JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

8098
20240426

Bakgrunn

Norsk Barneblad kjem ut tolv månader i året.

Utgivar er eit samyrkelag av mellom anna Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Nynorsk kultursentrum.

Stordomstida til bladet var på slutten av 1970-talet då tingartalet låg på rundt 17.000, i skrivande stund er det 3600.

Media

redaksjonen@dagogtid.no

I tildelingstalen heldt leiar Peder Lofnes Hauge fram kor viktig Norsk Barneblad, som framleis kjem i fysisk papirformat, er i vår gjennomdigitaliserte verd. Barna blir tatt på alvor og får noko å tenkje på, i ei moderne og fengjande formgiving. Han sa også at det er nynorsken som gjer bladet viktig.

Redaktøren sjølv legg gjerne til at nynorsken gjer bladet mogleg. Mange gode krefter er med og skubbar på for at bladet skal få nye generasjonar lesarar.

– Til lykke med målprisen, gode Nana! I snart 25 år har du sete som redaktør for Norsk Barneblad, verdas einaste magasin for barn på nynorsk.

– Eigentleg er det utruleg at akkurat eg skulle få målprisen. Eit opphald i Frankrike då eg var ung, gjorde meg bevisst på kor viktig språk er for å kunne vere seg sjølv. I utlandet måtte eg understreke identiteten min på andre måtar. Då eg kom heim, melde eg meg inn i Noregs Mållag, språket mitt var jo nynorsk.

Ein kald haustdag i 1981 troppa ho opp på eit møte i studentmållaget, med raude negler, stiletthælar og svart skinnjakke med skulderputer.

– I døra vart eg møtt av ei ung studentmållagsjente i setesdalskufte. Ho målte meg opp og ned før ho sa rett ut at eg hadde nok gått feil. Eg vart veldig lei meg og konkluderte med at organisert målarbeid ikkje var noko for meg. Nettopp difor var det så kult å få Målprisen – slik at også vi som står litt utanfor den organiserte målrørsla, kan bli sette og verdsette.

Til Norsk Barneblad kom Nana frå marknadsarbeid i norske forlag. Særleg var tilsette og forfattarar knytte til Samlaget skilsetjande for evna til å skrive enkelt og godt nynorsk som skulle nå breitt ut.

Suksessoppskrift

Det var redaktør (og lærar, forfattar og bonde) Kristen Stalleland som grunnla Sysvorti (svarttrasten) med dette programmet på framsida av det første nummeret: «Til Foreldre, Lærarar og Born! Her tek Sysvorti til aa fljuga ut i Noreg. (…) Ho kjem med Forteljingar og Æventyr fyre Born, ender og daa eit Stykke um eit Dyr, Fugl elder Fisk og annan høveleg Barnelesnad.»

Ein 137 år lang tradisjon, altså. I dag har Norsk Barneblad to tilsette, redaktøren og kontormedarbeidar Wenche Brusevold.

«Ein tredjedel av lesarane er ungar som har bokmål som hovudmål. Eg får mykje hyggeleg e-post om at dei har fått god karakter i nynorsk.»

Nana Rise-Lynum

Men korleis nå skjermfikserte ungar i 2023? Nana og makkeren hennar, grafisk designar Aina Griffin, veit svaret: Det gjeld å gi barna det dei ikkje veit at dei vil ha.

– I grunnen lagar vi eit blad som er slik vi sjølve kunne ha lese som barn, seier dei to nærmast i kor.

– Vi er båe ganske nerdete og grev oss ned i alle slags emne. Alt mogleg blir interessant når du byrjar å undersøke alle dei rare tinga som finst i verda. Slik er det for barna òg. Som fattige, vesle Norsk Barneblad har vi ikkje råd til å kjøpe inn mykje eller få ting spesialteikna. Vi må alltid vere kreative og finne rimelege illustrasjonar, pluss at vi har nokre faste som arbeider for oss.

Nana kan ikkje få fullrost Aina Griffin nok for evna ho har til å setje opp bladet slik at det er lett for dei yngste å kome inn i dei ulike temaa, utan at det kostar for mykje.

– Eg finn gamle illustrasjonar på nettet og må kanskje kjøpe noko frå eit biletbyrå, men vi brukar også stoff frå gamle bøker. Til dømes då vi hadde om dinosaurar, var det morosamt å finne teikningar av korleis ein tidlegare trudde dinosaurane såg ut. Eg kallar det «Se og Hør»-metoden. Kvart nummer skal innehalde noko historie, noko samfunnskunnskap, noko naturkunnskap – og noko mest for gøy. Alt skal vere ting som barna kan ta med seg vidare og bli meir nysgjerrige på.

Enkle inngangar

Eg blar i nummera frå dei siste tre månadane og ser snart at oppskrifta frå 1887 framleis står ved lag. Aprilnummeret om hygiene fortel om alt frå kuriøs dokultur i det gamle Romarriket til korleis ein kan lage si eiga såpe. Her er også eit fantastisk fotografi frå 1920 av stortingsrepresentantar som ser på arbeidargutar som sym i bassenget på Bislet bad.

Marsnummeret handlar om husdyra våre. I februar handla det om endå eit tema som veldig mange barn blir heilt besette av: vulkanar. I alle nummera er fotografia mange og illustrasjonane særs varierte.

– Faktaboksar og bilete som gir leseinngangar, gode ingressar – alt slikt er viktig for at barna raskt skal finne noko dei synest er gøy og har lyst til å lære meir om, seier Nana.

– Men må du tenkje meir slik no enn før – enkle inngangar, meir tilgjengeleg? Alle snakkar jo om at barn i dag les så lite. På Verdas bokdag melder Forleggerforeningen at det no er éin av fire foreldre som aldri les for barna sine. Korleis jobbar de for å vere ei motvekt til TikTok?

– Nei, svarar Nana, vi vil ikkje vere lettvinte. Blir det for lettvint, blir det uinteressant. I bladet skal vere litt for dei minste, ned mot sju år, og for dei eldre, opp til fjorten. Vi lokkar med artige bilete og korte tekstar. Ingen skal kjenne seg dumme, alle skal kjenne at dei kan strekkje seg.

Barn har like stor hjernekapasitet som vaksne, det gjeld berre å få dei til å gidde å bruke krefter på det, seier ho.

– Dei kan fint lære nye ord ut frå konteksten. Kanskje tar vi ikkje ungane på alvor. Det er ein vond sirkel om foreldre ikkje les for barna sine. Vi må lese for dei, og snakke med dei. Ungane er mykje aleine framfor skjermen. Det å halde ei fysisk bok eller eit blad gir ei anna ro.

– Kva med vanskelege tema – som krig? Tar de opp slike?

– Vår redaksjonelle line er at vi vil at barna skal kjenne glede og undring over verda, dei får nok problematiserande stoff i skulen, tenkjer vi. Vi vil heller vere ei motvekt til alt det vanskelege og vonde i verda. Vi vil gi håp.

– Men kvifor er det ikkje endå fleire som vil lese Norsk Barneblad? Opplaget er på 3600 – det kunne ha vore større. Burde de heller ha gått digitalt, de òg?

– Å konkurrere mot TikTok og andre digitale plattformer er vanskeleg. Vi vil vere eit alternativ. Norsk Barneblad var digitalt – i eitt år. Det funka ikkje. Bladet vart ikkje lese slik det skal, ungane skrolla slik dei gjer med anna digitalt. Barna abonnerer kortare enn før, dei fleste eit par år. Barndommen er kortare, dei vil vere ungdommar frå dei er elleve år.

Fordommar

– Men kva med nynorsken, møter barnebladet fordommar?

– Eg bur på Oslo vest, seier Nana, eg har lært å løfte på augebryna om nokon prøver seg.

– Kvifor skal vi stå med lua i handa? Vi må vere litt arrogante. «Kjem Norsk Barneblad på bokmål?», spør dei meg. «Nei», svarar eg. «Kjem det til å kome på bokmål?» Svaret mitt er det same. Der er jo difor vi finst! Hadde det ikkje vore for nynorskfolket – dei som eig oss og som bryr seg, og som kjøper eit ekstra abonnement til vesle Petter fordi opplaget er på veg ned – så hadde vi ikkje eksistert.

Nana stadfestar at bladet blir mest lese i kjerneområdet til nynorsken, på Vestlandet.

– Men ein tredjedel av lesarane er ungar som har bokmål som hovudmål. Eg får mykje hyggeleg e-post om at dei har fått god karakter i nynorsk.

– Eg les at Norsk Barneblad ikkje er normerande, meiner de språkleg?

– Nei, svarar Nana, vi held på ein enkel og moderne nynorsk som skal nå breitt ut, og som skal kunne lesast også av barn som ikkje har nynorsk som hovudmål. Det ikkje-normerande gjeld at vi ikkje har meiningar om korleis ein bør vere eller kle seg. Barn skal sjølv finne ut korleis dei vil vere.

– Til slutt: Kjem Norsk Barneblad til å eksistere i nye 137 år?

– Kvifor ikkje? Vi må tru det. I ei eller anna form – og helst på papir. Om det finst tre att i verda, då!

Det neste nummeret av Norsk Barneblad skal nemleg handle om tre og skog.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis