Frå matfatet
Jordbrukssubsidiar
Det er ikkje tilfeldig at eitt kilo sau får dobbelt så mykje tilskot som eitt kilo kylling.
Tungt subsidierte: Dei anar ingenting om at dei er subsidievinnarar, og godt er det.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Det har vore lite styr kring jordbruksforhandlingane i år, har det ikkje? Truleg heng det saman med at kravet frå bondeorganisasjonane på 2 milliardar kroner er monaleg lågare enn kravet dei sette fram i fjor – 2,7 milliardar. For ikkje å snakke om i 2023 – då kravde bøndene 6,9 milliardar kroner.
Lat oss nytte høvet til å verte best mogleg budde på framtidige konfrontasjonar: Vi skal sjå på kva dei norske jordbrukssubsidiane eigentleg går til, og om dei faktisk oppfyller føresetnadene Stortinget har sett for jordbrukspolitikken. Både fordi dette er noko alle som et mat, bør vite litt om, og fordi forskingsinstitusjonen Ruralis nyleg har kome med ein rapport som gjer det nokså lett for oss å sjå korleis det står til.
Med andre ord må vi kjapt slå fast formålet med slik pengebruk: å kompensere jordbruksføretaka for ugunstige naturgjevne forhold og vege opp for stordriftsfordelar. Jordbrukssubsidiar skal altså jamne ut skilnader i produksjonsforhold.
Vinnaren er eit lite fe
Så kven mottek mest subsidiar i det norske jordbruket? Kva produkt er høgast subsidiert? For ein gongs skuld er småfebonden vinnaren. Subsidiar som del av produksjonsverdien var i 2023 83,4 prosent for geitemjølk og 77 prosent for kjøt frå sau og lam. I den andre enden av skalaen finn vi fjørfe: Om vi ikkje reknar med importvernet, er berre 6,6 prosent av produksjonsverdien på kjøt av kalkun og kylling dekt av subsidiar, syner tala frå Ruralis. Det vil ikkje seie at fjørfekjøt ikkje er verna av statlege verkemiddel: Når vi tek inn verdien av importvernet, aukar prosentdelen til 34,2.
Kvifor er det slik? Det byrjar iallfall i tråd med dei landbrukspolitiske måla: Om vi går nærare inn i tala for drøvtyggarproduksjon – vi kan bruke kumjølk som døme denne gongen – ser vi at der prosenttalet for mjølkeproduksjon på Jæren er 28 prosent, får resten av Rogaland og Agder dekt 51 prosent av produksjonsverdien på mjølka gjennom tilskot. Årsaka er den nemnde utjamninga av naturgjevne skilnader i produksjonsverdi. Medan Jæren er flatt, ope og lettdrive, kan resten av Sørvest-Noreg vere monaleg meir tungdrive – bonden må rett og slett legge ned fleire arbeidstimar for å produsere same mengde mjølk som bonden på Jæren, og det vert kompensert gjennom høgare subsidiar. Rett og rimeleg, spør du meg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.