Film
Trine den store
Trine Dyrholm ruvar i velskrive dansk drama.
Trine Dyrholm i hovudrolla som Ane, mor til to døtrer og med ein ektemann som har funne ei anna.
Foto: Ymer Media
Ane (Dyrholm) dykkar og leverer prøvar på laboratoriet før ho skal førelesa. Ho er snart i mål med ein vitskapeleg artikkel. På heimebane har ho to døtrer, tenåringen Clara (Storm) og den yngre Marie (Svelmøe).
Den konfliktsky ektemannen Thomas (Dencik) har ny kjærast (Schmidt). Det veit Ane, som er irritert fordi han ikkje fortel døtrene at han skal flytte. Så går Ane i bakken. Ein blodpropp endrar alt.
Primadonna
Regissør Jeanette Nordahl viste med debuten Blodsbånd (2020) at ho kan lage bra drama. Begynnelser er eit endå betre døme på det. Og om du først kan lage godt drama i Danmark, lønner det seg å ha den makelause skodespelaren Trine Dyrholm med på laget.
Ho leverer støtt så godt at ein kan ta det for gjeve. Det bør ein ikkje. At ho kan dominere lerretet, veit vi frå filmar som Dronningen (2019) av May el-Toukhy og Margrethe den første (2021) av Charlotte Sieling. Dyrholm er formidabel i rolla som Ane. Vi får raskt etablert eit sjølvsikkert flogvit med fysisk styrke. Raset av kjensler på grunn av sjukdom er levert både varsamt og kraftfullt.
David Dencik er òg strålande som Thomas. Båe rollene nyt godt av at Jeanette Nordahl og Rasmus Birch har skrive eit utmerkt manus med samansette karakterar. Dei hoppar elegant unna klisjear. Når nokon oppfører seg dårleg, forstår vi kvifor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.