KOMMENTAR I Digitale juksemakarar
Vi veit ikkje kor mange som juksar seg til betre karakterar med KI.
Men mistanke om at det skjer i stor stil, er gift for utdanningssystemet og for samfunnet.
I Politisk kvarter kunne vi nyleg høyre Anne Grønli, lektor i Drammen, fortelje om det spøkelset som heimsøkjer norske skular i desse eksamenstider. Kombinasjonen av kunstig intelligens (KI) og omfattande bruk av digitale hjelpemiddel ser ut til å gi norske elevar ei nesten uavgrensa moglegheit til å jukse på eksamen og på innleveringar.
For lærarar som er tett på, er det fortvilande. For mange går det også på arbeidslysta laus.
Lurar seg sjølv
Nettavisa Krohno har dei siste åra rapportert om liknande problemstillingar knytte til høgare utdanning. Mange institusjonar har svart med å avvikle heimeeksamen, den ordninga der det var aller lettast å jukse.
Men problemstillinga er framleis høgaktuell. Andrey Chesnokov, som underviser i matematikk for ingeniørfag, fortalde om dei obligatoriske øvingsoppgåvene han gir studentane kvar veke. Dei skal leverast digitalt. Då langt fleire studentar enn før byrja levere 100 prosent rett på første forsøk, og tidsbruken samtidig sokk radikalt – oppgåver som til vanleg ville ha tatt tre timar, vart løyste på ein halvtime, byrja han mistenkje at mange overlèt oppgåveløysinga til KI. Chesnokov sa at han ventar at mange vil stryke til eksamen.
Noko må gjerast
Moglegheitene til juks er tilsynelatande uendelege. Det same ser ut til å gjelde for mistanken.
Kunnskapsministeren har på kort tid gjort fleire grep for å ta tak i det som stadig fleire ser ut til å oppfatte som digitalisering på avvegar. Det eintydige rådet om at mobiltelefonen, eviggangsmaskinen for distraksjonar, skal ut av klasseromma, har endra mykje. Samstundes utfordrar KI utdanningsinstitusjonane på ein heilt ny måte.
Éi problemstilling handlar om elevar som presterte dårleg, men som plutseleg byrjar svare ryddigare, meir informerte og med ei betre språkføring enn før. Men kjem det av at dei har tatt til seg tilbakemeldingar, eller av at dei har konsultert ChatGPT?
Moglegheitene til juks er tilsynelatande uendelege. Det same ser ut til å gjelde for mistanken. Ein artikkel publisert på nettstaden Utdanningsforskning tidlegare i haust, viser til ei undersøking der 90 prosent av dei spurde lærarane svarar at dei har mistenkt KI-assistert juks. Sjølve mistanken er svært skadeleg i seg sjølv. Ein mistanke, og forsøket på å finne ut kva som eigentleg har skjedd, kan fort forgifte ein relasjon som ideelt sett burde ha vore prega av tillit og gjensidig respekt. Ettersom læraren er ein av dei aller viktigaste faktorane for læring, er situasjonen gift for heile utdanningssystemet.
Manglar plan
Er svaret å gå tilbake til penn, papir, trykte bøker? Alle veit at barna og ungdomane uansett skal leve i ei verd og delta i eit arbeidsliv der KI-assistanse berre er eit tastetrykk unna. Nettopp difor hadde det vore bra med ein plan, ein overordna strategi for KI i skulen.
I den tidlegare refererte artikkelen på Utdanningsforsking seier 74,5 prosent av lærarane at dei ikkje er kjende med nokon plan for bruk av KI i skulen. Fire av fem seier at det dei kan om KI, har dei lært seg på eiga hand. Ein lærar blir sitert på at det er litt som å køyre bil utan opplæring. Mange norske lærarar har vist handlekraft i møte med KI. Samstundes er det ikkje til å kome bort frå at det er ein enorm maktubalanse mellom den einskilde læraren og dei KI-verktøya som er i sving.
Moglegheita for påverknad, kontroll og innsyn går berre ein veg.
Hallusinasjonar
I haust måtte NTB avpublisere ei sak på grunn av det som vart omtalt som KI-genererte feil.
Å bruke KI på ein etterretteleg måte er krevjande. Det fekk Tromsø kommune merke på den harde måten då det viste seg at ein analyse av konsekvensar av ny skule og barnehagestruktur i kommunen var basert på falske opplysningar. Årsaka var at ChatGPT var blitt konsultert, og hadde dikta opp svar som verka plausible, i alle fall ved første augekast. I haust måtte NTB avpublisere ei sak på grunn av det som vart omtalt som KI-genererte feil. Her snakkar vi blant anna om fabrikkerte sitat frå ikkje-eksisterande personar.
For den som uroar seg over utdanningsjuks, er det jo ei slags trøyst i at det å jukse seg fram til toppresultat med KI ser ut til å krevje både at ein er merksam og har ein viss mengde kunnskap inne, slik at ein går klar av KI-genererte hallusinasjonar og andre feller.
Lett å kome inn
Det gjorde stort inntrykk på meg då Trond Ingebretsen, divisjonsdirektør i Utdanningsetaten i Oslo, i januar i fjor forklarte Osloskulens kjøp av Chat GPT-lisensar med at «vi hadde ikke annet valg».
Vegen fram til ein plan, ein strategi eller eit regelverk ser ut til å vere uendeleg lang og krunglete.
Det handlar ikkje berre om at ein faktisk kan seie nei. Mest av alt handlar det om at vegen inn i skulen og fram til elvane ser ut til å vere så kort for store selskap med ny teknologi. Samstundes ser vegen fram til ein plan, ein strategi eller eit regelverk ut til å vere uendeleg lang og krunglete.
For eksamenssituasjonar finst ein sikker nettlesar (SEB). Den skal hindre bruk av KI-program. Utdanningsdirektoratet opplyser at ordninga skal bli innført gradvis, og at dei er i ferd med å samle erfaring. Fram til hausten 2026 skal denne erfaringa samlast i faga nederlandsk og tyrkisk.
Fangens dilemma
KI-bruk utan ein strategi i botn, kombinert med ei generell lese- og kunnskapskrise høyrest ikkje ut som ei oppskrift på suksess. Kjensla av at noko må gjerast, er påtrengjande.
Så lenge det tilsynelatande finst så mange moglegheiter til å jukse, og mistanken er så sterk om at dette er utbreidd, må elevar og studentar dagleg ta stilling til det som blir kalla fangens dilemma i spelteorien.
For spørsmålet om å jukse eller ikkje handlar om meir enn personleg moral. Om ein trur at alle andre juksar, må ein finne ut korleis ein sjølv skal leve med det. Ein skal jo faktisk konkurrere om studieplass og arbeidsplass med det som godt kan vere juksemakarar.