Protest på russisk
Å flykta ut av landet har vore måten russarar flest har protestert på. Det tok til alt under Ivan den grufulle. Sidan har det auka på.
Klavdy Lebedevs målarstykke frå 1889 med motiv frå raseringa av Novgorod.
I 1558, då Ivan den grufulle var 28 år gamal, gjekk han til åtak på Livland, det vil seia mesteparten av det som er Estland og Latvia i dag. I 25 år førte han krig mot Polen, Litauen og Sverige for å skaffa seg tilgang til Austersjøen.
Dette var ikkje den einaste krigen Ivan starta. Han førte krig mot herskarane på Krim, mot Astrakhan-riket og mot tatarane i Kazan, aust for Moskva. I tillegg førte han krig mot sitt eige folk, spesielt mot dei som budde i den vestvende handelsbyen Novgorod. Saman med sitt hemmelege politi – opritsjnikane – slo han seg den 6. januar 1570 ned på Holmgard, den gamle tilhaldsstaden til vikingane rett utanfor Novgorod.
I store grupper blei innbyggjarar henta ut frå handelsbyen. Oppe på Holmgard blei dei bundne saman og sende ned langs ei issklie mot Ilmensjøen. Der stod opritsjnikane klare med stokkar. Menneska blei dytta ned i ei råk i isen. Ein trur at ein tredel av innbyggjarane i Novgorod – 10.000 menneske – blei drepne på den måten.
Ingen opprør
Hadde ein herskar i Vesten gått fram på same vis, ville folket ha heist opprørsfana og freista å slå herskaren i hel. Det skjedde ikkje i Russland. Ingen historikar har nokon gong påvist at det blei lagt planar om å organisera eit opprør mot Ivan. Mange protesterte likevel. Måten dei protesterte på, var den som etter kvart blei typisk russisk: Dei forlét landet.
Då Ivan den grufulle døydde sjuk og utsliten 54 år gamal i 1584, var landområda kring Moskva på det nærmaste folketomme. Sidan, på byrjinga av 1600-talet, kom den store ufredstida der ulike hærar og militsar kjempa mot kvarandre, og Russland var nær ved å gå i oppløysing. Endå fleire forlét då dei sentrale områda i Moskva-staten.
Kor drog alle desse menneska hen? Det er eit paradoks, når ein ser på det som skjer i dag, at mange av dei drog ned til den såkalla ville steppa, det vil seia det området som for det meste er Ukraina i dag. Ukraina var, der det låg mellom Polen, Tyrkia og Moskva-staten, til ein viss grad herrelaust land. Dei som protesterte med beina og drog frå områda der tsaren herska, fann ut at livet var mykje lettare i Ukraina. Mange av dei danna ryggrada i det som etter kvart blei det frie, ukrainske kosakksamfunnet.
Eit logisk vedtak
Dei som styrte Russland, hadde ikkje vanskar med å skjøna at dette var eit problem. Om utviklinga heldt fram, stod landet i fare for å bli avfolka. Styresmaktene fatta difor eit logisk vedtak: Undersåttane til tsaren fekk ikkje lov til å forlata landet. Spesielt blei bøndene – det store fleirtalet av folkesetnaden – hardt råka. Dei fekk ikkje lov til å dra frå godset der dei var blitt fødde. Etter kvart gjekk dei over til å bli eigedomen til den adelsmannen som sat på godset. Mesteparten av det russiske folket blei forvandla til slavar.
Heller ikkje i sovjetperioden hadde innbyggjarane rett til å dra ut av landet. Igjen var det bøndene som det gjekk hardast utover: Då Stalin kollektiviserte landbruket, innførte han stavnsbandet på ny. Om ein skulle dra nokon stad i Sovjetunionen, måtte ein ha togbillett. Men togbillett fekk ein ikkje om ein ikkje hadde innanrikspass, og det fekk ikkje bøndene før under Khrusjtsjov på 1960-talet. Og skulle ein koma på tanken å forlata Sovjetunionen, måtte ein ha utanrikspass. Det fekk berre dei som var med på spesielle turar arrangerte av sovjetiske organisasjonar, om ein var diplomat eller agent i teneste hos KGB. Folk som regimet ikkje stolte på, fekk sjølvsagt aldri noko pass.
Noko unormalt
Har dette relevans til stoda i Russland i dag? Faktisk har det det. Å forlata landet utan løyve frå styresmaktene er noko unormalt i det russiske samfunnet. Utreiseforbodet heng saman med sjølve organiseringa av den russiske og sovjetiske staten. Den sentrale institusjonen i staten har alltid vore hæren. For å sikra at hæren hadde mannskap nok, og at våpenfabrikkane hadde arbeidskraft, kunne ein sjølvsagt ikkje la folk reisa der dei ville. Dersom ein tillèt det, ville heile militærstaten gå i oppløysing.
Med maktovertakinga til Boris Jeltsin i 1991 skjedde det noko nytt. Krigarstaten vart mellombels avskaffa, og då trong ein heller ikkje å hindra folk i å dra til utlandet. I store mengder tok russarar til med å fylla strendene langs Middelhavet.
Så kom krigen i februar i år, og deretter mobiliseringa av unge menn for få veker sidan. På akkurat same måten som gjennom mesteparten av den russiske historia er undertrykkingsapparatet for mektig til at nokon kan organisera store protestar. I staden har menn i stridsdyktig alder teke til å strøyma ut av Russland, akkurat som på Ivan den grufulles tid.
Eit utal reportasjar i ulike medium frå grannelanda Georgia og Kasakhstan syner korleis mange titusen unge menn er i ferd med å forlata Russland, ofte berre med det dei står og går i. Dei veit at om dei blir, står dei i fare for å bli sende til fronten i Ukraina. Der er vona om å overleva lita. Kanskje er allereie så mye som ein tredel av den hæren Putin sette inn mot Ukraina i vinter, no ute av spel.
Forræderi
I god tid før krigen braut ut, forstod Putins folk at dei måtte fjerna høvet til å protestere mot krigen og mot regimet. Etter kvart – om dei ynskjer å halda krigen i gang og dimed halda regimet oppe – må dei også fjerna høvet til å forlata landet. Kreml kan ikkje sitja og sjå på at mesteparten av dei som skal sendast ned i skyttargravene i Ukraina, stikk av.
For Putin vil det ikkje vera så vanskeleg. Han voks opp i ei tid der det å forlata Mor Russland var jamgodt med forræderi. Ut ifrå det me no har lært om han, er det lite sannsynleg at han handlar på ein annan måte enn det dei fleste andre russiske herskarane har gjort før i historia.
Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei som protesterte med beina og drog frå områda der tsaren herska, fann ut at livet var mykje lettare i Ukraina.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.