spellemann-utdelinga i år, men ingen klarte heilt å forklare kvifor.
Her er eit forsøk på å forklare det Spellemann ikkje fekk til.
Trass ei historie med stor suksess har Finn Kalvik nærast vorte bagatellisert som artist i nyare tid. Siste gongen han var synleg i det offentlege rommet, var då han vart ein del av Rockheim Hall of Fame, i 2019. Der fortalde han om ein operasjon av stemmebanda som hadde vore krevjande.
Etter dette har han dei siste åra fått fleire prisar enn han har hatt i heile karrieren. Og no altså, utruleg nok, sin første Spellemann.
Spellemannkomitéen og NRK klarte ikkje å formidle dette under sendinga sundag. I ein artikkel på NRK.no gjer dei opp for ein del av den manglande grunngjevinga, men rotar det til ved å hevde at Kalvik vann ein Spellemann i visesong i 1981.
Det er ein hallusinasjon. Han gjorde ikkje det. 1981 er likevel eit vendepunkt i karrieren.
Melodi Grand Prix det året var unnagjort på ein kjapp time laurdag 7. mars. Sitjande programleiar var Sverre Kjelsberg, vinnar av konkurransen året før.
Han introduserte låtar som «Rock’n Roller» og «Rock’n Roll». Halvdan Sivertsen prøvde seg. Inger Lise Rypdal var med både som soloartist og i bandet Darlings. Tramteatret var nest sist ut med triumferande «Det er vår tur nå». Dei såg ut som dei allereie hadde vunne. Men det var endå ein låt igjen.
Siste låten vart introdusert av programleiaren med nesten ei heil CV-opplesing: «Han slo gjennom for ti år sidan, og sidan har han slått gjennom, gong på gong. Eg orkar ikkje påstå at han har funne seg sjølv, men han har funne sin eigen stil gjennom lyriske tekstar og melodiar. Også denne gongen er begge frå han. Vi veit at du gjer det bra i Sverige for tida, Finn. Om eg no spør om du har tenkt å gjere svenske av deg, då vonar eg at svaret vert som tittelen på songen din: 'Aldri i livet'.»
Finn Kalvik vann. Ifølgje førehandsomtalen i Bergens Tidende (BT) ville det å vinne vere «fe’menalt» for Kalvik. «Aldri i livet» skulle han uansett gi ut på plate måndagen etter.
Journalisten frå BT nytta høvet til å gratulere Kalvik med honnøren diamantplate for 85.000 selde eksemplar av det førre albumet Kom ut, kom frem. Det sjuande og det åttande albumet til Kalvik vart produserte av Benny Andersson frå ABBA. Dei hadde møtst på ein visefestival i Västervik, og det var superstjerna Andersson som ville jobbe med Kalvik.
Ein knapp månad seinare, 4. april 1981, fekk «Aldri i livet» null poeng under finalen i Dublin. Samstundes som albumet Natt og dag gjekk til topps på VG-lista i Noreg, og gav Kalvik hans fyrste og einaste topplassering. Han skulle aldri ha like stor suksess igjen.
Som artist kom han bokstaveleg talt til syne i 1969, i eit vegkryss ved Østbanehallen, det som no heiter Oslo S. Han er heilt åleine med gitaren, og NRK-kameraet fangar han i ei framføring av den første singelen hans, «Prøver å finne meg sjæl».
Ein metasongtekst om å bruke tida til noko anna enn å skrive songar. Skriven på enderim som er/vær, enga/senga og den noko uheldige bomme/lomme. Ifølgje Øystein Sunde ein «øyeåpner for alle som sang på engelsk».
Saman med Åse Kleveland delte Sunde nyleg ut Spellemann-heidersprisen til Finn Kalvik. Det vart ein merkeleg seanse. Dei to på scena rota med kva dei skulle seie, og då namnet vart lese opp, var det ingen som reiste seg. For Kalvik var ikkje der. Han var for sjuk til å vere til stades.
I staden vart han redusert til Sunde si forklaring om at han var mannen som gav raptappatippatappa-teknikken eit andlet. Med det meinte han korleis Kalvik skildra fingerspelet både han og Sunde og Lillebjørn Nilsen jobba saman om å meistre tidleg på 1970-talet.
Både Sunde og Lillebjørn Nilsen var viktige for at Kalvik skulle finne seg sjølv. Saman gjorde dei Noreg til eit land der kassegitaren og songen var dei sentrale elementa i ein låt – ofte var dei òg dei einaste. Lillebjørn Nilsen starta med Oslo-viser, og Øystein Sunde vart ein humoristisk songtekstordkløyvar av rang. Kalvik skreiv ikkje berre eigne ord, han henta òg fram andre sine.
Han sette melodi til dikt av Inger Hagerup og André Bjerke. Han gjorde Ralph McTells «Streets of London» på norsk. Plateselskapet fekk han til å gjendikte Harry Chapin-låta «Cats in the Cradle» til «Ride Ranke». Så møtte han altså Benny Andersson. Han er ein av få, om ikkje den einaste, som har hatt Anni-Frid Lyngstad og Agnetha Fältskog som koristar.
Og garantert ein av like få som har fått Benny Andersson til å vere gjestepianist på eigen konsert i Oslo Konserthus.
Samstundes som Kalvik feila i Europa og selde over 200.000 album i Noreg og Sverige, vart ABBA bokstaveleg talt skilde, Andersson vart meir opptatt av musikalen Chess.
Kalvik gjorde ikkje like gode sjakktrekk. Han melde seg på Melodi Grand Prix igjen i 1987, med ein låt til dottera. Den entusiastiske og ganske fengjande «Malene» er mest minneverdig for at han opnar med at Kalvik prøver å fange ei slags lysande sol i hendene, før han tek på seg ein elektrisk gitar. Låten hamna på fjerdeplass, rett framfor «Snurra på barten», kulthiten til Olav Stedje.
Som ein slags metafor på dette forsvann han sakte frå den mest lysande merksemda i åra som følgde, men han fortsette å lage plater. Ei samanhengande rekkje tulleinnslag med han i Harald Eia- og Bård Tufte Johansen-programmet «Åpen Post» slo feil på fleire måtar, og er fjerna frå NRKs offentlege arkiv.
Det førte likevel til at folk som er på same alder som underteikna, lenge tenkte på Finn Kalvik meir som eit sluttpoeng enn som anerkjend artist.
Oppreisinga har tatt tid, DumDum Boys tolka «To tunger» allereie tidleg på 2000-talet, og spelte inn ein video i 2019, same året som Skambankt gjorde «Skumring» mørkare enn originalen. Norvegia brukte «Aldri i livet» i ein minneverdig reklame, frå den tida då reklamefilmar framleis fortalde ei god historie.
Men det sterkaste for meg er den skranglete, men ekte tolkinga til rapparen Mae i 2017. Hans «Aldri i livet» er like ekte og inderleg sann som Kalvik sin eigen. Og nett derfor er han så god.