Teater

Intenst og stadig aktuelt historisk drama

Doktor Armauer Hansen presenterer medisinsk og sosial historie på dramatisk vis.

Karl-Vidar Lende i rolla som dokter Armauer Hansen.
Publisert

Personlege kriser, etiske problem, faglege konfrontasjonar og tvilsam kyrkjemakt. Det manglar ikkje på aktuell tematikk i Stig Amdams nye teaterstykke om Gerhard Armauer Hansen, bergenslegen som i 1873 oppdaga leprabasillen og med det synte at det var smitte, ikkje arv, som stod for spreiinga av den dødelege sjukdommen.

Dramatikaren har ikkje gjort det enkelt for seg sjølv, men han handterer det omfattande materialet på imponerande vis og gjer Doktor Armauer Hansen til ei sterk, stadig aktuell og svært engasjerande framsyning. Og i tillegg eit stykke viktig medisinsk og sosial historie.

Blandingssjanger

Stykket, som Amdam òg har regien på, er ei blanding av historisk dokumentar og fiksjon. Nett kvar skiljet går mellom dei, er ikkje så enkelt å slå fast, men det verkar som om Amdam ikkje på noko punkt kryssar grensa på utilbørleg vis. Det gjorde derimot Armauer Hansen (Karl-Vidar Lende) sjølv, i røynda og i stykket, då han i desperat jakt etter eit middel som kan drepe leprabakterien, utan samtykke injiserer bakterien frå den dødelege lepratypen på pasienten Kari Spidsøy (Stine Robin Eskildsen). Det fører til rettssak og dom.

Som ung lege kjem Armauer Hansen til Pleiestiftelsen i Bergen i 1864. Der regjerer overlege Daniel Danielsen (Tormod Løvold), som har «bevist» at lepra er arveleg. Tre av Danielsens døtrer er døde av tuberkulose. Den siste, Fanny (Susann Bugge Kambestad), giftar seg med Armauer Hansen, men døyr av same sjukdommen etter mindre enn eit år. Faren insisterer på same behandling som før, høg varme og fukt, Armauer Hansen på det motsette, men møter ikkje forståing. Ingen mangel på faglege og personlege konfliktar, altså.

Inn og ut på pleiestiftinga går også prost Christian August Grønvold (Pål Rønning), som ikkje berre har overtydd pasientane om at sjukdommen er Guds straff for vonde tankar og gjerningar, men også at dei vil kome «reine» inn i himmelriket. Difor nektar dei å la seg obdusere eller skjere i ved døden, noko Armauer Hansen overprøver og som også bidreg til «opprøret» mot han som endar i retten. Prosten skal ivareta interessene til pasientane, men dei må truge han til å melde Armauer Hansen til politiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement