JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Humor er alvorleg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1808
20230106
1808
20230106

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Humor

Humor er eit kraftig våpen, fordi dette maktmiddelet slår inn i breie målgrupper landet rundt – med uthenging av einskildmenneske og minoritetar, antisemittisme, sjikane og fælsleg språkbruk – samstundes som kritikarane blir avvæpna. Kvar gong nokon går over streken og einkvan ute i samfunnet kjem med kritikk, høyrer me omkvedet: «Vi mente det ikke bokstavelig, det var jo bare satire, og det bør man jo tåle…»

Lars Kolbeinstveit likar tydelegvis ikkje at professor Jan Inge Sørbø og underteikna har våre tankar om tvilsam kvalitet i dagens humorutvikling. I ein lett doserande stil forklarar han at folk har ulik smak, og det er det.

Sjølv dreg han overraskande fram showet til komikarparet Tusvik og Tønne. Det er ikkje måte på kva for menneskeleg klokskap han tolkar ut frå aktørane. Langt på veg opphøgjer han Tusvik til ein ruvande konservativ talsperson for truskap og familie.

Eg veit ikkje kor langt Kolbeinstveit har samvit til å strekkje den liberale syltestrikken sin, etter at seriøse presseorgan har omtalt TT-showet. Eg har ikkje sett det enno, er førebels berre informert om nokre av verkemidla: stygge spark, vrenging av privatliv, uthenging av ein sambuar, store dosar verbal «fitte» og med eigne vagina- og analopningar utbretta på storskjerm. Dette er liberalt og festleg, og eg er verkeleg spent på kor vidt det åndelege utbytet tilsvarar billettprisen.

Eg er samd i at humor er eit manggreint fenomen, frå Nytt på Nytt og standup til folkeleg litteratur og gode skrøner under elgjakta. Gjennomgåande er det komikk og frigjerande latter me søkjer. Helst godlynt, ikkje menneskefiendtleg.

Filosofen Kolbeinstveit har difor rett i ein ting: Kritikarane Sørbø og Berg er mest glade i humor dei sjølve likar!

Hallgrim Berg er forfattar og kulturist.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis