Teater
Sterkt om dei unge døde
Stundom er det heilt enkle det einaste rette, som denne oppsetjinga viser.
Skodespelarane er i stadig rørsle på dei sceniske elementa.
Foto: Andreas Roksvåg
Det er ei svært krevjande oppgåve å ville lage teater av det som skjedde på Utøya for snart 15 år sidan.
Vibeke Flesland Havre har valt ei varsam tilnærming, der tre skodespelarar saman gir oss tre ulike perspektiv på hendingane – dei seks ungdomane frå Vestland som blei drepne, foreldra deira og drapsmannen, som aldri blir namngjeven.
Ved heile tida å la perspektivet veksle mellom desse maktar dramatikar/regissør å skape dynamikk og framdrift i noko som er reint forteljeteater. Vi blir presenterte for dei seks ungdomane mellom 15 og 21 år, idealistar i ord og handling og sterkt engasjerte i politisk arbeid på ulike nivå, fleire av dei leiarar i ungdomspolitikken. Unge med tydelege verdiar, unge som kunne gjort norsk politikk til noko anna enn han er blitt i dag.
Sterke inntrykk
Å bli kjent med desse ungdommane for deretter å følgje det tragiske handlingsforløpet den fatale dagen, gjer sterkt inntrykk. Ikkje minst å få kjensla av å vere tett på det som skjer, der jaga, fortvilte unge gutar og jenter spring for livet på ei lita øy med få sjansar til å sleppe bort frå ein ideologisk galen drapsmann.
Når den historiske handlinga er så dramatisk i seg sjølv, finst det ingen grunn til å dramatisere ytterlegare. Og det gode ved denne framsyninga er nett dette; at alt av effektar, all overdriven stemmebruk, skriking og springing er borte. Det vesle som trengst, tek Silje Grimstads gjennomtenkte lysbruk seg av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.