Frå matfatet
Kjøt frå havet
No kan du kjøpe lasagne med kjøtdeig laga av kappedyr. Men er det eit framskritt?
Våt mat: Mykje i dette biletet kan etast, ikkje berre fiskane.
Foto via Wikimedia Commons
Kjøt frå havet er jo ikkje noko nytt. Det er jo fisk og skaldyr, kjøt frå havlevande pattedyr som sel og kval, kjøt frå blautdyr som sniglar og blekksprutar – og kjøt frå det som verken er fisk eller blautdyr, frå skapningar som sit fast og liknar planter, men har både hjerne og hjarte og ryggvirvel. Vi snakkar om kjøt frå kappedyr, også kjende som tunikatar.
I Noreg er vi ikkje så vane med tunikatar på middagsbordet. Ikkje overraskande er det folk i Asia som et mest tunikatar: I Sør-Korea, Japan og andre austasiatiske land er det heilt vanleg å hauste desse vassfiltrerande, trompetliknande skapningane. Både her, i Chile og i Frankrike vert dei hausta og etne rå, kokte eller steikte.
Når vi no har fått tunikatkjøt tilgjengeleg i våre heimlege daglegvarebutikkar, er det i ei litt anna, meir tilgjengeleg og attkjenneleg form: Hjå mellom anna Rema 1000 og Oda kan vi nemleg no kjøpe tunikatkjøt omskapt til kjøtdeig, pakka inn i ein lasagne og gjeve merkenamnet Purply.
Frå fôr til mat
Kjøtfarsen kjem frå tunikaten ciona, og det er det norske firmaet Pronofa som har utvikla råvara. Pronofa er ei underverksemd av næringsmiddelverksemda Denofa, som kanskje er mest kjend for å produsere fôr til oppdrettsnæringa.
Då dei byrja å forske på ciona som råvare, var det også laksen ein fyrst såg føre seg som sluttforbrukar. Undervegs oppdaga ein at produktet kanskje også kunne eigne seg som menneskemat. Kunne det rett og slett fungere som eit miljøvenleg og sunt alternativ til storfe- og svinekjøt?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.