Frå matfatet
Proteinyoghurt
Eit vått triks kan ligge bak treningsmaten din.
Yoghurt med bær har vi høyrt om lenge. Yoghurt har også alltid innehalde protein, men det er fyrst no vi lagar slikt nummer av det.
Foto: Pxhere.com
Kor mange typar yoghurt trur du det finst i norske daglegvarehyller? Eg legg inn «yoghurt» i søkefeltet på nettbutikken til Meny, kjeda som reklamerer med størst utval. Søket gjev 150 treff, men ikkje alle er yoghurt i flytande form. Eg tel meg likevel fram til 121 yoghurtvariantar. Eit imponerande høgt tal, vil eg seie.
Likevel er eg ikkje ferdig med teljinga. Eg kjem nemleg rett frå butikken, og på min lokale Coop hadde 12 av 35 yoghurtar fått eit tillegg til namnet sitt: Dei var proteinyoghurtar. Eg vart nysgjerrig: Kor mange proteinyoghurtar finst det der ute eigentleg?
På Meny.no tel eg 21 produkt som nyttar namnet proteinyoghurt. I tillegg finn eg seks produkt som har ordet proteinrik på pakningen, og ytterlegare seks variantar som spesifikt gjev opp proteinmengda pakningen inneheld.
Ja, det er proteinfeber, det er tydeleg. Å få i seg nok – endåtil rikeleg – med protein for å halde seg frisk og bygge musklar er starten, midten og slutten på sosiale medium for tida. Og det er ikkje så rart at meieribransjen henger seg på: Mjølk er jo ei proteinhaldig råvare.
Rein mjølk, slik ho kjem ut frå kua, inneheld 3–3,5 prosent protein. Det er dette proteinet som gjer at flytande mjølk i det heile kan verte litt mindre flytande yoghurt: Bakteriekulturen som vert sett til, får proteina til å koagulere og trekke seg saman, tettleiken i mjølka vert høgare, og vi får yoghurt vi et med skei i ei skål i staden for mjølk ein drikk av glas.
Dreneringseffekten
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.