JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Humor på ville vegar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2179
20221209
2179
20221209

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Humor

Treng ein ikkje lenger vera morosam for å kalle seg komikar?

Den «nye» humoren, som Jan Inge Sørbø skriv så forvitneleg om i Dag og Tid 25. november, er ikkje allment morosam, men er blitt redusert til kjendiseri og urban kodesjargong. Dagens humor er å seia ting som er for frekke, ubehagelege og uanstendige til å framføra i vanlege settingar. «Sjikanen som før var humoristisk, er blitt sadistisk», seier professoren.

Humor er eit kraftig våpen, fordi dette verkemiddelet slår inn i breie målgrupper, samstundes som kritikarane blir avvæpna. Kvar gong nokon går over streken og einkvan i samfunnet kjem med kritikk, høyrer me omkvedet: «Vi mente det jo ikke bokstavelig, det var jo bare satire, og det bør man jo tåle…»

Slik utspekulert, sjølvdefinert ytringsfridom er perfekt for den og dei som i samspel vil fremja karriere, bankkonto og høge sjåartal. Dersom ein samstundes kan påverke opinionen og haldningar mot hevdvunne institusjonar og verdiar, dess betre? Kan ein såre eller øydeleggja utvalde menneske, vanære heilage symbol, gjera seg morosam på andre sin kostnad, drive politikk og sjølv gå skotfri ved å innføre ein spesialetikk for si eiga yrkesgruppe, er visst alt i orden.

Kontrollspørsmål om innhald: Sunn satire eller sjeleleg sadisme?

Frå vår folkelege synsstad var Wesenlund morosam og til allmenn glede. Nytt på nytt er tidvis morosamt, har ikkje lenger så eintydig venstreradikal vinkling, deltakarane ser mindre på dei utleverte strekpunkta og «improviserer» sjølve. Den artige gjengen i Side om side driv situasjonskomikk, til allmenn humring og ingen til skade. Sigrid Bonde Tusvik er, stikk motsett, truleg til samfunnsskade når ho får flåse i veg mot «mørkemenn» eller med openlys antisemittisme. «De jobber jo hundre prosent med å drepe palestinerne», sa ho i ei sending på Nytt på nytt. Det sårar mange. På same vis som då Otto Jespersen i si tid gjorde narr av menneske med fysiske og psykiske lyte, eller då han på gata i Ålesund sette fyr på Bibelen og etterpå nekta for at han hadde gjort det («det var da bare gamletestamentet!»).

Eg meiner som før: Humoren skal vera hjarteleg, ikkje hjartelaus!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis