JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ein klovn til å gråte av

Atle Antonsen har fått eit eineståande gjennombrot i media dei siste vekene, men det er ingen grunn til å gratulera.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5120
20221125
5120
20221125

Den dårlege fyllespøken hans har ikkje berre sjokkert Sumaya Jirde Ali, som han gjekk ut over, og hans eigne venner – men også Antonsen sjølv.

Det er også nokre skremmande trekk ved hendinga. Ikkje minst dette at ein mann som opplagt ikkje har sympati for rasisme og stygg behandling av mørkhuda, faktisk har det i seg å praktisera nettopp dette. Det kastar ein skugge innover fleire enn Antonsen.

Antirasistar har lenge hevda at rasismen kan visa seg slik. Den er så å seia ein sjølvstendig aktør, ein faktor som ligg på lur i samfunnet, og som i visse situasjonar overlistar og brukar folk som er antirasistar, til rasisme. Det finst eit slags kollektivt undermedvit som rommar farlege element, og som også velmeinande menneske kan snubla inn i.

Veit for lite

Og då hjelper det lite å seia at det ikkje var slik meint. Det er eit argument som avslører at ein veit for lite om kva det inneber å vera ein etnisk minoritet, og få slengt skitprat etter seg frå ein lærer å snakka. For den som er offer for dette, er det ikkje intensjonen med skitpratet som er viktig, det er sjølve utsegna.

Dette må også humorbransjen tenkja gjennom. Dei leikar jo heile tida med fordommar og vrangførestillingar, men brått kan fordommane overstyra humoristen, og han formidlar ting han ikkje er klar over.

I den store straumen av kommentarar til denne hendinga har eg festa meg ved ein refleksjon frå medieprofessoren Jostein Gripsrud. I ein kommentar på Facebook skriv han at allereie Platon merka seg at noko av populariteten til komedien hang saman med gleda over andres ulykke. Det er eit synspunkt som dukkar opp att i ein replikk hos Samuel Beckett: Ingen ting er så morosamt som ulykka, seier ein av aktørane i Sluttspel. Gripsrud relaterer dette både til si eiga sjukdomshistorie (han brakk nakken som ung mann) og til sitt faglege arbeid. Lytehumor er ikkje så gøy for den som har ein handikap, men den gode låtten kan også ha ein forløysande effekt. Det aggressive – og frigjerande – i humoren er eit tema i avhandlinga hans om folkeleg teater, Folkeopplysningens dialektikk.

Humorens potensial for aggresjon er eit tema som er større enn Antonsens tåpelege feiltrinn. Og det er ei innsikt som humorbransjen i større grad må ta innover seg og diskutera. Det handlar ikkje om at ein skal innføra sensur, i Putin og Erdogans ånd. Men det handlar om å tenkja gjennom sluttsatsen i den presseetiske plakaten: «Ord og bilete er mektige våpen. Misbruk dei ikkje!»

Urørlege

Humoren har ei slags privilegert stilling hos oss. Ikkje berre blir vellukka humoristar eit slags samfunnsorakel, som blir spurt til råds om alle slags kompliserte spørsmål. Dei er også langt på veg urørlege. Å ta til motmæle mot humor er nesten uråd. Du kan koma til orde, men i nesten alle tilfelle får du latteren og dermed publikum mot deg. Med ein slik status blir sjølvrefleksjonen hos humoristane endå viktigare. Få redaktørar har eit gjennomslag som kan samanliknast med Harald Eia, Atle Antonsen eller Bård Tufte Johansen sitt.

Humor og komedie vil alltid gjera dumme ting til latter. Gjennom parodiar og poengterte overdrivingar får ein fram det komiske i lastene våre og den manglande sjølvinnsikta vår. Den innbilt sjuke og den innbilte politiske frelsaren er ikkje figurar frå Holbergs tid, dei er våre samtidige. Og ingen har vel fortent humorens syrebad betre enn politiske sjarlatanar. Det engelskmenn kallar comedy of manners, er eit umisteleg korrektiv.

Men når blir humor mobbing, og når er det rett å leggja band på seg? Gripsruds antikke referanse er nyttig som målestokk. Når gleda over andres ulykke blir eit dominerande motiv, bør det ringe ei bjølle. Som kontrast til dette, set Gripsrud opp ei anna side ved den antikke komedien: Feiringa av livet. Komedien endar jo tradisjonelt med festen, bryllaupet, feiringa av lyst og glede.

Kan kombinerast

God humor kan kombinera dette: ein skarp sans for det latterlege i sjølvhøgtidleg og innsiktslaus framferd – og ein kjærleik til dei komiske figurane, som balanserer det latterlege. Det finst det gode eksempel på, før humoren fekk det beiske og hardslåande preget som dominerer no. Eit døme er Trond Viggos «fem på gaten», med uforliknelege figurar som Pensjonisten, Jåla, Sosionomen og den matglade og syngjande Skotten. Alle figurar som parodierer tåpelege trekk i menneskeleg liv, men alle omgitte av ein stor fascinasjon og varme frå han som skapte figurane.

Denne balansen kan det sjå ut som ein del nyare humor har tapt. Humor er å seia ting som er for frekke, ubehagelege og uanstendige til å framføra i vanlege settingar. Dette er ein trend vi ser hos ein serie komikarar.

Men det kan altså vippa over. Sjikanen som var humoristisk, blei sadistisk.

Vi som publikum bør protestera når det skjer. Men det er berre éi gruppe som kan rydde opp i dette, og det er humoristane sjølv.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Men når blir humor mobbing, og når er det rett å leggja band på seg?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Per Anders Todal

Tore Pryser har skrive boka "Samarbeid, tilpasning og motstand. Mer svik og gråsoner". Delar av innhaldet vekkjer debatt.

Foto via Wikimedia Commons

Ordskifte
Bjørn Skåret

Tore Pryser og Reidar Hedemann

Tore Pryser gjev nytt liv til ei «ikkje-sak» i boka Samarbeid, tilpasning og motstand.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Erlend Skjetne er frå Melhus og arbeider med norskopplæring for innvandrarar, i tillegg tl å vere forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Foto: Leikny Havik Skjærseth

BokMeldingar
Kjetil Berthelsen

Med lånt lyre

Erlend Skjetne går i nærsynt dialog med Olav Nygard i Liv, eg har drukke.

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis