Samfunn
Vil ikkje ut med annonsesum
Rema 1000 gir ein million kroner til Frelsesarmeen, men nyttar endå større summar på å marknadsføre donasjonen.
Misteltein og mørkeblått: Annonsane Rema 1000 har fått sett opp over heile T-bana i Oslo, der dei oppmodar folk til å gi pengar til Frelsesarmeen, har same preg som den øvrige reklamen butikkkjeda nyttar i julestria.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Du har kanskje sett det sjølv: I bygd og by over heile landet dukkar det opp reklame finansiert av Rema 1000. I reklameplakatar på T-bana og offentlege plassar og videoar i sosiale medium lovar daglegvarekjeda å gi éin million kroner til Frelsesarmeen, som sistnemnde deretter deler ut på eige initiativ. Samstundes oppmodar butikkjeda folk til å gi eigne bidrag.
Ein liknande kampanje gjekk òg i fjor, der Frelsesarmeen fekk inn totalt sju millionar kroner – to av dei frå Rema. Då fekk 16.000 husstandar hjelp frå Frelsesarmeen til jul. Inflasjon og aukande matvareprisar har vore vanskeleg for mange. I juli melde TV 2 at folk stod fire timar i matkø i Oslo. «Det har aldri vært så ille som nå», uttalte Astrid Åsbakk, som har jobba som frivillig ved Fattighuset i 20 år, til kanalen.
Prisvekst
Sjølv om kjøpekrafta i snitt no går opp, er det mange som ikkje følger med i denne utviklinga. Barnefamiliar er særleg sårbare for økonomisk uvisse, syner ein fersk rapport frå Statens institutt for forbruksforsking. Halvparten av einslege forsørgarar har ikkje råd til nok mat.
I daglegvarebransjen har det derimot vore gode tider. I fjor auka driftsresultatet med 17 prosent. Same året auka prisane på mat og drikke med 5,2 prosent, noko som bidrog til å auke omsetninga til daglegvareaktørane.
Ein liten del av overskotet går til samfunnsgagnlege føremål. Men millionen Rema lovar bort til Frelsesarmeen no, er under ein totusendel av driftsresultatet kjeda fekk i fjor: 2,1 milliardar. Gåvesummen ei av Noregs største verksemder no reklamerer for, er omtrent den same som halvanna lærarløn. Skulle ein fordelt summen likt på alle dei 16.000 husstandane som fekk hjelp frå Frelsesarmeen til jul i fjor, ville kvar fått 62,5 kroner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.