JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

­– Dei planlegg å gjere slutt på oss ein gong for alle

Utdrag frå president Vladimir Putins tale til nasjonalforsamlinga i Moskva 21. februar 2023:

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Vladimir Putin heldt den årlege talen til nasjonalforsamlinga 21. februar 2023. Talen vart halden i Gostiny Dvor.

SPUTNIK

14350
20230224

Bakgrunn

Dag og Tid legg vekt på å formidla korleis russiske medium og president Vladimir Putin skildrar og talar om krigen i Ukraina. På denne måten kan vi få innsikt i kva for informasjon og synspunkt det russiske folket får servert.

I dag trykkjer vi eit sterkt nedkorta utdrag av talen til president Putin tysdag denne veka. Vi har lagt vekt på det han sa om krigen og tilhøvet til Vesten og Nato. Vi har ikkje markert kvar vi har kutta i teksten. Det som ikkje er med, er blant anna takkehelsingar til det russiske folket for heltemodig innsats, at styresmaktene vil støtta dei som har mista sine kjære, om den russiske økonomien (som han meiner går godt), om militær opprusting, om nye ruter til India, Iran, Pakistan og Midtausten og om ein ny global økonomisk marknad.

Svein Gjerdåker, ansvarleg redaktør i Dag og Tid

« Denne presidenttalen kjem, som vi alle veit, i ein vanskeleg og avgjerande periode for landet vårt. For eit år sidan, for å verne folket i våre historiske landområde, for å sikre tryggleiken til landet vårt og eliminere trugsmålet frå det nynazistiske regimet som hadde teke makta i Ukraina etter kuppet i 2014, vart det bestemt å setje i gang den militære spesialoperasjonen. Steg for steg, grundig og konsekvent, vil vi ta oss av dei oppgåvene som ligg framfor oss.

Sidan 2014 har folket i Donbass slåst for retten til å leve i landet sitt og tale morsmålet sitt. Dei slost og gav aldri opp – under blokade, konstant bombing og det openberre hatet frå regimet i Kiev. Dei vona og venta at Russland ville kome til hjelp.

I mellomtida, som de kjenner godt til, gjorde vi alt som stod i vår makt for å løyse problemet med fredelege middel og tolmodige samtalar om ei fredeleg løysing på denne øydeleggjande konflikten.

Denne skremmande bruken av løgn har vore prøvd og testa mange gonger tidlegare. Dei oppførte seg nett like skamlaust da dei øydela Jugoslavia, Irak, Libya og Syria. Dei vil aldri klare å vaske av seg denne skamma. Omgrepa ære, tillit og anstendigheit gjeld ikkje for dei.

Gjennom lange hundreår med kolonialisme, dominans og hegemoni vart dei vande med å få lov til alt, vart vande med å spytte på heile verda. Det har synt seg at dei handsamar folk i sine eigne land med den same forakta, som herre og meister. Når alt kjem til alt, laug dei kynisk til dei òg, narra dei med store forteljingar om arbeidet for fred, om å halde seg til Tryggingsrådets resolusjonar om Donbass. Dei vestlege elitane har sanneleg blitt eit symbol på totale, prinsipplause løgner.

Vi forsvarer fullt og fast interessene våre så vel som trua på at i dagens verd burde det ikkje vere noka splitting mellom såkalla siviliserte land og resten, og at det er eit behov for ærleg partnarskap som avviser all eksklusivitet, særleg ein aggressiv eksklusivitet.

Vi var opne og oppriktig klare for å ha ein konstruktiv dialog med Vesten. Men som svar fekk vi anten ein uklar eller ein hyklersk reaksjon, når det gjaldt ord. Men der var handlingar òg: Natos ekspansjon til grensene våre, nye område for utplassering av missilforsvar i Europa og Asia – dei bestemte seg for å verne seg mot oss under ein «paraply» – og utplassering av militære kontingentar, og ikkje berre nær grensene til Russland.

Eg vil gjerne streke under – dette er faktisk velkjent – at ingen andre land har så mange militære basar i utlandet som USA. Det er hundrevis av dei – eg vil poengtere dette – hundrevis av basar over heile verda: Planeten er dekt av dei, og eitt blikk på kartet er nok til å sjå dette.

I desember 2021 presenterte vi offisielt framlegg til ein avtale om tryggingsgarantiar til USA og Nato. I hovudsak vart alle viktige punkt tilbakeviste. Etter det vart det endeleg klart at signalet for å setje i verk aggressive planar var gjeve, og at dei ikkje kom til å stogge.

Trugsmålet auka for kvar dag. Å døme etter informasjonen vi fekk, var det ingen tvil om at alt ville vere på plass i februar 2022 for å setje i gang enda ein blodig straffeoperasjon i Donbass. Lat meg minne dykk om at i 2014 sende Kiev-regimet artilleri, stridsvogner og krigsfly for å slåst i Donbass.

Alle hugsar vi filmopptak frå fly som synte luftåtak mot Donetsk. Også andre byar vart utsette for luftåtak. I 2015 freista dei eit nytt åtak på Donbass, medan dei heldt blokaden verksam og heldt fram med å bombe og terrorisere sivile. Lat meg minne dykk om at alt dette var fullstendig i strid med resolusjonane vedtekne av Tryggingsrådet, men alle lét som ingen ting skjedde. Lat meg ta opp att at det var dei som starta denne krigen, medan vi brukte makt, som vi framleis gjer, for å stogge krigen.

Vi forsvarer menneskeliv og vår felles heim, medan Vesten er ute etter uavgrensa makt. Dei har alt brukt over 150 milliardar dollar på å hjelpe og væpne Kiev-regimet. Til samanlikning, ifølgje Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, øyremerkte G7-landa om lag 60 milliardar dollar i 2020–2021 for å hjelpe verdas fattigaste land. Skjønar de? Dei bruker 150 millionar dollar på krigen, medan dei gjev 60 millionar dollar til dei fattigaste landa, trass i at dei gjev inntrykk av å bry seg om dei heile tida, og dessutan set som vilkår for hjelpa at mottakarlanda lyder gjevaren.

Kva med alt dette pratet om å nedkjempe fattigdom, syte for berekraftig utvikling og miljøvern? Kvar vart det av, alt saman? Er alt forsvunne? Samstundes kanaliserer dei stadig meir pengar inn i krigføringa. Dei satsar ivrig på å så uro, og dei oppmuntrar til statskupp i andre land.

Ifølgje amerikanske ekspertar er nesten 900.000 menneske drepne i krigar utløyste av USA etter 2001, og over 38 millionar er blitt flyktningar. Legg merke til at det ikkje er vi som finn opp denne statistikken; det er amerikanarane som leverer han. No freistar dei rett og slett å viske ut alt dette frå minnet til menneskeætta, og dei let som dette aldri har skjedd. Men ingen i verda har gløymt dette, og vil aldri gløyme det.

Ingen av dei bryr seg om tap av menneskeliv og tragediar, for mange billionar dollar står på spel, naturlegvis. Dei kan òg halde fram med å rane alle under dekke av demokrati og fridom, med å tvinge neoliberale og eigentleg totalitære verdiar på folk, med å karakterisere heile land og nasjonar, fornærme leiarane deira offentleg, undertrykke dissentar i sine eigne land og avleie merksemd frå korrupsjonsskandalar ved å skape eit fiendebilete.

Alt dette ser vi stadig på fjernsyn, der store økonomiske, sosiale og interne etniske problem, motseiingar og usemje i landa, kjem til syne.

Eg vil gjerne minne om at i 1930-åra bana Vesten vegen for at nazistane fekk makta i Tyskland. I vår tid gjekk dei i gang med å gjere Ukraina antirussisk.

I grunnen er ikkje dette prosjektet nytt. Folk som kjenner historia, i alle fall til ein viss grad, veit at dette prosjektet skriv seg frå det 19. hundreåret. Det austerriksk-ungarske imperiet og Polen hadde skapt det til eitt føremål: å ta frå Russland dei historiske territoria ein no kallar Ukraina. Dette er målet deira. Det er ikkje noko nytt her; dei tek opp att alt.

Vesten påskunda gjennomføringa av dette prosjektet i dag ved å støtte kuppet i 2014. Det var eit blodig og grunnlovsstridig kupp mot staten. Dei let som ingen ting skjedde, og at det er slik det skal vere. Dei fortalde til og med kor mange pengar dei hadde brukt på det. Russofobi og ekstremt aggressiv nasjonalisme var det ideologiske grunnlaget.

Ganske nyleg vart ein brigade i dei ukrainske væpna styrkane kalla Edelweiss – etter ein nazidivisjon som var innblanda i deportasjon av jødar, avretting av krigsfangar og gjennomføring av straffeoperasjonar mot partisanar i Jugoslavia, Italia, Tsjekkoslovakia og Hellas. Vi skjemmest over å snakke om dette, men det gjer ikkje dei. Personell i dei ukrainske væpna styrkane og i den ukrainske nasjonalgarden er særleg glade i militære insignia som tidlegare vart brukte av soldatar frå das Reich, Totenkopf og Galicia-divisjonane og andre SS-grupper. Hendene deira er òg tilsmussa med blod. Ukrainske panserkøyretøy er pynta med insignia frå Nazi-Tysklands Wehrmacht.

Nynazistar er opne om kven dei ser seg sjølve som arvingar etter. Underleg nok er det ingen av dei vestlege maktene som ser det. Kvifor? Fordi dei – eg ber om orsaking for språket – dei gjev blanke i det. Dei bryr seg ikkje om kven dei satsar på i kampen mot oss, mot Russland.

Den vestlege eliten gjer ingen løyndom av kva målet deira er, og eg siterer: «Russlands strategiske nederlag.»

Kva tyder dette for oss? Dette vil seie at dei planlegg å gjere slutt på oss ein gong for alle. Med andre ord planlegg dei å gjere ein lokal konflikt til ein global konfrontasjon. Det er slik vi forstår det, og vi kjem til å svare i samsvar med dette, for dette representerer eit eksistensielt trugsmål mot landet vårt.

Men dei innser òg at det er uråd å slå Russland på slagmarka, og gjer stadig meir aggressive informasjonsåtak mot oss, først og fremst sikta inn mot den yngre generasjonen. Dei sluttar aldri å lyge og forvrengje historiske fakta når dei går til åtak på kulturen vår, den russiske ortodokse kyrkja og andre tradisjonelle religiøse organisasjonar i landet vårt.

Sjå kva dei gjer mot sitt eige folk. Alt handlar om å øydeleggje familien, kulturell og nasjonal identitet, perversjon og misbruk av born, inkludert pedofili, og alt blir erklært som normalt i livet deira. Dei tvingar prestane til å velsigne giftemål mellom personar av same kjønn. Herregud, lat dei gjere som dei vil. Her er det eg gjerne vil seie om dette: Vaksne menneske kan gjere som dei ønsker.

Vi i Russland har alltid sett det på denne måten, og vil alltid gjere det: Ingen skal trengje seg inn i privatlivet til andre, og vi kjem ikkje til å gjere det heller.

Men her er det eg gjerne vil seie til dei: Sjå til Bibelen og dei viktigaste bøkene til andre verdsreligionar. Dei seier alt, også at familien er eit samliv mellom ein mann og ei kvinne. Men no blir det stilt spørsmål ved desse heilage tekstane. Det blir sagt at den anglikanske kyrkja planlegg – berre planlegg – å utforske ideen om ein kjønnsnøytral gud.

Kva skal ein seie? Fader, tilgje dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.

Millionar av menneske i Vesten innser at dei blir leidde til ein åndeleg katastrofe. For å seie det rett ut ser eliten ut til å ha blitt galen, og det ser ikkje ut til å vere nokon kur for det. Men som sagt er dette deira problem, medan vi lyt verne borna våre, og nett det vil vi gjere. Vi vil verne borna våre mot forfall og degenerering.

Det er klart at Vesten vil freiste å underminere og splitte samfunnet vårt, og satse på femtespaltistane som – eg vil gjerne understreke dette – har brukt den same giftige forakta for sitt eige fedreland og ønskt å tene pengar på å selje denne gifta til alle som er villige til å betale for ho. Det har alltid vore slik.

Dei som har gjeve seg ut på regelrett forræderi, utført terror og andre brotsverk mot tryggleiken til samfunnet vårt og landets territoriale integritet, vil gjerast ansvarlege for dette i samsvar med lova. Men vi vil aldri oppføre oss som Kiev-regimet og den vestlege eliten, som har stått for heksejakt både før og no. Vi skal ikkje vere hemngjerrige mot dei som tek eit feilsteg og vender ryggen til moderlandet sitt.

Lat dette tyngje samvitet deira, lat dei leve med det – dei er nøydde til å leve med det. Hovudsaka er at folket vårt, borgarane i Russland, har gjeve dei moralske verdiar.

Tidleg i februar kom den nordatlantiske alliansen med ei utsegn som faktisk var eit krav til Russland, slik dei ordla seg, om å vere med på gjennomføringa av nedrustingsavtalen Ny Start, inkludert å tillate inspeksjonar av atomvåpenanlegga våre. Eg veit ikkje eingong kva eg skal kalle dette. Det er ei form for absurd teater.

Vi veit at Vesten er direkte innblanda i Kiev-regimets freistnader på å slå til mot dei strategiske flybasane våre. Dronane som er brukte til dette, vart utstyrte og oppdaterte med hjelp frå Nato-spesialistar. Og no ønsker dei òg å inspisere forsvarsinstallasjonane våre? I dagens tilhøve prega av konfrontasjon høyrest det rett og slett sinnssjukt ut.

Eg vil gjerne streke under at USA og Nato ope seier at målet deira er å påføre Russland eit strategisk nederlag. Og etter slike utsegner skal dei liksom dra rundt til forsvarsinstallasjonane våre, også dei nyaste, som om ingen ting har skjedd? For ei veke sidan skreiv eg under på ein presidentordre som set nye landbaserte strategiske system i beredskap.

Avtalen av 2010 som framleis gjeld, inneheld avgjerande viktige reglar for udeleleg tryggleik og det direkte bandet mellom strategiske offensive og defensive våpen. Alt det har lenge vore gløymt. USA trekte seg frå ABM-avtalen. Den høyrer fortida til. At tilhøvet mellom oss har blitt så dårleg, er fullt og heilt USA si skuld.

Etter at Sovjetsamveldet gjekk i oppløysing, byrja dei revidere resultatet av andre verdskrigen å byggje ei verd i amerikansk stil styrt av éin leiar.

No nyttar dei Nato til å gje oss signal som eigentleg er eit ultimatum til Russland om å gjennomføre alt dei er blitt samde om, inkludert Ny Start-avtalen, medan dei skal gjere som dei vil – som om det ikkje var noko samband mellom strategiske offensive våpen og konflikten i Ukraina eller andre fiendtlege vestlege handlingar mot landet vårt. Som om det ikkje er høglydte krav når dei freistar påføre oss eit strategisk nederlag.

Dette er anten toppen av hykleri og kynisme eller toppen av dumskap, men dei er ikkje idiotar. Dei er ikkje dumme, når alt kjem til alt. Dei ønsker å påføre oss eit strategisk nederlag, og samstundes få tilgang til atomvåpena våre.

På grunn av dette må eg i dag kunngjere at Russland suspenderer si rolle i Ny Start-avtalen. Igjen, vi trekkjer oss ikkje frå avtalen, men suspenderer deltakinga vår. Før vi kjem attende til ein diskusjon om denne saka, må vi ha ein klar idé om kva Nato-land som Frankrike og Storbritannia set på spel, og korleis vi vil få innsyn i dei strategiske arsenala deira, det vil seie, dei kombinerte offensive stridskreftene til alliansen.

Russland vil stå opp mot kva utfordringar som helst, fordi vi er eitt land, ein stor og sameint nasjon. Vi har sjølvtillit og er trygge på styrken vår. Sanninga er på vår side. (Applaus)

Takk. »

Omsett frå engelsk av Lasse H. Takle.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis