Film

Lett blanding

Den småvittige filmen frå russcena i Oslo er ein cocktail av dop, drama, demens og den norske staten.

Agnes (Marie Blokhus) og Hansi (Nader Khademi) bur i ein teltleir på Ekeberg i Oslo og sper på Nav-pengane med sal av heimebrent.
Publisert Sist oppdatert

Agnes (Blokhus) og Hansi (Khademi) bur i skogen på Ekeberg, utan tak over hovudet. Dei tener til inntak av heroin og ymse andre rusmiddel ved å lage heimebrent som dei sel på gata mellom dei få eksemplara av magasinet =Oslo dei får avsetning på.

Elles organiserer Agnes demonstrasjonar ved å hyre andre rusavhengige som går med på å rope at barnevernet sel born for profitt. Ho fortel at ho har forbod mot å vitje både dottera og den tidlegare mannen sin, Julius, også kjend som Judas.

Diagnosane

Tonen er lett i innleiinga. Agnes mot verden verkar nesten som ein komedie først. Dei slengjer ut referansar til Midnight Cowboy, Hjemme alene og jamvel Shakespeare, om enn via populærkultur. Mrs. Chatterjee vs Norway må nemnast, bollywoodfilmen mot barnevernet. Stemninga er god. Kjekling om pengar og omsorg for folk med mogeleg overdose glir forbi med humoristisk tone. Er det ei solskinshistorie frå rusmiljøet? Rusromantikk? Sjølvsagt ikkje. Det må bli mørkare.

Etter kvart renn det på med velferdsstat, rusproblem, demens, rettar og livsløgn av ymse slag. At det er fleire element involverte i lagnaden til folk som rusar seg kvar dag, er ikkje rart. Psykiatri og rus er ein av mange kombinasjonar som er vanlege.

Agget Agnes har mot staten, er sterkt. Raseriet er forståeleg, men menneska som representerer det offentlege, er ikkje skurkar i debutfilmen til David B. Berget. I den grad ein skal leggje eit bodskap til filmskaparen, er det vel at velferdsstaten ikkje er så verst. Det meste er godlynt og velmeint.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement