– Feil retning for ytringsfridomen
Ytringsfridomskommisjonsmedlem Anki Gerhardsen meiner koronapandemien har synt at den demokratiske refleksen i befolkninga er urovekkjande svak.
– Det uroar meg at det opne offentlege ordskiftet verkar å vere skumlare å gå inn i for mange, seier Anki Gerhardsen.
Foto: Eva Aalberg Undheim
Samtalen
Anki Gerhardsen
Mediekritikar og medlem av Ytringsfridomskommisjonen
Aktuell
Status for ytringsfridomen

eva@dagogtid.no
Grunnleggjande prinsipp om openheit, folkestyre og politisk kontroll er ifølgje juristar no under press som følgje av nye reglar og praksis innført under pandemien. Media har ukritisk byrja heie på tiltak og hausse opp koronatala, meiner ein kommentator i Stavanger Aftenblad.
Korleis står det til med vilkåra for opplyst og kritisk samfunnsdebatt ved utgangen av andre året med restriksjonar og unntakstilstand? Dag og Tid spør mediekritikar og medlem av Ytringsfridomskommisjonen, Anki Gerhardsen, som alt ved starten av 2021 meinte vi hadde eit underskot på gravande koronajournalistikk.
– Eg synest vilkåra er betre enn tidlegare. Det er meir kritisk journalistikk og fleire artiklar som stiller spørsmål ved pandemihandteringa. Men det som har vore eit grunnleggjande problem for pressa heilt sidan mars 2020, er tabuet det er å diskutere om det at svært gamle menneske døyr, er det verste vi kan førestille oss. Det gjer det òg krevjande å gå djupt inn i dei store skadeverknadene av koronatiltaka, for det vert oppfatta som å vippe mot det inhumane.
– Kva for skadeverknader burde vi hatt meir debatt om?
– Då tenkjer eg på den store auken i talet på personar som ber om hjelp i psykiatrien, auken i overgrepstala og fattigdomsaspektet, til dømes. Generelt synest eg ikkje pressa i tilstrekkeleg grad har vore på dei svakaste si side, og det er dei som betalar for det vi med eit misvisande omgrep kallar dugnad. Eg saknar òg ein kritisk diskusjon rundt vaksinemotstandarane. Dei har vorte sett som tullingar og idiotar.
– Ja, dei har fått ein del merksemd i det siste. Har det vorte vanskelegare å ha avvikande meiningar?
– Det har vore vanskeleg heile vegen. Er du skeptisk til vaksinar, samstundes som du har behov for å distansere deg frå konspirasjonsteoretikarane, har du ikkje stort rom for å uttale deg. Det finst jo legitime grunnar til å vere skeptisk til vaksinen. Denne veka vart det til dømes kjent at rundt 15 prosent av unge kvinner har opplevd blødingsendringar etter vaksinen. Då bør ein kunne spørje om vaksinen kan påverke reproduksjonen.
– Fleire juristar meiner grunnleggjande prinsipp om openheit, folkestyre og politisk kontroll er under press som følgje av pandemihandteringa. Deler du uroa?
– Eg synest det er urovekkjande å sjå at den demokratiske refleksen i befolkninga er så svak. Det kan vi sjå tendensar til både her og der. Det er lågare medvitsnivå og kunnskap om grunnsøylene i eit demokratisk samfunn. Vi er ikkje drilla i å tenkje prinsipielt, og difor protesterer vi heller ikkje. Vi har heller ikkje nok debatt om kva det er vi gjev frå oss i handteringa av pandemien.
– Kva kjem det av?
– Kanskje kjem det av at vi har så høg tillit til styresmaktene. Det styresmaktene seier, er til det beste for helsa vår, det godtek vi i stor grad.
– Korleis er det med ytringsfridomen generelt, har han betre eller dårlegare vilkår no enn tidlegare?
– Den formelle ytringsfridomen står sterkt, men ytringskulturen og haldningane til ytringsfridomen er i endring, og der synest eg vi ser fleire piler som peikar i feil retning. Det gjeld òg i global samanheng. Det er både færre demokrati og dårlegare vilkår for demokratiet i dag enn for få år sidan.
– Kva for piler går i feil retning for ytringsfridomen?
– Ei undersøking i Aftenposten har synt at samanlikna med tal frå 2015 meiner dobbelt så mange unge i dag at ytringar som kan opplevast som krenkande for nokon, ikkje bør framførast offentleg. Viljen til å forsvare ytringar som kan opplevast som krenkande, har gått ned i heile befolkninga, men særleg blant unge. I UNG2022-undersøkinga til Opinion svarar halvparten at omsynet til kva som er politisk korrekt, hindrar dei i å seie kva dei meiner. Eg trur ikkje det handlar om at det dei vil seie er krenkande, men at høvet til å diskutere fenomen ope i samfunnet er mindre. Det uroar meg òg at det opne offentlege ordskiftet verkar å vere skumlare å gå inn i for mange.
– Kvar er ytringsfridomen under sterkast press?
– Der dei reelle vilkåra for ytringsfridom står svakast, er i arbeidslivet, altså når det gjeld kva enkeltpersonar kan seie offentleg, både om forhold på arbeidsplassen, om faglege saker og som fri deltakar i det offentlege ordskiftet. Mange arbeidsgjevarar, både i det offentlege og det private, legg stor vekt på omdøme. Dei grip stadig vekk direkte inn i ytringsfridomen til den enkelte, og det er alvorleg. Det har vi òg sett litt av i arbeidet i Ytringsfridomskommisjonen.
– Ser du ingen lyspunkt?
– Jau, det er bra at vi faktisk diskuterer ytringsfridom. Det er nedsett ein ytringsfridomskommisjon og eit utval som ser på akademisk ytringsfridom, og det er mange som er merksame på at vi må passe på. Det kan føre inn på ein betre veg enn den vi er på no.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi er ikkje
drilla i å tenkje prinsipielt.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.