«Israelarane har byrja sjå alle palestinarar som potensielle terroristar»
Den gjensidige dehumaniseringa mellom israelarar og palestinarar har gått føre seg lenge, seier sosialpsykolog Daniel Bar-Tal.
Jabalia nord i Gaza 11. oktober. Israelske bombeåtak har så langt øydelagt over 1300 bygningar, ifølgje FN. Over 3000 menneske skal ha mista livet i Gaza sidan denne krigen tok til.
Foto: Anas al-Shareef / Reuters / NTB
Les også
Eit spørsmål om proporsjonar
Les også
President Joe Biden møtte statsminister Benjamin Natanyahu i Tel Aviv 18. oktober, der dei diskuterte krigen Israel no fører mot Hamas. USA fryktar at krigen på Gaza skal utløyse ei regional eskalering, skriv Cecilie Hellestveit.
Foto: Miriam Alster / Reuters / NTB
Skjebnetime for Midtausten
Les også
Kamikaze på Gaza
Daniel Bar-Tal
Professor emeritus i sosialpsykologi ved Universitetet i Tel Aviv
Fødd i Sovjetunionen i 1946
Barndom i Polen
Innvandra til Israel i 1957
Spesialist på politisk psykologi
Forfattar av ei rekkje bøker, mellom anna Living with the conflict (2007) og Falling into the Honey Trap (2023)

Utanriks
peranders@dagogtid.no
Etter Hamas-terroren mot Israel førre helg, der over 1400 menneske vart drepne og kring 200 tekne som gislar, var det openbert at det israelske motåtaket kom til å bli brutalt. Over 3000 palestinarar skal vere drepne så langt, ifølgje helsestyresmaktene i Gaza. Dødstala kjem til å bli mykje høgare før dette er over. Frå den israelske regjeringa kjem det klare signal om at omsynet til sivile ikkje blir høgt prioritert. Da forsvarsminister Yoav Gallant 9. oktober skulle forsvare den totale blokaden av Gaza, som stogga tilførselen av mat, vatn og straum, sa han: «Vi kjempar mot menneskelege dyr, og vi vil handle deretter». Med det sikta han nok til Hamas-krigarane, men blokaden råkar alle på Gaza.
Utsegna frå Gallant er døme på dehumanisering – å fråkjenne folk menneskeverdet og framstille dei som mindreverdige. Dette kunne tolkast som eit utslag av affekt etter massakrane som Hamas stod bak. Men dehumaniseringa av palestinarane tok til lenge før terroråtaket, meiner Daniel Bar-Tal. Han er professor emeritus i sosialpsykologi ved Universitetet i Tel Aviv, med politisk psykologi som spesialfelt. Han er òg del av ein stadig mindre minoritet: ein israelsk liberalar som ønskjer ei fredsløysing som sikrar borgarrettar og tryggleik også for palestinarane.
Ikkje-folket
– Vi ser no openlys rasisme i ordskiftet i Israel, også frå statsrådar. Menneskerettar for palestinarar er ikkje på dagsordenen, seier Bar-Tal, som vart fødd i Sovjetunionen i 1946 og kom til Israel frå Polen i 1957. Han har skildra utviklinga i israelsk mentalitet og konflikten med palestinarane i fleire bøker, seinast i Sinking into the Honey Trap: The Case of the Israeli-Palestinian Conflict, som kom i år.
Synet på palestinarane har gått gjennom fleire ulike fasar i Israel, fortel Bar-Tal.
– Under krigen ved opprettinga av Israel vart dei sette på som fiendar, på line med andre arabarar. Etter etableringa av den israelske staten i 1948 var palestinarane nærast ikkje-eksisterande i det israelske medvitet. Den valdelege fordrivinga av palestinarar, og flyktningane i nabolanda, var ikkje tema. Og dei 150.000 palestinarane som vart att i Israel, var under streng militær kontroll.
Etter at dei palestinske terroråtaka på Israel og jødiske mål i andre land tok til på 1960-talet, vart palestinarane sette som ein alvorleg trussel, seier Bar-Tal.
–?Også ikkje-valdelege framstøytar og rimelege krav om rettar frå palestinarane kunne bli kalla terrorisme. Israelarane byrja å sjå på alle palestinarar som potensielle terroristar.
Glimt av håp
Fredssamtalane på 1990-talet endra det israelske synet på palestinarane for ei tid. Bar-Tal skildrar det mentale skiftet i Sinking into the Honey Trap. PLO anerkjende staten Israel, og palestinarane vart aksepterte som partnarar i fredssamtalar. Det palestinske folket vart på nye måtar legitimerte og menneskeleggjorde i ålmenta i Israel.
–?På denne tida var kanskje 75 prosent av den jødiske befolkninga positiv til ein fredsavtale. Det var utruleg å høyre Rabin snakke om palestinarane som ein partnar for fred, seier Bar-Tal.
Det varte ikkje lenge. Okkupasjonen på Vestbreidda heldt fram, sjølvmordsåtaka i Israel tok til, fredsprosessen stogga.
– Da den andre intifadaen byrja i 2000, og det vart stadig fleire terroråtak, festa det gamle inntrykket seg. Palestinarar vart igjen sett på som terroristar i Israel, og det synet har berre blitt forsterka i åra etterpå.
–?Om ein har eit slikt syn på palestinarar generelt, legitimerer det ekstreme tiltak?
– Ja. Og opinionen og politikken i Israel har gått stadig lenger mot høgre. Den siste Netanyahu-regjeringa inkluderer folk som før ville blitt sett på som ekstremistar, seier Bar-Tal.
Utsletting
Benjamin Netanyahu frå høgrepartiet Likud har vore statsminister i Israel i 13 av dei 14 siste åra. Blant statsrådane i regjeringa han danna i desember i fjor, var tryggingsminister Itamar Ben-Gvir, leiar for partiet Jødisk makt. Han er tidlegare dømd for å oppfordre til rasisme og for å ha støtta ein terrororganisasjon. Han er òg kjend for å ha hatt eit portrett av den israelske terroristen Baruch Goldstein på veggen i stua si.
Ein annan ytterleggåande statsråd er finansminister Bezalel Smotrich. Han har òg ansvar for administrasjonen av Vestbreidda, der valden stadig har blitt verre. I februar gjekk ein mobb av israelske nybyggjarar til åtak på den palestinske landsbyen Huwara, brende dusinvis av hus, drap ein palestinar og skadde eit hundretal. Den israelske hæren greip ikkje inn for å hindre dei. Etterpå sa Smotrich: «Eg meiner at Huwara bør utslettast. Eg trur staten Israel må gjere det, ikkje private borgarar.»
Politikarar som Smotrich og Ben-Gvir er framleis å rekne som ganske ytterleggåande i Israel. Men haldningane deira er delte av langt fleire enn før, seier Bar-Tal.
– Støtta til nybyggjarane er langt større enn tidlegare. Ikkje minst er støtta sterk blant offiserane i hæren. Over 40 prosent av kadettane i Israel har no konservativ religiøs bakgrunn.
Evig traume
Denne utviklinga gjer sjansane mindre for at menneskerettane til palestinarane skal bli respekterte, meiner Daniel Bar-Tal. I tillegg har Hamas-massakrane for alvor vekt til live det store traumet i Israel: jødeutryddinga til nazistane. I siste boka si skriv Bar-Tal om holocaust for «det ultimate nasjonale traumet, som framleis påverkar alle aspekt av livet i det jødiske samfunnet». Hamas-terroren førte til det største tapet av jødiske liv på éin dag sidan andre verdskrigen.
– Når noko blir oppfatta som ein eksistensiell trussel for eit samfunn, kan det rettferdiggjere ekstreme tiltak?
– Ja, og i media i Israel har mange samanlikna Hamas-åtaket med jødeutryddinga under andre verdskrigen. Netanyahu har lenge spela på frykta for slike eksistensielle truslar. Tidlegare var det gjerne Iran og Hizbollah han viste til, no er det Hamas.
I Israel er holocaust konstant til stades i medvitet, det blir oppfatta som noko som kan skje igjen, seier Bar-Tal.
– Men trusselen har skifta undervegs. Opphavleg var det Tyskland som ville utrydde jødane. Etter Yom Kippur-krigen i 1973 var det Egypt som vart oppfatta som trusselen. Så seint som i 1977 vart president Sadat i Egypt framstilt som ein nazist og sjølve symbolet på vondskap i Israel. Men det endra seg etter Camp David-avtalen i 1978.
– Seinare har palestinarane, Hizbollah og Iran blitt trusselen. I dette verdsbiletet er fiendane skiftande, men intensjonane om å utrydde jødane er dei same. Og Hamas-åtaket i haust blir eit bevis på at faren er reell.
To vegar
Medan holocaust er referanseramma for israelarane, er al-Nakba (katastrofen), altså fordrivinga og masseflukta i 1948, den store grunnforteljinga for palestinarane. No fryktar mange palestinarar eit nytt al-Nakba etter Hamas-åtaket på Israel.
– Det er ein konstant kamp om narrativet. Israel og palestinarane har kvar si forteljing, og ingen av dei har plass til den andre. Okkupasjonen av palestinsk jord blir ikkje kalla okkupasjon i Israel, og mange palestinarar vil ikkje tru på at Hamas massakrerte israelske sivile 7. og 8. oktober. Og dehumaniseringa går båe vegar, seier Bar-Tal.
– I Israel blir gjerningane til Hamas 7. og 8. oktober oppfatta som bevis på dei verkelege intensjonane til palestinarane. For palestinarane er israelarane berre okkupantar og ei kolonimakt, og frustrasjonen og hatet mot jødane veks. Prosessen er gjensidig.
– Det er openbert at Hamas dehumaniserer israelarar. Samstundes er Israel umåteleg mykje sterkare militært, og potensialet for å gjere skade tilsvarande større?
– Slik er det i ein asymmetrisk konflikt. Israel er ei supermakt i regionen, og den israelske staten er militært sett i stand til å gjere som han vil. For den som har ein overlegen hær, er det nesten umogleg å gje etter for krav frå den svakare parten utan press. Det finst knapt døme på at noko slikt har skjedd. Berre eit ytre press kan få ein stat til å gje opp land.
– Å vise til rettferd eller moral hjelper ikkje?
– Politikk er ikkje basert på moral og rettferd. Vi akademikarar kan skrive bøker om slikt, men i politikken er det makt og interesser som tel. Det ser vi i alle konfliktar.
Hemn
Maktforholdet i konflikten mellom Israel og palestinarane viser att i dødstala. Frå 2008 og fram til september i år mista 6407 palestinarar og 308 israelarar livet, syner ein oversikt frå FN. Proporsjonen var altså 21 til 1 – fram til denne månaden. No har Hamas-massakrane og gisseltakinga eskalert striden til eit heilt nytt nivå. Om Israel skal halde på dei tidlegare proporsjonane for valdsbruk i konflikten, blir konsekvensane for Gaza fryktelege.
– Eg trur hemnen frå israelsk side blir ekstremt hard denne gongen, seier Bar-Tal.
–?Alle kommentarane frå forsvaret peikar i den lei. I Israel snakkar mange om å leggje Gaza i grus. Svært få i Israel bryr seg om sivile offer på palestinsk side, og berre ein minoritet snakkar om å vise atterhald. Eg håpar berre at vi ein dag, etter desse fryktelege hendingane, kan finne ein veg mot ei betre framtid.
– I så fall må båe sider anerkjenne motparten som fullt ut menneskeleg?
– Ja. Det var slik den gongen Rabin og Arafat snakka saman. Men det er ikkje slik no.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marie Blokhus, Gard Skagestad og Kirsti Refseth spelar stykket til den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg.
Foto: Monica Tormassy / Det Norske Teatret
Kven har makt over kven?
Velspelt om medviten og umedviten makt, sanning, manipulasjon og illusjon.
The Lady (Willa Fitzgerald) må flykte frå ein galen mann.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkfilmen Strange Darling tuklar med tida for å trekke i gang tankane.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.