Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Utdanning
Professor Bjørn K. Nicolaysen skriv mykje forstandig om dei nye reglane for studieopptak i Dag og Tid 12. april. Han kritiserer med god grunn «gjennomstrøyming» som eit overordna mål for utdanningspolitikken, både i høgare utdanning og i vidaregåande opplæring. Dessverre bommar han i konklusjonen når han foreslår opptaksprøver, som attpåtil skal vere fakultetsspesifikke.
Vi er kritiske til fleire av forslaga både i opptaksmeldinga og profesjonsmeldinga. Men statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning. Han grunngir dette både med at det er ei tungvint ordning, og at det vil skape ein ny marknad for kjøp av «opptakstrening». Karakterar har sine svake sider, men dei alternativa som har vore framme i debatten, har endå fleire manglar.
«Skulen må spegle forventningar og krav ein møter i høgare utdanning.»
Ein del av forslaga vil etter kvart ytterlegare undergrave den vidaregåande skulen si rolle som studieførebuande instans. I snart 150 år har den vidaregåande skulen forvalta rolla som den viktigaste studieførebuande institusjonen. Denne oppgåva har lenge vore under press. I mange år har debatten vore prega av lettvinte forslag om å svekke krava til studiekompetanse.
Nicolaysen har nok dermed rett i at «vidaregåande ikkje lenger førebur godt for universitetsstudium». Han meiner også at overgangen frå vidaregåande til universitet ofte er «sjokkerande». Her kan det leggast til at det heller ikkje er vanskeleg å finne døme på at også overgangen frå studentliv til arbeidsliv er sjokkerande.
Den siste tidas «statsrådsstryk» har dessutan illustrert at høgare utdanning har mykje å stri med, og mykje å rydde opp i.
Det er likevel verdt å ta med at mange unge er godt rusta til lange studium og klarer seg svært bra. Men som statsråden har vore inne på i ein del samanhengar: Den store studentveksten «betyr noko for kvaliteten». Dette gjeld også for dei studiespesialiserande utdanningane i vidaregåande, der kravet om gjennomstrøyming er minst like stort som i høgare utdanning.
Det har ikkje vore mangel på reformer dei siste tiåra. Stortingsmeldingane har også vore mange. Likevel kjem det stadig meldingar frå høgare utdanning som tyder på at ein i aukande grad møter dei same problema som i vidaregåande opplæring: mangel på motivasjon og konsentrasjon, laber eigeninnsats og fråfall.
Difor er det nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle. Målet må vere at fleire gjennomfører krevjande studium utan at dei faglege krava blir reduserte. Dette krev endringar både i vidaregåande og i høgare utdanning.
Eit offentleg utval, Lied-utvalet (NOU 2018:15 og NOU 2019:25), foreslo ein del tiltak i så måte, men lite har skjedd. Utvalet peika mellom anna på at samspelet mellom høgare utdanning og vidaregåande skule må bli langt betre, og meir systematisk.
Etter vårt syn må krava til lærarkompetanse skjerpast. For undervisning i studiespesialiserande program er ikkje eitt års utdanning (60 studiepoeng) godt nok. Den vidaregåande skulen må i endå større grad gi elevane trening i å studere og å arbeide sjølvstendig. Skulen må spegle forventningar og krav ein møter i høgare utdanning. Dette gjeld ikkje minst evna til å lese og skrive lengre tekstar.
Universiteta må satse meir på lektorutdanninga. Masterutdanning i disiplinfag pluss praktisk-pedagogisk utdanning er det beste alternativet for undervisning i dei studieførebuande programma i vidaregåande, og ei nyttig «skulifisering».
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik er tidlegare lektorar og tillitsvalde.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.