Roman

Ei skremmande og nær framtid

Med sin nye roman går Ali Smith inn i dystopien og skildrar eit England (?) der autoritære krefter har teke makta.
  

Ali Smith er ein skotsk forfattar og dramatikar.
Publisert Sist oppdatert

Det har ikkje alltid vore berre oppløftande å lese Ali Smith, om ein ser bort frå språkleiken og den litterære kvaliteten. Men heilt inn i dystopien har ho ikkje gått – før no. Med Gliff tek ho oss inn i ei framtid som ikkje ligg langt borte, men synest å vere skremmande nær.

Det mest uhyggelege er at det samfunnet ho skildrar, somme stader har komme merkbart nærare berre i månadene etter at denne romanen blei publisert i England.

Eit ubehag

Sjølv om den nye romanen på nokre vis kan lesast som ein oppfølgjar til årstidsserien hennar, som ligg føre i fem bind på norsk, representerer Gliff også noko anna. Heilt frå byrjinga anar vi eit ubehag, som snart går over til uhygge, etter kvart som eit samfunn stig fram med orwellsk overvaking og forfølging av personar som blir kalla «uverifiserbare» eller «midlertidige».

Presist kva desse omgrepa tyder, går ikkje klart fram, men det er tydeleg nok at det dreier seg om folk ein – enno – ikkje har klart å tvinge inn under det autoritære regimet som har teke makta. Straks dei «uverifiserbare» er identifiserte, kjem ein «E-liminator» og målar ei raud stripe kring huset deira før ein bulldosar jamnar det med jorda. Kanskje inspirert av israelsk framferd i Gaza og på Vestbreidda.

Det blir ikkje sagt direkte, men det ligg nær å tru at det er eit totalitært, om enn ikkje fullt ut totalisert, England forfattaren skildrar. Makta verkar fjern og utydeleg, men det synest ikkje vere militærmakt i tradisjonell meining, snarare kapitalistisk makt, pengemakt som etablerer ein elite og heilt medvite skaper avstand til «dei andre».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement