JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Eit teikn på frustrasjon

Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Seth Wenig / AP / NTB

Foto: Seth Wenig / AP / NTB

4918
20240419
4918
20240419

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

USA

Kvifor røystar så mange amerikanarar på Trump? Eg freista ei forklaring i denne avisa den 22. mars. Øivind Østberg likar ikkje forklaring mi og avfeiar ho som woke (Dag og Tid 12. april). Eg stussar over denne skuldinga, for tyder ikkje dette at eg er ovleg opptatt av rasisme, sexisme og annan krenkande identitetspolitikk?

La meg fyrst seie at eg skreiv denne kommentaren om Trump fordi eg er lite nøgd med dei vanlege forklaringane på Trump sin popularitet – dette at tilhengjarane hans er uvitande, og at dei let seg lure av ein type propaganda som nazistane brukte i si tid. Så eg gjorde eit forsøk på å forklare Trumps popularitet utan å nemna veljaranes dumskap eller mellomkrigstidas Tyskland. Eg freista ei alternativ forklaring som var forankra i USA sjølv: Trump er populær fordi han koplar seg på ein autoritær politisk understraum som går langt tilbake i USAs historie.

Øivind Østberg likar ikkje dette. Han likar ikkje ideen om at amerikansk politikk kan skildrast som ei slags pendling mellom ideal om likskap og fridom på den eine sida og autoritær praksis på den andre. Og han likar slett ikkje at eg ser på Trump som ein reaksjonær arvtakar av ein gamal autoritær praksis.

Men slik eg las Østberg, så er han og eg samde i ein sentral påstand: at Trump sin appell er eit teikn på frustrasjon. At amerikanske veljarar flokkar seg kring Trump fordi han skildrar det amerikanske samfunnet på ein måte dei kjenner att. Og fordi han lovar å gjere noko med det. Østberg skriv at amerikanske veljarar er frustrerte over mellom anna sterkt aukande kriminalitet, inflasjon og ukontrollert innvandring. Dette er eg samd i.

Men når Østberg gjev Biden skulda for alt dette, så er eg usamd. For det første så auka kriminaliteten merkbart under Trump, medan han fall under Biden. For det andre så var inflasjonen på veg opp under covid-pandemien, skaut i veret i 2021 og har falle sidan. For det tredje overdriv Østberg makta til staten og presidenten – slik Trump sjølv gjer. Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet. Årsakene er samansette og ligg ofte utanfor USA sjølv. Alle vestlege land balar med dei same problema til same tid og i om lag same monn. Dette er òg openbert når det gjeld innvandring og identitetspolitikk.

Men den største skilnaden mellom Østberg og meg er at han er opptatt av hudfarge, medan eg er mest opptatt av politisk økonomi.

Eg må tilstå at her kunne eg nok ha vore tydelegare i kommentaren min, så eg vil presisere poenget mitt om pendlinga mellom progressive ideal og autoritær praksis i amerikansk politikk:

USAs progressive ideal om fridom og likskap – som vart uttrykt i sjølvstendeerklæringa i 1776 – var formulert i eit samfunn som i praksis var prega av ulikskap og ufridom. Slaveriet i sørstatane var eit ekstremt døme på dette. Østberg siterer meg rett når han skriv at i tida etter sjølvstendeerklæringa var det «lenge berre formuande kvite menn som hadde tilgang til fridom, røysterett og politisk aktivisme». Men så fester han seg ved «kvite menn», medan eg er meir opptatt av at dei er rike.

Når eg skriv at dei som mangla fridom og røysterett, vart politiske aktivistar som kjempa for rettane sine, så let han til å tru at eg meiner at aktivistane var ikkje-kvite. Men det er ei dryg forenkling. Når eg skriv at aktivistane brukte staten – at dei la press på både den lovgjevande og den utøvande makta, og at dei, framfor noko anna, brukte det amerikanske rettssystemet for å få rettslege avgjerder om likskap og rett forankra i lov – då tolkar Østberg meg slik at eg trur aktivistane var ikkje-kvite. Men det trur eg ikkje.

Rett nok organiserte dei svarte seg i politiske organisasjonar som NAACP og andre borgarrettsorganisasjonar etter kvart, men dei som sat i Kongressen og laga lovane, var kvite, dei som sat i Det kvite (!) huset og i rettsapparatet, var kvite.

Poenget mitt gjeld ikkje hudfargen til aktivistane. Poenget mitt gjeld formuen til dei som stritta imot. Dei som organiserte opposisjon mot progressive reformer, var kvite rikingar – godt hjelpte av evangeliske kyrkjeleiarar. Dei ville behalda det gamle, autoritære systemet som hadde gjort dei rike på pengar og innverknad. Dei ville tilbake til gamle dagar, då samfunnet var meir lagdelt. Då alle kjende sin plass. Nett slik som Trump vil no.

Trump gjev Biden-administrasjonen og «den djupe staten» skulda for kriminalitet, inflasjon, ukontrollert innvandring og ei rekke andre elende i USA. Desse skuldingane vekker begeistring hjå frustrerte medlemmar av det som Seymour Martin Lipset for godt over 60 år sidan kalla «den autoritære arbeidarklassen».

Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved Norges teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis