Film
Denne trong eg
Lille Amelie er ein dose vakker nostalgi som dyttar tankane til enklare tider.
Filmen om vesle Amelie var nominert til Oscar, Golde Globe og European Film Award i kategorien beste animasjonsfilm.
Foto: Another World Entertainment
I 1969 bur ein belgisk diplomatfamilie i eit hus i utkanten av Kobe. Då vesle Amelie er to og eit halvt år, skjer det saker og ting som gjer at ho plutseleg vaknar til live, så å seie: Bestemora gjev ho eit stykke sjokolade, og Nisho-san byrjar jobba for dei. I eit lite liv verkar alt stort og viktig, og det er det kanskje òg?
Ein alen lange
Det er ein litt søkt start, der Amelie ser seg sjølv som Gud, eit omgrep ho neppe kjenner til, og observerer familien som eit klokt ikkje-kommunikativt orakel. Så får eit jordskjelv henne til å bestemma seg for å nedverdiga seg til å fortelja dei litt om stoda, og ho blir forskrekka når det berre kjem babybablelydar ut av ho. Det er både morosamt og rørande, og set tonen for resten av filmen.
Ho er som den klokaste toåringen som nokosinne har levd, og samtidig akkurat like enkel som alle toåringar i verda. Historia er basert på romanen til Amélie Nothomb, som sjølv budde dei fyrste fire åra av livet sitt i utlandet, der faren var diplomat. Då ho var lita, pleidde ho å seia at ho var japansk, og den identiteten er det vesle Amelie i filmen også er svært oppteken av.
Barneperspektivet er gjennomført sjølv om resonnementa av og til snublar fordi ein så liten person ikkje har føresetnad for å forstå kva til dømes krig er, eller nasjonalitet, for den del.
Medisin
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.