Teater

Hamlet for dei som kjenner stykket frå før

Mads Ousdal gjer ein imponerande jobb med å tolke alle roller i Hamlet.

Hamlet (Mads Ousdal) på kyrkjegarden.
Publisert Sist oppdatert

Rogaland Teater leverte i 2014 ei oppsetjing av Hamlet som eg – etter fire timar – ønskte ikkje skulle ta slutt. Regissør Kjersti Horn lét augo våre bli overvelda av fargerike ballongar, nokre med festlege påskrifter, andre med daudinghovud.

Slik forstod vi at det på slottet i Helsingør hadde vore kongeleg bryllup rett etter at gamle kong Hamlet vart gravlagd. Prins Hamlet, som vil hemne far sin, vart imponerande tolka av Torbjørn Eriksen, som veksla mellom ironi, spott, liksomgal oppførsel, djup depresjon og mørk dødslengt. Skjebnen til Ofelia vart hjarteskjerande framstilt.

No syner same teater Hamlet på halve speletida og med berre éin skodespelar: Mads Ousdal.

Éin skodespelar

Også Ousdal, godt instruert av regissør Erik Ulfsby, gjer ein framifrå jobb. Det er imponerande å levere 13.000 ord i høgt tempo. Med ørsmå grep varslar skodespelaren kven som talar: Horatio tek på seg briller, kong Claudius stryk handa over hovudet, hoffmann Polonius held armen over hofta.

I rolla som Ofelia viftar Ousdal med eit kvitt slør, når mor til Hamlet talar, vert stemma lysare. Ousdal flyttar seg kjapt på scenen alt etter kven som fører ordet. To spyttslikkarar ved hoffet vert på komisk vis framstilte med kvite ballongar som Ousdal blæs opp til liksomhovud.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement