JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Skjebnetime for Midtausten

Veka før Hamas-angrepet på Israel sa Jake Sullivan, tryggingsrådgjevaren til Biden, at situasjonen i Midtausten ikkje har vore så lite farleg på to tiår.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Joe Biden møtte statsminister Benjamin Natanyahu i Tel Aviv 18. oktober, der dei diskuterte krigen Israel no fører mot Hamas. USA fryktar at krigen på Gaza skal utløyse ei regional eskalering, skriv Cecilie Hellestveit.

President Joe Biden møtte statsminister Benjamin Natanyahu i Tel Aviv 18. oktober, der dei diskuterte krigen Israel no fører mot Hamas. USA fryktar at krigen på Gaza skal utløyse ei regional eskalering, skriv Cecilie Hellestveit.

Foto: Miriam Alster / Reuters / NTB

President Joe Biden møtte statsminister Benjamin Natanyahu i Tel Aviv 18. oktober, der dei diskuterte krigen Israel no fører mot Hamas. USA fryktar at krigen på Gaza skal utløyse ei regional eskalering, skriv Cecilie Hellestveit.

President Joe Biden møtte statsminister Benjamin Natanyahu i Tel Aviv 18. oktober, der dei diskuterte krigen Israel no fører mot Hamas. USA fryktar at krigen på Gaza skal utløyse ei regional eskalering, skriv Cecilie Hellestveit.

Foto: Miriam Alster / Reuters / NTB

7698
20231020
7698
20231020

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

For ein ny orden er i emning i Midtausten. Den siste veka har USAs utanrikssjef Blinken vore i Israel to gonger. Same veka vitja òg forsvarsministeren i USA Loyd Austin og sjølvaste president Biden landet. Amerikanarane forsøkjer å styre rammene for korleis krigen mot Hamas vil utspele seg. USA fryktar at ordenen ikkje skal halde, og at krigen på Gaza skal utløyse ei regional eskalering.

Sentrale element for å auke temperaturen i regionen er måten Israel bombar Gaza-stripa på, og korleis kampane vil utvikle seg på bakken. Kor mange sivile palestinarar og gislar som vert drepne, og kor mange som melder seg på i kampen i informasjonsdomenet, er kjende variablar som verkar inn på kva som vil kome. I tillegg kjem ukjende variablar.

Det Israel fryktar mest av alt, er fleirfrontskrig. Når bakkeoperasjonane på Gaza set i gang, vil israelske styrkar verte bundne opp på Gaza. Det vil låse det israelske forsvaret (IDF) ei god stund, og andre frontar kjem i spel. Og det skortar ikkje på frontar.

Den som er farlegast, men òg lengst unna, er Iran. Få dagar etter angrepet 7. oktober avklassifiserte USA etterretningsinformasjon om reaksjonane hjå dei personane i den iranske revolusjonsgarden som «ville ha visst om angrepet», dersom Iran stod bak. Dei skal ha vore overraska. Israel har stødd opp om denne forståinga. Det same har Iran, som nektar for å ha noko med angrepet å gjere.

Det er dei militante gruppene Islamsk jihad på Gaza og Hizbollah i Libanon som har forsøkt å implisere Iran. Og begge tilhøyrer det som tradisjonelt vert rekna som «Irans tentaklar» i Midtausten (her finn vi altså ikkje Hamas). Iran støttar dei nett for å kunne setje i verk fleirfrontskrig mot Israel i eit krisescenario der Iran vert truga eller angripe av Israel eller USA. Hizbollah og Islamsk jihad er «knipetonga» til Iran dersom tidene vert farlege for Iran sjølv.

Den øvste leiaren i Iran, ayatolla Khamenei, var på dag tre etter angrepet ute for å minne om at dersom Iran vert dregen inn i konflikten, vil Israel verte angripe frå Libanon, Syria, Irak, Jemen og Iran. Retorikken frå Iran er høglydt, men vil Iran angripe Israel for å redde palestinarane på Gaza? Det er svært lite truleg. I tillegg har Iran ein eigen front i nord, der Aserbajdsjan den siste veka har truga med å invadere Armenia. Det vil avskjere Irans landegrense med Armenia og gje Tyrkia «fritt leide til Kaspihavet». Iran har meir enn nok å passe på i eige farvatn no.

Det er òg eit godt teikn at den saudiarabiske leiaren Muhammed bin Salman har «lagt fredssamtalane med Israel på is til krigen er over» og hadde sin første telefonsamtale med den iranske presidenten, Ebrahim Raisi, i veka som gjekk.

Noko anna er tilfellet om det vert opna ein ny front i Nord-Israel. Her har libanesiske Hizbollah kontroll på den andre sida av grensa. Hizbollah er den argaste militære aktøren i Midtausten etter Israel og Iran, og han har vorte endå sterkare etter ti år med deltaking i krigen i Syria på Assad-regimets side. Dei har nekta å avvæpne seg på heimebane etter at krigføringa i Syria har ebba av, og rørsla er ein sentral faktor bak den djupe politiske krisa i Libanon. For Libanon er fullstendig bankerott. Og sjølv om sjiamuslimske Hizbollah har band til sunnimuslimske Hamas, er det risikabelt for Hizbollah å dra Libanon inn i krigen. Det libanesiske samfunnet toler rett og slett ikkje ein krig no.

Kjem Hizbollah til å setje interessene til palestinarane over interessene til libanesarane? Retorikken frå Hizbollah mot Israel har vore hard, og dagleg kjem spreidde angrep herfrå. Men enno er vi langt unna ein «ny front i nord». Om Hizbollah skulle angripe tungt frå nord, kjem truleg Israel til å be USA og Storbritannia om å assistere Israel. Då vil verdas største hangarskip i Middelhavet, USS «Gerald Ford», ikkje lenger være til pynt. Og Hizbollah vil verte vengjeklipt.

Ein annan front er Syria. Israel bomba flyplassane i Damaskus og Aleppo sist veke. Det gjer at innfrakting av folk og våpen frå til dømes aust (og Iran) ikkje lenger kan gjerast gjennom den vanlege infrastrukturen (som truleg iranarane har god kontroll med), men må flyttast ut til kysten i Latakia. Her er vi altså i eit område der sjefen i lufta er Russland, som òg er med i svingane.

Truleg vil Putins rolle som «ansvarleg mellommann» verte tydelegare etter kvart som det dreg seg til. Moskva er nemleg den einaste utanforståande stormakta som har tette band til absolutt alle involverte i og rundt krigen. (Her ligg ei sentral årsak til at Ukraina trur at Russland har noko med Hamas-angrepet å gjere. I Midtausten kan ikkje Russland isolerast).

Men også Dei arabiske emirata har meldt seg på i Syria. Dei har nyleg etablert band til både Israel og Syria. Dei har fordømt Hamas-angrepet og samstundes gjort det klart for Assad at han skal halde seg og sine unna Israel i nord, elles vert det lite pengar til gjenoppbygging i Syria. Altså ein annan arabarstat som hjelper til med å halde dei bakre rekkene attende.

Går vi endå litt lenger nord, er Nato-landet Tyrkia krass i retorikken. Men samstundes er Tyrkia i gang med sin største militære operasjon mot kurdiske grupper i Syria nokosinne. Berre dagar før Hamas-angrepet på Israel måtte USA skyte ned ein tyrkisk angrepsdrone som kom for nær amerikanske basar. Tyrkia har auka sitt press på USA for å trekkje seg ut frå Nordaust-Syria den siste veka, og tyrkisk kritikk av krigen mot Hamas er no særleg retta mot USA. Av innlysande grunnar må det som skjer i Nord-Syria, haldast separat frå det som skjer lenger sør.

Mot sør er stoda per no mindre kritisk. Saudi-Arabia og Egypt er dei store arabarstatane som ikkje treng meir krig i regionen. På andre sida av grensa frå Gaza har egyptiske styrkar vore involverte i ein annan væpna konflikt dei siste åra. Her har nemleg IS etablert Wilayat Sinai (Sinai-provinsen). Éi årsak til at Egypt ikkje vil ha statslause og venelause palestinske flyktningar inn hit, er òg at dei då vil drivast rett inn i armane til IS.

Til slutt kjem vi til Israels heimefront. På den okkuperte Vestbreidda er situasjonen kritisk. Her finn vi palestinarar som er til dels djupt prega av lidingane til palestinarane på Gaza og til dels svært kritiske til eigne leiarar for ikkje å gjere meir. Samstundes er Vestbreidda oversvømd av sivile israelske nybyggjarar. Under Netanyahus nybyggjartunge regjering har nybyggjarane fått svært frie taumar, og tryggingsstyrkane til Israel har vore mykje bundne opp her.

For mange israelarar ligg forklaringa på korleis Hamas-angrepet kunne skje akkurat her, hjå nybyggjarane og deira politikarar i regjeringa. Men under Gaza-krigen vil nybyggjarane på Vestbreidda vere tungt væpna og rasande – og med færre israelske soldatar til å stå mellom seg og palestinarane enn før, sidan soldatane må krige på andre frontar. Dette er Israels farlegaste front.

Gjev den trusselen Hamas har synt seg å vere, har Israel truleg ikkje noko val. Hamas må nøytraliserast. Ein bakkekrig mot Gaza der Hamas og Islamsk jihad skal tilinkjesgjerast, står for døra. Krigen kan fort verte eit blodbad i ein kategori verken palestinarar eller israelarar har sett i si levetid. Spørsmålet er om den nye ordenen kan tole krigen. Om dei andre frontane held, vil Midtausten sjå annleis ut etter krigen. Om dei ikkje held, kan alt skje.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett, og fast skribent i Dag og Tid.

Gjev den trusselen Hamas har synt seg å vere, har Israel truleg ikkje noko val.
Hamas må nøytraliserast.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis