Film

Syng i mørket

Norske Mona Fastvold er ein av dei meir ambisiøse og modige filmskaparane i USA.

Amanda Seyfried spelar Ann Lee i historia om grunnleggjaren av den religiøse Shaker-sekta.
Publisert Sist oppdatert

Etter grufulle opplevingar knytte til kroppsleg omgang, barnedød og fengsel ser Ann Lee ljoset midt på 1700-talet. Aldri meir seksuelt samkvem. Ho blir ein messiansk leiarfigur i den evangeliske kvekarrørsla i Manchester, før ferda går til Nord-Amerika for å spreie ordet.

Ann Lee er kjend som grunnleggjar av den karismatiske rørsla Shakers, på grunn av risting, tungetale og song.

Polyfonisk sprø

Her ligg alt til rette for eit musikalsk kostymedrama. Filmskaparen Mona Fastvold har laga ein storslegen musikal. Frå fyrste scene snik rytmiske, melodiske lydar seg inn rundt matbordet. Det skapar sterkt driv. Eg diggar den rytmiske messinga. Faktisk skulle eg ønskje det var meir gjennomgåande.

Kvekargruppa bryt ofte ut i song, men The Testament of Ann Lee er ikkje ein tradisjonell musikal. Folk syng ikkje replikkane. Det passar godt. Scener med massesuggesjon, koreografert rørsle og korsong fengjer. Dei sakrale sekvensane er gode.

Komponisten Daniel Blumberg har dels brukt tradisjonelle Shaker-songar. Det strekkjer seg frå det dvelande til vakre harmoniar. Eg tenkjer støtt på det fantastiske indiekorbandet The Polyphonic Spree, men nokre nummer er reinare pop, og eit par gonger sender gitarar tankane til heavy metal frå åttiåra når eg helst hadde sett at dei bikka over i postrocken til Godspeed You! Black Emperor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement