JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KlimaSamfunn

Ein grøn morgon, men ikkje i dag

Den grøne vendinga er framtida, og det ser ho ut til alltid å vera.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vi står, så sant verdsøkonomien ikkje kollapsar heilt, framfor mange år med høge energiprisar, skal vi tru Cembalest. Rapporten har fått den talande undertittelen «The Elephants in the Room».

15024
20220701

Bakgrunn

J.P Morgan Asset Management, som forvaltar 2,6 billionar dollar, gjev kvart år ut ein energi- og klimarapport.

I år konsentrerer J.P Morgan seg særleg om hydrogen.

Grøn hydrogen har ikkje utslepp å snakka om, men per i dag finst det knapt infrastruktur til å laga, transportera og nytta grøn hydrogen.

Klima

jon@dagogtid.no

Det er vel berre naturleg at klimatiltak har hamna i baksetet slik verda er no. Når folk står i fare for ikkje å få straum og oppvarming til vinteren, er dei meir urolege for det enn for ei varmare verd nokre tiår fram i tid.

Signala er tydelege: EU-land etter EU-land gjenopnar no kolkraftverk, EU bed Noreg om å halda fram med å leita etter olje og gass og å halda oppe produksjonen etter 2030. På G7-møtet i Alpane førre helg pressa Tyskland hardt på for å få oppheva dei planlagde restriksjonane på utanlandsinvesteringar i olje og gass. I tillegg har Tyskland og Nederland for fyrste gong på mange år inngått ein avtale om atter å bora etter gass i Nordsjøen.

Men sjølv om den politiske leiinga i både EU og USA ivrar etter å finna nye felt og få olje- og gassindustrien til å investera mykje meir, forsvinn ikkje klimaproblema. Éi næring som er fullt ut klar over dette, er finansnæringa, som, trist nok for ein journalist, leverer dei beste og mest forståelege analysane om kva som må til, dersom klimaendringane skal om ikkje stoggast, så reduserast til to grader.

J.P. Morgan

Den kanskje mest respekterte klima- og energianalysen kvart år er det Michael Cembalest i J.P Morgan Asset Management som står bak. Nei, han skriv sjølvsagt ikkje åleine, finansnæringa har store kunnskapsressursar, men Cembalest, som er leiar for ei avdeling som forvaltar 2600 milliardar dollar, står som forfattar. I tolv år no har han fortalt kundane til J.P Morgans formuesforvalting kva som skjer og kva som mest truleg kjem til skje på klima- og energifeltet.

Rapporten vert publisert kvar vår, og i år konsentrerer Cembalest seg om særleg hydrogenøkonomien, «som det er mange år att før tek av». Men fyrst går han gjennom den meir generelle stoda innanfor klimafeltet og energiinvesteringar. Vi står, så sant verdsøkonomien ikkje kollapsar heilt, framfor mange år med høge energiprisar, skal vi tru Cembalest. Rapporten har fått den talande undertittelen «The Elephants in the Room», og elefantane i rommet er altså det vi ikkje er viljuge til å tala om. Eller som Wittgenstein sa: «Det vi ikkje kan tala om, må vi teia om.»

Langt igjen

Rapporten opnar med to hovudkonklusjonar mange av oss ikkje vil høyra, og her lyt vi hugsa at det stort sett berre er dei nordiske landa som nyttar straum til oppvarming og industriprosessar: «Avkarbonisering av kraftproduksjon har byrja, men avkarbonisering av industriproduksjon, transport og oppvarming ligg langt etter», og «land som reduserer produksjonen av fossile brennstoff i den trua at dei snøgt kan erstattast, står overfor ein substansiell økonomisk og geopolitisk risiko».

Men noko som er positivt, er at karbonintensiteten berre går éin veg globalt, ned. Om vi tek utgangspunkt i kor mykje CO2 som vert sleppt ut per 1000 2020-dollar skapt i verdiar, var det 0,55 tonn i 1965. I 2020 var det same talet 0,25 tonn. Men den positive utviklinga har ei bakside. For sjølv om den absolutte prisen på fossile kjelder går opp, går den relative prisen ned.

Når ein moderne Ford Fiesta nyttar 0,33 liter diesel på mila, er ikkje ein literpris på 27 kroner altfor skremmande. I takt med at vi og teknologiane vert meir effektive, kan vi brenna stadig meir av fossilt brennstoff, av di det i røynda vert billigare. I 1965 sleppte verda om lag 12 milliardar tonn CO2 ut i atmosfæren. No er talet om lag 35 milliardar tonn. Trøysta får vera at sjølv om utsleppa har vorte tredobla, har verdas folketal gått opp 2,3 gonger, mykje på grunn av ein mykje meir effektiv bruk av fossile kjelder. Både absolutt og relativt lever langt færre no i djup fattigdom samanlikna med i 1965.

Import frå Russland

Er det noko teikn til at utsleppa kjem til å verta reduserte i framtida? Ja. Standard & Poor har ein indeks for dei 1200 største børsnoterte energiselskapa i verda. Desse selskapa har oppført seg etisk og klimavenleg etter Parisavtalen i 2015. Sidan då har dei gått frå å investera 400 milliardar dollar globalt i fossilt brennstoff per år til 150 milliardar dollar i 2021.

Forbruket av fossilt brennstoff, derimot, er høgre enn i 2015. Om ikkje investeringane kjem opp att, står verdsøkonomien framfor stor energifattigdom. Den relativt største nedgangen står truleg Europa framføre. Her har vi redusert produksjonen, men ikkje forbruket.

Vi kan byrja i 1980. Då produserte Europa minus Russland gass og olje tilsvarande 6 millionar fat oljeekvivalentar per dag. Samstundes importerte Europa knappe 2 millionar fat frå Russland. Ikkje på eit einaste tidspunkt har Russland før i vår brote eksportkontraktar dei har inngått med vestlege land.

Frå 1980 og fram til 2002 auka Europa produksjonen av olje og gass. Produksjonen kom opp i nesten 12 millionar fat oljeekvivalentar per dag. Men han vart ikkje nytta til å gjera EU uavhengig av Russland. I 2000 var importen frå Russland komen opp i 4 millionar fat oljeekvivalentar. Så fann Europa altså ut at dei skulle verta grøne og byrja å redusera investeringane. I 2021 produserte Europa 6 millionar fat olje og gass, medan importen frå Russland var komen opp i det same, 6 millionar.

Om vi tek med kol i tillegg til olje og gass, importerte Europa minus Russland 600 millionar tonn oljeekvivalentar på midten av 1980-talet, i 2019 nesten 1000 millionar tonn. Russland har gått frå å eksportera 300 millionar tonn i same perioden til å eksportera nesten 800 millionar tonn. USA på si side har dei siste 20 åra gått frå å vera nesten like avhengig av import som EU, til i dag å verta ein nettoeksportør av fossilt brennstoff.

Dyr straum, ja

Endringane gjev seg utslag i prisar. Den gjennomsnittlege prisen på straum i spotmarknaden 3. mai i år var 235 dollar per MWh i Tyskland, Frankrike og Spania. I USA var prisen 50 dollar. Same dag var gassprisen fire gonger så høg i EU som i USA. I skrivande stund er gassprisen seks gonger så høg i EU.

Dette var det meir generelle biletet. Lat oss sjå på løysingane, som er CO2-lagring, vind, sol, batteri, straumnett og hydrogen. Alle løysingane byggjer på det store ynsket om å elektrifisera verdas energibruk. Så langt har det gått dårleg. «Gjennom dei siste 20 åra har straum som del av den totale energibruken gått opp med berre 2­–3 prosent i dei fleste land, ei særs låg endringsrate.»

Her høyrer det med at den absolutte energibruken har gått opp. Berre mellom 2010 og 2020 gjekk Kinas bruk av primærenergi opp med 40 prosent, brorparten i form av kol. Og sjølv om Kina produserer det meste av kolet sjølv, har importen av kol, gass og olje gått frå null millionar tonn oljeekvivalentar i 2000 til over 600 millionar tonn i 2020.

I røynda er ikkje den store og planlagde elektrifiseringa komen i gang anna enn i Norden, konkluderer Cembalest: «Hugs: svært mykje av det du les frå energifuturistar, er tekniske planar for ei verd som så langt ikkje har synt seg mogleg.»

Lagring? Nja

Lagring av CO2 vert også dyrt. USA fangar i dag 1,2 milliardar kubikkmeter med CO2 som dei lagrar. Skal USA fanga og lagra 15 til 20 prosent av utsleppa, må dei byggja opp ein infrastruktur større enn den dei nytta på dei 858 milliardar kubikkmetrane med olje dei pumpa opp i 2019. «Det er svært mykje infrastruktur som ikkje eksisterer», skriv Cembalest.

For å få til elektrifisering i framtida treng vi i alle høve myke meir kraftnett. Av dei store økonomiske områda er det USA som har dei beste føresetnadene, dette er trass alt ein rik føderalstat. Men det går feil veg. Miljøvernarar og dei som eventuelt skal få nytt kraftnett i området sitt eller i nærleiken, vil ikkje ha det. Nettet er alt overlasta. I 2000 opplevde kundane i USA om lag 25 nettforstyrringar per år, i 2021 nær 400.

Veksten i kraftnett var 2 prosent per år frå 1978 og fram til om lag 2015, no er han komen ned i 1 prosent. Særleg demokratane har gjennom åra laga miljøreglar som gjer at rettssystemet kan stogga alt nytt nett. Di meir demokratane dominerer i ein delstat, di mindre nytt nett. Til dømes kan Canada levera store mengder rein straum til delstatane i nordaust, det mest progressive området i USA, men ingen av dei planlagde grenseprosjekta har vorte gjennomførte.

Null vekst?

USA treng ti gonger så mykje kraftnett som no fram mot 2050, skal landet verte fullelektrifisert, men veksten går mot null. Det står sju gonger så mange solprosjekt i kø for å koma på nett som det er kapasitet i nettet. For gass er det motsett. USA kan auka gassproduksjonen og samstundes få han fram til marknaden. Di meir olje og gass ein stat har, di meir republikansk er staten.

Stoda er ikkje mykje betre i EU. Den tyske grøne vendinga skulle føra til 5061 kilometer med nytt nett fram til 2020. Resultatet vart 913 kilometer.

Kva med elektriske bilar? I 2030, om elektriske personbilar globalt skal passera 10 prosent av alle personbilar på vegane, og tyngre køyrety koma opp i 3 prosent, må den globale produksjonen av battericeller auka med mellom 10 og 20 gonger mellom 2020 og 2030.

Hydrogen?

Så til hydrogen, som både Noreg og EU seier dei skal satsa stort på. Planen er at hydrogen skal erstatta både naturgass nytta til industriprosessar, olje nytta til transport og gass og kol i straumproduksjon. Hydrogenet skal lagast av overskotsproduksjon frå vind og sol, såkalla grøn hydrogen, eller frå naturgass kombinert med CO2-lagring, såkalla blå hydrogen.

Det har vore mykje optimisme rundt hydrogen. Kjøpte du våren 2020 aksjar i selskap som sa at dei skulle satsa på hydrogen, kunne du 1. januar i år ha selt aksjane med meir enn 400 prosent vinst. Etterpå har slike aksjar gått rett ned. Det er mogleg at hydrogen vert ein revolusjon, men den revolusjonen har ikkje byrja.

Berre 2 prosent av verdas primærenergiproduksjon går i dag til hydrogen, og han vert nytta til kunstgjødselproduksjon og til å reinska svovel ut av olje. 99 prosent kjem frå fossile kjelder, i hovudsak gass. Knapt 1 prosent kjem frå elektrolyse basert på fornyelege kjelder. Ingen har byrja den produksjonen som EU til dømes seier dei skal få til innan 2030 for å nå Fit for 55, EUs klimapakke.

Vona er lyseblå

Lat oss fyrst sjå på blå hydrogen. 30 prosent av energien går tapt i konverteringa, så skal ein fange CO2-en, men å nå 100 prosent fangst er i praksis umogleg. Deretter må ein nytta store mengder energi for å pumpa CO2-en ned i grunnen, og slik held det fram.

Cembalest siterer Robert Howarth ved Cornell University i USA, ein mann som har 76.325 siteringar i Google Scholar. Howarth seier at blå hydrogen har 20 prosent høgre klimautslepp enn det å brenna gass direkte har. I tillegg kjem altså enorme kostnader ved å byggja opp fangst og lagring av CO2. I Vesten har ei rekkje slike anlegg vorte nedlagde dei siste ti åra. Det gjekk ikkje. Ein del av oss hugsar korleis det gjekk på Mongstad.

Då sit vi att med grøn hydrogen, som verda fram til no knapt har laga. I Europa i dag er 1,5 GW-kapasitet under konstruksjon. Til samanlikning har Noreg installert 48 GW i effekt i kraftproduksjonen. Om vi legg til den elektrolysekapasiteten som ikkje er byrja på, men som visstnok er planlagd, kjem vi opp i 40 GW i kapasitet. Om denne produksjonen går døgeret rundt, svarar det til 6 millionar tonn grøn hydrogen.

Svovelpredikant

Dersom grøn hydrogen vert nytta i oljeraffineri for å få bort svovel, vil det redusera utsleppa frå EU med 2,5 prosent. Vert produksjonen i staden nytta til transport, er reduksjonen mykje mindre, av di særs mykje av energien går tapt når han skal gå til brenselceller og framdrift.

Eit anna spørsmål er kvar den grøne energien skal koma frå. Sidan 2010 har Europa auka produksjon av fornyeleg straum med 38 TWh per år. Om vi seier at det same skjer fram mot 2030, har Europa nye 380 TWh. Denne produksjonen er planlagd å koma som erstatning for kol, gass og nedlagd atomkraft. «Eg kan ikkje sjå kvar all denne nye hydrogenbaserte produksjonen på basis av sol og vind skal koma frå», skriv Cembalest. «Om ny fornyeleg kraftproduksjon primært skal nyttast til hydrogen, kvar skjer med avkarboniseringa av nettet?»

Segling

Kor stor utfordringa med hydrogen er, eller med batteri, for den del, kan illustrerast med segling over langdistanse. Om Mærsks Triple-E-klasse-containerskip skal utstyrast med batteri, må 40 prosent av lastekapasiteten nyttast til batteri. Det går ikkje. Om Mærsk i staden satsar på hydrogen, som er særs eksplosivt, vert mellom anna tryggingsutfordingane særs høge. Ein trygg infrastruktur til ukjende kostnader må byggjast opp globalt. I tillegg krev vanleg hydrogen særs store tankar. Om ein i staden nyttar flytande hydrogen, som treng temperaturar på minus 258 grader, må mykje av energien gå til å produsera kulde.

Då står vi att med ammoniakk, som på eit vis er lovande, og som er under utvikling i ei rekkje land. Ja, seier Cembalest, det kan gå. Men då må verda finna endå meir fornyeleg energi. Skal ammoniakk lagast av grønt hydrogen og verte konvertert til framdrift på skip, sit ein att med ein stad mellom 11 og 19 prosent av den opphavlege energien.

Så er det dette at tradisjonell elektrolyse er basert på at produksjonen går 24 timar i døgeret. Korleis ein skal få til produksjon på basis av sol og vind som kjem og går, er alt anna enn klart. Det vert i alle høve dyrt.

Ozonlaget

Lista over hydrogenproblem som Cembalest ramsar opp frå, er lang, men det som kanskje er mest urovekkjande, er at hydrogen er den lettaste gassen vi har. Å hindra lekkasjar er dimed dyrt og vanskeleg, og utsleppa er på veg opp. Hydrogen øydelegg ozonlaget. «Svekking av ozonlaget fører snøggare til miljøproblem enn global oppvarming gjer.» Cembalest er redd for at hydrogen i framtida kjem til å verta det hydrogen var i fortida, nemleg framtida. Som Science skreiv i 1972: «Hydrogenøkonomien: eit praktisk svar på energiforsyning og ureining.»

Men vi er kanskje på rett veg i alle høve. Om investeringane i olje og gass ikkje snart tek seg opp att, går verda tom for båe delar innan 2050. Eit anna positivt moment er at Kina ser ut til å tru på den grøne vendinga, sjølv om dei held fram med å investera i kol.

I 2019 stod Kina for 63 prosent av solcelleproduksjonen, og dei hadde 46 prosent av all planlagd vindkraft i ordrebøkene. I 2021 stod dei for 79 prosent av produksjonskapasiteten av litiumbatteri, det same som raffinerings- og prosesseringskapasiteten av minerala som gjekk med i batteriproduksjon til elbilar, i tillegg kom 85 prosent av anode- og katodeproduksjonen til dei same elbilane.

Men diverre er så godt som heile produksjonen basert på fossile kjelder, særleg kol.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Eg kan ikkje sjå kvar all denne nye hydrogenbaserte produk­sjonen på basis av sol og vind skal koma frå.»

Michael Cembalest, J.P. Morgan

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis