JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Invasjonen som er umogleg å selja

Putin fryktar sitt eige folk. Difor tør han ikkje kalla krigen i Ukraina for ein krig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6081
20220610
6081
20220610

For ukrainarane er det ikkje vanskeleg å forstå kvifor dei skal forsvara seg: Ingen stad i landet kan ein vera sikker på at ein ikkje blir drepen av ein russisk rakett. Skulle Russland vinna krigen, vil Ukraina bli lagt under eit militærdiktatur i lang tid.

For dei 18- og 19-åringane som gjer teneste i den russiske invasjonsstyrken, ser verda vanskelegare ut. Der dei ligg ute i felten, hugsar dei kanskje då Vladimir Putin talte til nasjonen førre nyttårsaftan. Presidenten snakka då om kor hyggeleg det var at alle kunne gå inn i det nye året saman med vener og familie. Det var tida for hyggje, god mat og god drikke, slo Putin fast. At han sysla med planar om å gå til krig eit stykke utpå nyåret, sa han ingen ting om.

Så kom slutten av februar 2024. Plutseleg blei den russiske ålmenta fortald at det var naudsynt med ein såkalla spesialoperasjonen i Ukraina. Dei russiske gutane som blei med inn i Ukraina, fekk vita at det heile ville vera over på nokre dagar eller veker.

Nye konfrontasjonar

No står me føre ein sommar med fleire store militære konfrontasjonar. Mykje talar for at det blir utkjempa avgjerande slag langs frontlinja i Donbas og nord for Svartehavet dei neste par månadene. Kvar dag blir mellom 50 og 100 ukrainarar drepne. Ettersom det alltid kostar langt fleire liv å gå til åtak enn å forsvara seg, tyder alt på at talet på drepne russarar er endå høgare.

Det som står fram som merkeleg, er at Putin framleis – meir enn 100 dagar inn i krigen – ikkje har fortalt det russiske folket klart og tydeleg kvifor det var naudsynt å gå til krig. Argumentasjonen har vakla frå dag til dag. Til tider er det blitt hevda at regjeringa i Kyiv har drive med folkemord i Aust-Ukraina. Så har ein snakka om at det sit nazistar ved makta i Ukraina. Men ingen har sett særleg mange lik frå det påståtte folkemordet i Donbas. Ein såg heller ikkje Volodymyr Zelenskyj marsjera i spissen for nazisoldatar i gatene i Kyiv.

Nato-utvidinga blir også henta fram som eit argument. Men den siste gongen alliansen blei utvida mot grensa til Russland, var i 2004, altså for 18 år sidan. Rett nok dreiv vestlege militære opplæring av ukrainske offiserar, men noko Nato-medlemskap for Ukraina var ikkje aktuelt på dei neste ti åra, minst. Russland var ikkje truga av nokon, i alle fall ikkje av Nato eller av Ukraina.

Kjerneland og havland

At Putin likevel gjekk til krig, er ei gåte som framtidige historikarar må svara på. Ei årsak kan vera at mennene i Kreml verkeleg trur på dei 120 år gamle teoriane til den britiske geografen Halford Mackinder. Desse teoriane, som dei siste tjue åra er blitt omsette til russiske forhold og spreidde på inn- og utpust av filosofen Aleksandr Dugin, går ut på at det gjennom historia har vore ein evig kamp mellom det konservative, euroasiatiske kjernelandet på den eine sida og den liberal-nihilistiske havmakta på den andre. Om ikkje kjernelandet skal bli nedkjempa, må det skaffa seg kontroll med mest mogleg av kystlandet. Krigen i Ukraina er såleis berre ein del av ein evig kamp mellom det verdibaserte kjernelandet, altså Russland, og det dekadente havlandet, altså USA.

Me veit at Putin har lytta til Dugin med stor interesse, og at den eksentriske tenkjaren er blitt omtalt som sjølve husfilosofen i Kreml. Likevel er det uklart om Putin har vore så opphengt i desse teoriane at dei verkeleg har leidd han inn i krigen.

Ei annan motivering handlar om noko mykje meir handfast, nemleg pengar. Fram til Janukovitsj-regimet blei styrta i 2014, hadde russiske oligarkar eit godt tak på den ukrainske økonomien. I Russland har dei siste tiåra handla om å grafsa til seg korrupt rikdom. Den dagen Ukraina braut seg laus frå russisk dominans, gjekk det ut over heile krinsen av dei som var unge KGB-offiserar i Leningrad i 1970-åra. Den mest framståande blant dei er Vladimir Putin sjølv. Dette kunne han ikkje la skje.

Igjen: Me veit ikkje kor mykje Putin har vore motivert av det eine eller det andre. Men om obskure teoriar om landmakt kontra havmakt kombinert med personleg makt og rikdom verkeleg spelar ei rolle, har dette vore ein vanskeleg, ja umogeleg bodskap å selja. Korleis skal ein få russiske gutar til å gå i døden for at dei som herskar over landmakta – oligarkane og Putins KGB-vener – skal få endå større pengebingar?

Den største krisa

Kanskje nærmar me oss her svaret på spørsmålet om kvifor Putin held fram med å vera så uklar om krigen, og kvifor han ikkje vil erklæra at krigen er ein krig. Heile tida må han ha hatt i bakhovudet den største krisa han har vore gjennom. Vinteren 2011/2012 freista Putin å juksa til seg presidentmakta. Han hadde då fyrst sete som president i to periodar, så hadde han vore statsminister i ein periode. Hausten 2011 forkynte han at han ville bli president på ny, i strid med grunnlova. Reaksjonane ute i det russiske samfunnet var sterke. Store delar av middelklassa i Moskva og St. Petersburg protesterte. Parolen «Russland utan Putin» ljoma i gatene.

Protestbølgja la seg etter ei tid, men Putin hadde sett kor mislikt han var i den ikkje veldig talrike, men likevel viktige russiske middelklassa. Når dei neste åra blei fredelege, var det fordi ein nådde fram til eit slags kompromiss: Putin lét middelklassa i fred, mens middelklassa lét han styra landet.

Gjennom heile tida han har sete med makta, har kontroll med Ukraina vore eit av dei viktigaste måla til Putin. Frå og med 2014 blei han nøydd til å ta militære verkemiddel i bruk. No freistar han å halda fast ved målet utan å øydeleggja det skjøre kompromisset som blei utforma i 2012. Difor unngår han ordet krig og snakkar så lite som mogleg om det som skjer på slagmarka. Fyrst og fremst må han unngå ei full krigsmobilisering, som vil ramma middelklassa hardt. Om det skjer, kan 2012 koma att.

Dette gjev – trass alt – eit lite håp for framtida.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Putin lét middelklassa i fred, mens middelklassa lét han styra landet.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis