Teater
Med skarpt blikk for det medmenneskelege
Eit djupt menneskeleg drama om å finne seg sjølv og kvarandre i ei vanskeleg tid.
I tillegg til dei sju hovudpersonane møter vi figuren Framand. Foto: Siren Høyland Sæter
Arne Lygre har mykje på hjartet i det nye skodespelet sitt. Kanskje for mykje. Men saman med regissør Johannes Holmen Dahl dreg han det nokolunde trygt i hamn til slutt – i eit stykke som er noko av det mest optimistiske den suksessrike dramatikaren har signert.
Tilhøyrsle, identitet, kjærleik og svik, omtanke og omsorg, einsemd, vilje til å akseptere «avvik» og behovet for menneskeleg fellesskap og forståing blir tematiserte i ei framsyning som treng noko tid på å «setje seg», og som somme tider kan verke litt stilleståande.
Handlinga er lagd til ei øy på Vestlandet, der sju menneske med ulik bakgrunn møtest. Fire av dei har nett vendt heim etter mange års fråvær, to er nyinnflytta og ein har aldri forlate øya. I eit varmt sommardøgn kjem dei kvarandre nær, opnar seg for kvarandre, konfronterer kvarandre med ting frå fortida, men er framfor alt innstilte på å finne ein positiv og konfliktfri veg vidare for alle.
Meininga
Felles for heile gruppa er at kvar og ein har sine røynsler med livet, samlivet eller det manglande samlivet. Og, kanskje, meininga med livet – ligg ho ein annan stad, og kanskje nærare, enn der dei har speida?
Ved sida av dei sju hovudkarakterane – Kristoffer (Preben Hodneland), Olav (Leo Magnus de la Nuez), Allis (Thea Lambrechts Vaulen), Rakel (Marie Blokhus), Sjur (Kyrre Hellum), Magdele (Sara Khorami) og Lars/Lara (Vetle Bergan) – møter vi også figuren Framand, tolka av dei same skodespelarane. Den framande representerer tilfeldige møte dei sju har opplevd, møte som på ulike vis har påverka livsvegen deira.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.