Frå matfatet
Korn ved fjorden
Det må vere mogleg å få brød på bordet utan å øydelegge Oslofjorden.
Grønt er ikkje alltid skjønt, som når algar gjer Oslofjorden mindre blå, til dømes.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Oslofjorden slit. Fisk, tareskog, ålegras, blautbotnsområde i strandsona og alt det andre livet i Noregs mest folkerike fjord er kritisk truga. Og dette er på langt nær berre noko byproblem: 26 kommunar har kyst mot Oslofjorden, og i dei bur det over 1,8 millionar menneske.
Ei av årsakene er avrenning frå jordbruket: Gjødsling og tap av næringsstoff når jord ligg naken etter pløying, gjer mellom anna at for mykje nitrogen og fosfor endar opp i fjorden. Dette fører igjen til mellom anna auka algeproduksjon.
Tiltak er sette i verk. Det er forbode å dyrke opp kantsoner mot elvar og bekkar, og frå i haust vert det også forbode å haustpløye jorda kring heile Oslofjorden. Dette får også konsekvensar: «På kort sikt vil kornavlingane gå ned, og det blir mindre mat på åkrane», sa bonde og leiar i Vestfold Bondelag til NRK i slutten av oktober.
Men må det vere så svartkvitt? Må det vere enten frisk fjord eller korn i åkeren, fart på kornmøllene og norske brød på norske matbord? Eller går det an å sjå for seg måtar å dyrke på som tek vare på både fjorden og avlinga?
Andre metodar
Å pløye åker med plog er ein skikkeleg effektiv måte å gjere jord klar for kornproduksjon på. Det å snu kring 20 centimeter av matjordlaget opp ned, slik at torva, der ugraset sit, kjem nedst, og rein, brun, dyrkingsklar matjord med mindre ugras kjem opp, er ei av dei store oppfinningane i menneskehistoria. Men også gode oppfinningar kan misbrukast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.