JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Eit spørsmål om proporsjonar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2152
20231020
2152
20231020

peranders@dagogtid.no

I krigens folkerett finst noko som heiter proporsjonalitetsprinsippet. Grovt forenkla inneber det at åtak mot lovlege militære mål kan vere ulovlege om dei fører til for stor skade på sivile personar eller gjenstandar. I ein krig der fiendestyrkane er blanda med sivilbefolkninga, er sivile tap i praksis umoglege å unngå. Det er altså snakk om forholdet mellom skadane på sivile og på militære mål. Men den israelske hæren har i fleire krigar følgt eit anna prinsipp, kalla Dahiya-doktrinen, der «uproporsjonal skade» kan vere eit mål i seg sjølv.

Doktrinen har fått namnet etter eit nabolag i den libanesiske hovudstaden Beirut, der Hizbollah hadde hovudkvarteret sitt. Under krigen mellom Israel og geriljarørsla i 2006 vart området lagt i grus av israelske fly. General Gadi Eizenkot trekte fram dette til skrekk og åtvaring to år seinare, da han sa at det som skjedde i Dahiya, òg skulle skje i kvar landsby der skot vart avfyrte i retning Israel. «Vi vil bruke uproporsjonal makt og forårsake umåteleg skade og øydelegging. Slik vi ser det, er dette militærbasar.»

Til liks med Hizbollah i Libanon er palestinske Hamas ei rørsle tett samanvoven med sivilsamfunnet. Ifølgje FN-rapporten om Gaza-krigen i 2008–2009 nytta Israel Dahiya-prinsippet igjen: Noko av bombinga var uproporsjonal maktbruk, med urimeleg stor øydelegging?av sivil infrastruktur for å skremme og audmjuke befolkninga. Etter den enda meir øydeleggjande Gaza-krigen i 2014 kom ein ny FN-rapport, som kritiserte Israel for uproporsjonal maktbruk.

Det høyrer med til soga at Hamas var ansvarleg for krigsbrotsverk i desse krigane, mellom anna ved å plassere rakettar ved skular og annan sivil infrastruktur. Og den israelske hæren har dokumentert ei rekkje tiltak for å avgrense sivile tap i tidlegare Gaza-krigar. Kor hardt israelarane vil prøve å avgrense skadane no, etter terroråtaket Hamas stod bak førre helg, er eit ope spørsmål. Øydeleggingane og dei sivile tapa i Gaza er alt enorme. «Vekta ligg på skade og ikkje på presisjon», sa Daniel Hagari, ein talsmann for det israelske forsvaret, førre måndag.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis