Film

Solfylt retorikk

Paradis viser plagsamt realistisk at det er forskjell på Syden og «Syden».

Sydenferiebobla til Mikkel (Esben Smed), Louise (Danica Curcic) og barna sprekk.
Publisert

Det er duka for ein avslappande sydenferie for den danske familien, gymnaslærar Mikkel (Smed), helsebyråkrat Louise (Curcic) og dei to små jentene deira.

Då Mikkel køyrer på og skader ein fotgjengar, som viser seg å vera den afghanske flyktningen Ahmed (Capkurt), følgjer dei han til legevakta, gjev han nokre euro og håpar at han finn vegen til Tyskland og eit nytt liv. Ikkje lenge etter dukkar han opp att på all inclusive-feriehotellet.

Gullkappeflokken

Det skurrar framleis når eg høyrer flyktningleirar og greske ferieøyar i same setning. Kan eg få ha middelklasseprivilegia mine i fred, takk? Det er akkurat dette dilemmaet filmskapar Maria Sødahl tek opp i Paradis, på ubehageleg effektivt vis.

Utan gode skodespelarar med godt manus og god regi kunne det glidd over i overtydeleg, banal moralisme, men det gjer det ikkje. Kritikken er mindre subtil enn til dømes Ulrich Seidls Rimini (2022), men samtidig vanskelegare å berre rista av seg. Hordane av menneske som ramlar ut av gummibåtar, ut på stranda, utslitne etter timar og kanskje døgn på ope hav – det er så lett å føla avmakt og sympati. Iallfall så lenge det er på TV me ser det.

Ifølgje Leger uten grenser kom det over førti tusen flyktningar til den greske øya i 2023, så sjølv om Moria-leiren ikkje er der lenger, stoppar ikkje menneskeforflyttinga. Det passar berre så dårleg at dei må flytta på seg akkurat når Mikkel og Louise skal kosa seg på ferie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement