Film
    Opplagt uopplagt
    Det er diverre berre litt skikk på chicklit-heltinna Bridget Jones.
    
    
        Renée Zellweger og Chiwetel Ejiofor i den nye filmen om Bridget Jones. Foto: United International Pictures
        Foto: United International Pictures
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    
    
    
        
        
        Komedie
        Regi: Michael Morris
Bridget Jones:
Mad About the Boy
Med: Renée
Zellweger, Chiwetel Ejiofor, Leo Woodall, Hugh Grant
Kinofilm
 
        
     
    
 
Mr. Darcy
er død, Bridget (Zellweger) er bikka femti, er småbarnsåleinemor og enke og får
klare beskjedar: Ho må ha seg ut på datingmarknaden, ha seg tilbake på job, eller
i det aller minste: berre ha seg. 
Men blir det den fornuftige naturfaglæraren
på skulen til ungane, Mr. Wallaker (Ejiofor), eller den unge kjekkasen Roxster
(Woodall)?
Ku vadis
Eg skal ikkje falla for freistinga til å plagiera
meg sjølv, men eg kunne i grunnen kopiert størsteparten av meldinga mi av førre
filmen, Bridget Jones' baby (2016). Kort oppsummert: Fyrste filmen Bridget Jones' dagbok (2001) var ikkje så verst, oppfølgjaren Bridget Jones – på randen (2004)
mangla sjarmen og originaliteten, tredjefilmen var ei rein mjølkeku. Så kva gjer
det denne siste til? 
I fare for å nytta opplagt, platt humor er det
ikkje mykje mjølk igjen i jura til Bridget. Humoren i filmen er omtrent like
sliten som den gigantiske høglivstrusa ho framleis dreg fram av skuffa si. Det
er dumt, for det florerer ikkje av filmar der ein kvinneleg hovudperson får vera
både attraktiv og kul etter fylte femti. 
    
    
        
        Eg hadde låge forventningar som ikkje blei innfridde.
        Brit Aksnes, filmmeldar
     
 
Eg hadde låge forventningar som ikkje
blei innfridde, men når det er sagt: Dei som såg dei førre, eller i det minste
dei som likte dei førre, vil nok sjå tilgjevande på si gamle veninne Bridget. 
Gode sider
Det finst uansett fine poeng i filmen som
eg synest fortener kudos: at Mr. Wallaker blir trudd av Bridget når han seier at går heilt fint å ikkje ha fått barn. Det er forfriskande uproblematisk og fint.
Det same at den gamle flammen, rundbrennaren Daniel (Grant), framleis er inne i
biletet, men no som onkel til ungane og god ven. For tenk, det går jo faktisk
an. 
Og så lovar det svært godt at Mr. Wallaker har streng kustus på elevane
sine. Kanskje det er eit velkome frampeik om at samfunnet er klart for å
gjeninnføra strammare tyglar i skulen? Uansett, ver ikkje redd for at filmane
har vorte aldeles for progressive: Her er plenty tøvete humor, Bridget som framleis
tyllar i seg kvitvin, åleine eller med sine trufaste vener, og eit aldri så
lite Coca-Cola Light Break-augeblikk i form av Roxster som hoppar i
bassenget med kvit skjorte og muskuløs overkropp til gisp og gosj frå alle dei
middelaldrande damene (og mennene) som glanar med open munn. 
Ja ja, har du bestilt
Bridget Jones, så får du Bridget Jones! 
Brit Aksnes er skribent, programskapar,
kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.