JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Kamikaze på Gaza

Hamas er kjend for sjølvmords­aksjonar. Dette terroråtaket er annleis. Det er eit sjølvmordsbrev.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6581
20231013
6581
20231013

Laurdag 7. oktober leidde Hamas’ militære ving operasjon Al-Aqsa-syndefloda mot israelsk jord og israelske sivile. Åtaket markerer starten på slutten for Hamas’ styre på Gaza.

Aldri har israelske innbyggjarar på suverent israelsk territorium opplevd noko slikt. Palestinske militante tok kontroll over sivile senter i dagar til endes, og etterlét seg haugar av nedslakta sivilbefolkning. Åtaket rører ved sjølvaste grunnideen til staten Israel, som vart oppretta etter andre verdskrig for å verne jødar. Israel skulle vere ei trygg hamn, slik at jødiske familiar ikkje skulle frykte å verte oppsøkte i heimane sine, dregne ut og slakta eller tvinga bort av væpna uniformerte menn til grufulle lagnader. Det er denne trygge heimen for jødar som for israelarar flest har rettferdiggjort lidingane Israel har utsett palestinarane for. No har Hamas har knust glaskula.

Eit splitta Israel har det siste året krangla om kva Israel skal vere. Truleg forklarer denne splittinga at Hamas har klart å planleggje operasjonen utan at å verte oppdaga av israelske tryggingstenester. Men israelarar er samde om at Israel skal vere. Og no har Hamas samla Israel til krigsfot. Operasjon Jernstorm er sett i verk, lokalval utsette, krigskabinett etablert og 300.000 reservistar mobiliserte. Truleg står ein bakkeinvasjon for døra, for Hamas-rørsla på Gaza må døy i si noverande form. Israel går saman for å nøytralisere faren frå Gaza.

For Hamas og Gaza er tett knytte saman. Gaza vart okkupert av Israel under seksdagars krigen i 1967. Tjue år seinare braut den fyrste intifadaen ut her, og Hamas vart danna. Då Oslo-avtalen i 1994 oppretta palestinsk sjølvstyre på det okkuperte Gaza, stod Hamas sterkt her.

I 2005 fekk Israel nok av Gaza. Då trekte Ariel Sharon ut dei 5000 israelske nybyggjarane frå Gaza, og soldatane som hadde passa på dei. Israel ville kvitte seg med Gaza og bad om at grensa mot Gaza vart anerkjend som «internasjonal grense». Men no sette verdas statar ned foten. Sjølv den amerikanske presidenten George Bush jr. sa nei. Elles ville Israel ha peika på Gaza som «Palestina». Gaza er derimot framleis ein del av det partane skal forhandle om i ei mogeleg løysing som inkluderer Vestbreidda, Jerusalem og Gaza. Her finn vi forklaringa på at Gaza framleis har status som okkupert territorium i folkeretten, sjølv om israelske styrkar dei siste åra berre har stått rundt Gaza.

Og når eit territorium er okkupert, kan okkupasjonsmakta setje i verk blokadar. Då Hamas i 2006 i eit åtak inne i Israel tok den israelske soldaten Gilad Shalit som gissel og førte han attende til Gaza, innførte Israel blokade mot Gaza. Etter at Hamas tok makta på Gaza i 2007, stramma Israel blokaden til. I Palmer-rapporten frå 2011 kom ei uavhengig ekspertgruppe i FN til at blokade var eit lovleg stridsmiddel for okkupasjonsmakta Israel mot Gaza, i den grad dei påreknelege sivile følgjeskadane er proporsjonale med den konkrete militære fordelen. Det gjeld no òg, sjølv om det som skjer denne gongen, er noko heilt anna.

Hamas’ operasjon Al-Aqsa syndfloda vart formelt lansert for å svare på tre dagar med «krenking av islam» frå israelske busetjarar på Al-Aqsa i Jerusalem tidleg i oktober. Her ligg truleg ei anna årsak til at Israel hadde «låge skuldrer» når rakettregnet kom på laurdag. Men operasjonen som Hamas organiserte i ly av rakettane, var av ein heilt ny karakter. Truleg var den òg svært godt planlagd.

Slik det ser ut hadde Hamas to mål. Å drepe så mange som mogeleg i Israel og å ta haugar av gislar attende til Gaza. Rundt 130 gislar fekk angriparane med seg. I 2011 vart gisselen Gilad Shalit utveksla mot 1027 palestinske fangar frå israelske fengsel. Men gislane på Gaza denne gongen skal truleg ikkje tene til utveksling. Dei skal tvinge Israel inn på Gaza og tene Hamas og andre som menneskelege skjold for viktige militære mål under krigen som kjem. Alternativt skal dei gje utvalde personar fritt leide når restane av Hamas forlèt Gaza.

For Hamas har skifta modus operandi. Årsaka er at ein ny orden er i ferd med å setje seg blant dei regionale stormaktene i Midtausten. Iran og Saudi-Arabia har blitt einige om ein slags sameksistens. Ein omfattande normaliseringsavtale mellom Israel, Saudi-Arabia og USA står òg på trappene. Her vil Gaza ikkje ha nokon plass i den noverande forma. Om avtalen kjem i boks utan Gaza, vil truleg handlingsrommet til Hamas skrumpe kraftig inn.

Åtaket kan føre i to ulike retningar. Det kan anten framprovosere så kraftige motreaksjonar frå Israel at fredsprosessen med Saudi-Arabia døyr. Alternativt kan det føre til at Israel med amerikansk hjelp får fjerna Hamas-styret frå Gaza. I så fall er det tre tenkjelege utfall på den komande bakkeinvasjonen av Gaza. 1. Israel riv ned strukturane frå Oslo-avtalen og tek over styringa av Gaza som full okkupasjonsmakt. 2. Israel nøytraliserer Hamas på Gaza og overlèt styringa her til dei palestinske sjølvstyremaktene på Vestbreidda. 3. Israel overlèt styringa av Gaza til ein tredjepart, til dømes eit samarbeid mellom regionale statar som Egypt og Saudi-Arabia, med FNs tryggingsråd i ryggen.

Dei dårlege nyhenda er at Hamas truleg har førebudd seg på bakkeinvasjon. Det vil gjere ein slik operasjon svært farleg for Israel, og derfor òg uvanleg brutal. Samstundes er dei gode nyhenda at Iran truleg ikkje er implisert i åtaket på Israel. Det gjer at ekskaleringsfaren er mykje lågare. Ei veke før Hamas’ åtak uttala Bidens tryggingsrådgjevar Jake Sullivan at Midtausten no er mindre farleg enn på to tiår. Då tala han om faren for eskalering mellom regionale stormakter. Den komande krigen på Gaza vil verte testen på om analysen står seg og denne nye ordenen i regionen held.

Samstundes er det truleg den same nye ordenen som ligg bak Hamas’ åtak. I det nye Midtausten som no teiknar seg, har nemleg Hamas få vener. Og dei store ikkje-statlege militante organisasjonane som har vakse seg sterke gjennom tolv år med krig og uro i heile Midtausten, som PKK, HTS, Hizbollah og Hamas sjølv, skal truleg vengjeklippast.

Om det er denne analysen Hamas har lagt til grunn, kan åtaket på Israel vere dei palestinske organisasjonane Hamas og Islamsk jihad sin måte å føregripe det som kjem på. Då er åtaket eit kontrollert sjølvdrap for å kunne gjenoppstå i ei ny form, i eit nytt Midtausten, teikna med blodet til israelarar og palestinarar.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett, og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis