Kommentar
Offentleg gjeld over alle grenser
Store underskot på statsbudsjetta dreg mange land ned i gjeldsholet. Og verre skal det bli.
Donald Trump ser ikkje ut til å vera mannen som vil auka skattane, skriv Sigurd Bjørnestad.
Foto: John Bazemore / AP / NTB
Den som har mykje gjeld, er ikkje fri. Rentene på stigande offentleg gjeld veks til eit stadig verre mareritt i mange land. For den føderale staten i USA har rentene passert forsvarsutgiftene.
Lokale og sentrale delar av offentleg sektor går med store underskot. Størst av alt er underskota på statsbudsjettet. Krava om pengar til gode føremål er nesten uendelege. Det er vanskeleg for dei styrande å stå imot. Men å betala rekninga med endå høgare skattar er ikkje populært.
Den som går med underskot, må ut og låna pengar. Staten lever på nåden til finansfolka. Og verre skal det bli. Aldring, opprusting, støtte til Ukraina og klimainvesteringar legg kraftig press på statens utgifter. I tillegg ligg Draghi-rapporten om Europas konkurransekraft på bordet. Rapporten går inn for å auka «vekstfremjande investeringar» i EU med mange hundre milliardar euro kvart år. Mykje av dette vil måtta vera statlege pengar. Investeringane skal få opp den svake økonomiske veksten i Europa og gjera det lettare å betala statens utgifter i framtida.
Gjeld kostar, og stigande gjeld vil seia stigande renteutgifter. I tillegg vil høgt eller lågt rentenivå i stor grad bestemma tyngda av den offentlege gjelda. Rentene et seg inn i statsbudsjetta og tek pengar som elles kunne vore brukte på helse, utdanning og pensjonar.
Gjeldsgrad over 100
USA er verdas største økonomi. Der har offentleg gjeld meir enn dobla seg frå 53 prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP) ved tusenårsskiftet til 125 prosent i år. Også Storbritannia og Frankrike har auka gjeldsandelen kraftig sidan tusenårsskiftet. Underskotet på statsbudsjettet er stort i begge landa. Forsøk på å dempa utgiftene til pensjonar fører i Frankrike til samanstøytar og brennande bilar i gatene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.