Frå matfatet

Sau som raper

Ein reknefeil gøymd i ein fotnote betyr faktisk noko.

Lukkeleg uvitande: Desse to veit heldigvis lite eller ingenting om dei matematiske problema dei utgjer.
Publisert Sist oppdatert

Det har vore eit par spesielle veker for klimatiltak i matproduksjonen. Fyrst rapporterte danske mjølkebønder at kyr har byrja å døy etter at dei har fått det metanhemmande fôrtilsetjingsstoffet Bovaer. Så varsla Tine at dei pausar utprøvinga av Bovaer i Noreg til dei finn ut kva som skjer. Og samstundes har Nationen grave fram at Noreg – ved Statistisk sentralbyrå (SSB) – har gjeve sauene våre 30 prosent høgare metanutslepp enn resten av verda.

Kva inneber eigentleg det siste? Kva konsekvensar får det – om nokon? Det verkar som om SSB ikkje ville gjere noko nummer av det. Ifylgje Nationen kom dei over korrigeringa i ein fotnote til ein faktaboks i SSBs artikkel om nye norske utsleppstal.

Utdatert kalkulator

Tankane mine går til alle klimakalkulatorane som finst der ute. Fjordkraft lèt meg rekne ut det totale klimafotavtrykket mitt. Basert på eit spørsmål om kor mange dagar i veka eg et kjøt, kjem dei til at kjøtforbruket mitt svarar til 1180 kilo CO2-ekvivalentar. Kva tal har dei brukt for å kome fram til det? Har dei oppdatert saueutsleppa sine, skal tru?

Og kva med Framtida i våre hender, ein organisasjon som har vore førande i å rekne seg fram til gode klimatiltak, kva tal ligg til grunn for deira oversikt «Sjekk hvilken mat som er best for miljøet»? Her har sau og lam fått ein lite flatterande fyrsteplass på lista – dei høgaste utsleppa per kilo produkt, med andre ord: 33,9 kilo CO2-ekvivalentar per kilo kjøt, 13,6 kilo CO2-ekvivalentar per tusen kaloriar. Kva tal har dei brukt for å kome fram til dette? Sidan SSB og Nationen gjev meg utslepp per levande dyr, medan Fjordkraft og FIVH reknar utslepp per produkteining, kan eg ikkje rekne om direkte, eg må gå til kjeldene. Fjordkraft gjev dei ikkje opp, men Framtida i våre hender skriv at klimatala for kjøt er henta frå Cicero-rapporten Offentlige innkjøp som klimapolitisk virkemiddel.

Namnet på denne rapporten sender oss i ei ny retning vi må ta med oss: til anskaffelser.no, Direktoratet for forvaltning og økonomistyrings fagsider for offentlege innkjøp. Her skal ein ikkje berre konkurrere i pris og kvalitet, nei, her finn vi også «Klimakalkulator for matanskaffelser». Ein kalkulator, ja, eit svært excelark som offentlege verksemder kan bruke for å finne ut korleis det å kutte ut nokre og legge til andre matvarer i til dømes kantinene, på sjukeheimane eller i lunsjserveringa til borna i barnehagen, påverkar klimagassutsleppet deira. Sauetalet som ligg i denne tabellen, er likt det eg finn hjå Framtida i våre hender: 33,88 kilo CO2-ekvivalenter per kilo sau og lam.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement