Teater
Les Miserables som filma teater
Dei elendige er mange i Hugos vidkjente roman. På Rogaland teater får vi sjå andleta deira vri seg i fortviling over vondskapen i verda.
Politispion Javert (Glenn André Kaada) til venstre, Jean Valjean (Cato Skimten Storengen) til høgre.
Foto: Stig Håvard Dirdal
Videofilming brukt i teaterframsyningar er eit tviegga sverd. I starten var teknologien så enkel at det knapt gav noko ekstra til opplevinga å sjå ein kameramann filma skodespelarane medan bileta vart overførte til ein mindre skjerm (Enron, 2011).
Seinare vart videoprojeksjonane betre integrerte. Instruktørane hadde verkeleg oppdaga korleis dei kunne bruke filmvisning på skjerm.
Eit varemerke
For regissør Kjersti Horn har bruken av video vorte eit varemerke. Til no har eg likt det ho har funne på: I En folkefiende (2017) gjekk Stockmann ut døra i bakveggen. På ein skjerm over scenen såg vi han kome ut i snøkledd skog, i ein filmsnutt spela inn på førehand. I Scener fra et ekteskap (2019) bevega eit gift par seg i ei leilegheit. Medan dei snakka om samlivet sitt, filma to fotografar mimikken deira og synte han i storformat på bakveggen. Det fungerte godt å kome så tett innpå dei.
I Fanny og Aleksander (2023) tok Horn skjermbruken enda lenger: Det meste av luftrommet der vi ser inn på scenen, den såkalla «fjerde veggen», var fylt av eit svært lerret. Føtene til skodespelarane inne på scenen var synlege under skjermen, til liks med fleire møbel og rom i det ekdahlske huset. Fascinerande blei det då fotografen følgde Fanny og Aleksander ned ei bratt trapp til den slitne murkjellaren i teateret. Det vart den reine skrekkfilmen.
Berre lerret
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.