JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

7534
20240426

Samtalen

Jan Arild Snoen, forfattar og kommentator

Aktuell: Rettssaka mot Trump
i New York

eva@dagogtid.no

Donald Trump har prøvd å utsetje rettssaka, kritisert dommaren og gått ut mot vitne. No risikerer han òg bot for å ha brote munnkorga han er pålagd av retten fordi han har posta innlegg på sosiale medium mot den tidlegare advokaten sin Michael Cohen og pornoskodespelaren Stephanie Clifford, kjend som Stormy Daniels.

Den såkalla hysjpengesaka mot den tidlegare presidenten er no inne i andre veke i retten i New York og går ikkje nett roleg føre seg.

Forfattar og kommentator Jan Arild Snoen er ikkje overraska, og kallar åtferda til Trump strategisk og «heilt som venta».

– Trump kallar rettssaka ei heksejakt, og både han og andre republikanarar er kritiske til at saka går føre seg midt i valkampen. Vinn han noko på slike skuldingar?

– Problemet her er at rettssaka no er den svakaste av rettssakene mot Trump, og den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Dersom han vert frikjend, noko han vert om juryen ikkje er samrøystes, kan denne førehandsprosederinga i media om at han er utsett for politisk forfølging, få meir truverd. Men no er det berre ein del av bråket rundt han.

– At det vart betalt ut pengar til Stormy Daniels for at ho ikkje skulle gå ut med historia si under presidentvalkampen i 2016, vart kjent for fleire år sidan. Kva er grunnen til at rettssaka går no?

– Det har vore delte meiningar hjå statsadvokaten i New York om kor sterk denne saka er, og det er ein av grunnane til at saka har vorte utsett. I tillegg, og meir generelt for alle straffesakene mot Trump, har president Biden og justisminister Merrick Garland ønskt å unngå å setje dette på spissen. Dei har vore redde for ein ny runde med splittingar, særleg det som skjedde 6. januar 2021 og i etterkant, og dei har nok også håpa at Trump skulle falme, og at det ikkje var nødvendig å dra USA gjennom det som no skjer. Det er altså politiske omsyn bak, men i motsett retning enn det Trump seier.

Jan Arild Snoen er forfattar og kommentator og kjenner USA godt.

Foto: Edvard Thorup

– Trump har tre andre straffesaker mot seg òg. Er det uheldig at denne, som du kallar den svakaste, kjem opp i retten fyrst?

– Ja, absolutt. Særleg fordi det kan verte den einaste som kjem opp før valet. Dette er heller ikkje ei sak som har noko med utøvinga hans av presidentembetet å gjere. Vert han i tillegg frikjend, kan saka ende med å trekkje veljarar til Trump.

– Kan han stoppe dei tre andre rettssakene om han vert president igjen?

– Ja, dei to føderale sakene kjem han til å stoppe. Saka i Georgia, som er ei delstatssak, kan han ikkje så enkelt stoppe sjølv, men det kjem til å vere eit monaleg press for å stoppe den òg og utsetje henne til 2029.

– Kor problematisk er det for han at han no må vere i retten når han kunne ha drive valkamp?

– Det å heile tida vere i retten er negativt for imaget hans. Når det gjeld disponering av tid, spelar det derimot ikkje så stor rolle. Trump driv i liten grad valkamp ved å reise rundt. Han har i alle fall ikkje gjort det før, så at han ikkje gjer det no, betyr ikkje så mykje.

– Trump er tiltalt på 34 punkt. Kva er dei alvorlegaste tiltalepunkta mot han?

– Saka handlar om at han har prøvd å påverke valet i 2016 gjennom å betale pengar for å unngå at noko som var til hans disfavør, skulle kome fram under valkampen. Han har prøvd å skjule at han har vore utru. Det i seg sjølv er ikkje ulovleg, men det handlar om måten han har gjort dette på, om forfalsking av dokument. Jussen i dette er spissfindig, og det er ulike meiningar om kor sterkt saka står. Eg trur ikkje nødvendigvis det er det juridiske i saka som skadar han, meir at folk no vert minte om at han er ein dritsekk.

– Det vart vurdert som ein god dag for aktoratet då dei fekk vitnet David Pecker, tidlegare utgjevar av tabloidavisa National Enquirer, til å stadfeste at han, Trump og Trumps dåverande advokat Cohen i 2015 gjorde ein avtale om at tabloidavisa skulle publisere positive saker om Trump og negative saker om konkurrentane hans, og at Pecker skulle varsle dei om han kom over negativ informasjon om Trump. Kva betyr ei slik opplysning?

– Kor relevant det er juridisk, er eg ikkje sikker på, men at Trump må sitje der og høyre på det, og at pressa er full av desse opplysningane, er openbert negativt for han. Det går heller ikkje så lett inn i historia hans om å vere politisk forfølgd, når det er han som her har prøvd å manipulere val og ljuge.

«Trump står fram som sintare og meir hemngjerrig.»

– Samla sett, korleis vurderer du sjansane hans for å verte president att no?

– Eg har pengane mine på Biden, og det har eg hatt lenge. Det handlar fyrst og fremst om politiske saker, og økonomien primært. Økonomien er i betring, og det trur eg kjem til å tene Biden framover. Ei sak som kan trekkje i motsett retning, den ulovlege innvandringa, ser ut til å verte litt mindre no. I tillegg er det Trump sjølv som dreg dette ned. Denne stadige påminninga om den slette karakteren hans, og den stadige terpinga hans om at han vart snytt for valsigeren i 2020, tener han ikkje.

– Har Trump endra karakter sidan han var president?

– Eg veit ikkje om eg vil seie det, men han står fram som sintare og meir hemngjerrig enn han var før valnederlaget i 2020. Det kan òg føre til at han overspelar offerrolla si, og på ein for aggressiv måte. At han lèt kjenslene overstyre den meir kalkulerte strategien.

– Han ser ut til å ha endra litt haldning når det gjeld støtta til Ukraina. Har han endra syn på mange tema?

– Det er vanskeleg å finne noko konkret som tilseier at han har snudd om Ukraina, men tolkinga mi er at han har lagt ned den harde motstanden: Han har ikkje snudd, men seier «OK, om Johnson (leiar i Representanthuset, Mike Johnson, journ.merk.) synest det er viktig, så skal eg ikkje mobilisere alt eg kan for å fjerne han». Trump såg truleg at det var stor sjanse for at støtta vart noko av, og då ville han ikkje stå fram som ein som tapte. Det handlar nok òg om å innsjå at han må appellere til fleire enn kjerneveljarane – dei to tredjedelane av republikanarane som meiner han er den rettmessige presidentkandidaten. Blant dei republikanske veljarane er det fleirtal mot Ukraina-støtta, men eit stort mindretal som er for. I tillegg er det mange av veljarane i midten som er for støtta, og skal Trump vekse utover kjerneveljarane, treng han dei.

– Kva med andre tema?

– Ja, eit betre døme er abortsaka, der han har late seg overtyde til å justere standpunktet, i og med at dette var ei viktig sak i mellomvalet og skada republikanarane. Difor prøver han å finne eit mellomstandpunkt. Der han tidlegare har skrytt av at han utnemnde desse dommarane til høgsterett, gjekk han no imot eit nasjonalt forbod, som mange republikanarar ville ha. Abortsaka er heller ikkje viktig for han. Han ville berre ha dei kristenkonservative veljarane. No når han er redd for å tape veljarar, går han meir mot sentrum.

– Han er snart 78 år. I kva grad er han prega av alderen?

– Det er ikkje kamera i rettssalen i New York, men han sit visst der og søv litt innimellom, slik gamle menn gjer. Han sludrar òg meir enn før. Trump har jo alltid sagt mykje rart, men før var det i form av meir hårreisande meiningar og karakteristikkar. No kjem det mykje usamanhengande setningar, oftare no enn før, synest eg. Det kan vere eit alderdomsteikn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis