Historie sett i eit woke-perspektiv
Torbjørn Knutsen bruker narrativet til det eg ser på som dei mest ahistoriske og ideologisk drivne sosial rettferds-krigarane i amerikansk akademia og innafor Det demokratiske partiet.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
Les også
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Les også
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Les også
Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.
Foto: Jeff Dean / AP / NTB
Val på kanten av stupet?

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
USA
Det er kva statsvitaren professor Torbjørn Knutsen gjev oss i sin artikkel i Dag og Tid 22. mars, der trugsmålet om valsiger for Trump vert forsøkt sett i ein større historisk kontekst. Det skjer ved bruk av det eg ser på som narrativet til dei mest ahistoriske og ideologisk drivne sosial rettferds-krigarane i amerikansk akademia og innafor Det demokratiske partiet.
Me skal visstnok sjå forklaringa på Trump sin framgang ikkje i det politiske og økonomiske elendet politikken til Biden-administrasjonen fører med seg (inflasjon, ukontrollert innvandring, sterkt aukande kriminalitet), ikkje i dugløysa utvist på den internasjonale arena (uttrekkinga av Afghanistan), ikkje i det politiske misbruket av justisapparatet, ikkje i reaksjon mot promoteringa av radikal identitetspolitikk, ikkje noko av det som alle Trump-veljarar i løpet av ein to-minutts samtale ville ha peika på, men heller i den oppdaginga professor Knutsen meiner å ha gjort av «den autoritære understraumen i USAs politiske historie».
Denne finn han allereie i byrjinga. Dei ideane som vart formulerte i sjølvstende-erklæringa fra 1776, framstår i Knutsens optikk som ikkje stort meir enn eit retorisk dekke for ein «politisk praksis» prega av slaveri og ulikskap. Det var lenge berre formuande kvite menn som hadde tilgang til fridom, røysterett og politisk aktivisme, fortel han. Når dei progressive ideala vart realiserte, var det takka vere «minoritetar» sin kamp mot dei formuande kvite mennene.
Men at mange av dei leiande i fridomskampen frå den engelske kolonimakta og i grunnleggjinga av Dei foreinte statane var menn frå dei mest framståande sjikt av folkesetnaden, tilsvarar det ein finn att overalt. Skulle dette tilseie ei nedvurdering av deira historiske innsats, råkar den same kritikken våre eigne eidsvollsmenn frå 1814, som var sterkt inspirerte av USAs konstitusjon. Både USAs og Noregs grunnlov må vurderast ut frå si tid. Å knyte eit omgrep som «autoritær understraum» til dei som dreiv fram slike merkesteinar i menneskeleg fridomsstrev, av di dei til dømes ikkje gav stemmerett til kvinner, held ikkje mål.
Sjølv om dei ikkje i seg sjølve førte til at slaveriet blei oppheva, var ideane frå grunnlovsverket om like rettar for alle sterkt medverkande til at slaveriet med tida blei sett som utoleleg, òg av store grupper av den kvite mannlege folkesetnaden. Borgarkrigen i 1861–65, den største hendinga i amerikansk historie etter grunnleggjinga, handla i botn om slaveriet, og den er borte frå Knutsen si historieforteljing. Det var «kvite menn» (med president Lincoln som den fremste) som leia og (for det meste) kjempa i den krigen. Den høver soleis dårleg med den overordna soga Knutsen målber.
Vi har sett at opptøyar inspirerte av nett denne forteljinga, til velviljuge nikk frå sentrale leiarar for Demokratane, har ført til vandalisering av historiske monument i stor skala. Mon ikkje det snarare er i ei slik rørsle vi burde leite etter ein «autoritær understraum» i Amerika, samt – mellom anna – i utbreiinga av ein politisk einsretta kanselleringskultur ved universiteta. Det er elles som reaksjon på denne utviklinga at historikaren Niall Ferguson, tidlegare spaltist i Dag og Tid, har vore med på å starte eit nytt universitet i Austin, Texas.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.