Reportasje
Havet og eg
Kor mykje kan eg læra om ein stad ved berre å sitja på ei strand heile dagen?
Zacharias får ikkje selt meg noko, men eg gjev han denne teikninga.
Foto: Odd H. Opdal
Etter storbylivet i Nairobi på rundt 1800 meter over havet og safari i Amboseli på rundt 1140 meter over havet er eg endeleg komen dit eg støtt lengtar: til havet.
Diani ligg like sør for Mombasa. Sjølve stranda, Diani Beach, strekkjer seg over to mil og er på Tripadvisor kåra til den beste stranda i Kenya, utan at det har sett den internasjonale turismen i fyr og flamme.
– Dette er ein stad kenyanarane dreg på ferie. Dei aller fleste som leiger villaen, kjem frå Nairobi, seier Christine, hushjelpa vår.
Me bur i ein inngjerda villa, fem meter over havet, med hushjelp, gartnar og kokke: Christine, Stanley og Rosie. Nattevakta heiter John, han går heim når Stanley kjem, og omvendt. Både Christine og Rosie har kvar sin assistent, og John har tre hundar.
Denne gjengen skal varta oss opp resten av ferien.
Reisefylgjet mitt har variert litt undervegs i tekstane mine, men no toppar det seg. Me er tolv personar frå tre hushald som skal bu saman i denne villaen i ei veke. Tre sysken med ektefellar og to born kvar. Hadde det vore eit fjernsynsprogram, ville det blitt ei blanding av Mot i brøstet, White Lotus og skjult kamera, med innslag av Hver gang vi møtes.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.