Tyskland
Skuldar AfD for spionasje
AfD har i mange år blitt skulda for å ha nære band til Vladimir Putin. No kan det føre til open konflikt i partileiinga.
Aust mot vest: Dei to partileiarane i AfD, Alice Weidel og Tino Chrupalla, er i open maktkamp. Weidel vil orientere partiet mot Donald Trumps USA, Chrupalla ser mot Moskva.
Foto: Karl Nietfeld / DPA / AP / NTB
Eigentleg skulle det meste gått på skjener for Alternativ for Tyskland (AfD) nett no. Politisk sett har nemleg 2025 vore eit jubelår. Parlamentsvalet i vinter blei det beste for partiet nokon gong. Sidan har AfD vakse på meiningsmålingane, som no syner at det er Tysklands største parti. Konkurransen frå ytre høgre har òg ført til at det politiske klimaet er i endring. Kanslar Friedrich Merz har stramma inn innvandringspolitikken og har blitt skulda for å kopiere retorikken til AfD.
Juridisk, derimot, har det vore verre for dei tyske høgrepopulistane: I mai varsla etterretningstenesta Verfassungsschutz at dei har klassifisert AfD som «høgreekstremistisk». Dette er ordbruk med vidtrekkande konsekvensar. Den tyske grunnlova gjer det nemleg mogleg for den tyske høgsteretten å forby politiske parti som er eit trugsmål mot «den frie, demokratiske grunnordninga», det vil seie den demokratiske rettsstaten.
Det er opp til politikarane i regjeringa og parlamentet om dei vil klage AfD inn for høgsteretten, som deretter kan avgjere om det er juridisk grunnlag for å forby det største opposisjonspartiet i landet. Førebels er det ikkje politisk fleirtal for dette, for Kristelegdemokratane (CDU) og kanslar Friedrich Merz strittar imot. Like fullt held diskusjonane fram. Og i slutten av oktober fekk tilhengarane av ein rettsprosess eit nytt argument.
På vegner av venar
Mellom bølgande åsar i hjartet av Tyskland ligg delstaten Thüringen. På mange måtar er det her den moderne tyske kulturen blei til: Småbyen Eisenach er fødestaden til Johann Sebastian Bach, og det var her Martin Luther omsette Bibelen til tysk for 500 år sidan og dermed la grunnlaget for eit moderne tysk skriftspråk. Lenger aust ligg Weimar og Jena, dei to viktigaste byane i tysk litteratur og filosofi.
Men Thüringen er også blitt ein kontroversiell stad det siste tiåret. Dette er nemleg delstaten der AfD har høgst oppslutning. Under delstatsvalet i fjor røysta ein tredel av veljarane her på AfD, som mellom anna har markert seg som eit prorussisk parti. Det har vore populært i det tidlegare kommunistiske Aust-Tyskland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.