Sakprosa

Spinn eller forsvinn

Demokrati til salgs er eit innsiktsfullt vitnesbyrd om kva makt PR- og påverkarbransjen har i norsk politikk.
 

Thomas Spence (f. 1958) er journalist og fagforeiningsmann.
Publisert Sist oppdatert

«Spin doctor». Omgrepet gir meg assosiasjonar til ymse Hollywood-filmar innan thriller-segmentet. Der durkdrivne og hardkokte politiske strategar opererer i det skjulte og i gråsona. Via kryptiske samtalar i dårleg opplyste parkeringshallar, innhylla i sigarettrøyk, trekkjer dei i usynlege trådar. Dei sørgjer for at skitne løyndommar blir dekte til, og at brysame vitne teier. Slik at the dirty candidate blir hylla med konfetti på valdagen av lukkeleg uvitande veljarar. Justice for all in the land of the free! Heldigvis har me det ikkje slik i Noreg. Her har staute og ubestikkelege norske menn og kvinner på Løvebakken aldri vore inne på tanken om å lata seg påverka av noka interessegruppe. Uansett kor mykje pengar og overtalingskompetanse vedkomande måtte ha i ryggen. Skulle du ha sett – me er best i verda der òg!

Sakprosa

Thomas Spence:

Demokrati til salgs. Myter, metoder og knep i kommunikasjonsbransjen

Dreyers Forlag

Endra styrkeforhold

Ok, så er desse opningsscenene noko karikerte i kvar si retning – og slik sett kanskje urettvise som oppspark til Thomas Spences (f. 1958) Demokrati til salgs. Myter, metoder og knep i kommunikasjonsbransjen. Som i form er eit balansert og nøkternt skriftstykke, med mål om å skildra korleis PR-bransjen, kommunikatorane og lobbyistane påverkar politiske vedtak i Noreg med sitt «spinn». Og like viktig: korleis makta og prestisjen til desse politiske influensarane, denne såkalla femte statsmakta, aukar på kostnad av journalistar. 

Forfattaren «har opplevd en stor endring i arbeids- og styrkeforholdet mellom kildene, deres kommunikasjonsstaber og oss journalister. Veksten i stabene har skjedd parallelt med etableringen av myteomspunne PR- og kommunikasjonsbyråer. Bransjen vokser uavbrutt samtidig som redigerte medier møter nye konkurrenter og gjennomlever økonomisk krise, nedbemanninger og tilbaketrekking, geografisk og emnemessig».

Dermed er Demokrati til salgs òg å betrakta som ein journalistisk elegi eller svanesong; ein nærast historisk reportasje frå Thomas Spences nærare halvthundreårige røynsle som pressemann, der tendensen til forfattaren er lett å merka. Innleiingsvis konkluderer han med at utviklinga «åpner for en skjevfordeling hvor de med tykk lommebok i virkeligheten får tildelt mange millioner flere stemmer og mer makt enn folk flest som bare har én stemme».

Politikarar til sals?

Korleis har endringa skjedd? Mellom anna ved at prestisjen til pressa og etablerte medium har minka, og at talentfulle og velutdanna unge menn og kvinner difor heller vil jobba med kommunikasjon og PR enn journalistikk. I tillegg ved at ei rekkje av kollegaene til Spence har «kryssa golvet» og gjort nytte av både nettverket sitt og kompetansen sin i ulike roller i kommunikasjonsbransjen.

Men mange politikarar skiftar òg beite på denne måten, og i enkelte tilfelle får dei eit «svikarstempel» med seg på vegen som avskjedshelsing frå tidlegare kollegaer. Sist ut i så måte var Høgres Tina Bru, då ho tidlegare i haust gjekk frå Stortinget til First House. «Hun selger seg», var beskjeden frå Mímir Kristjánsson (Raudt). «Hold dere langt unna henne» og «et demokratisk problem», la Geir Pollestad (Sp) til. «Jeg får meg en vanlig jobb», repliserte Bru prosaisk om rollebytet.

Veksten til PR-byråa er éi side av saka, ei anna er auken av tilsette innan kommunikasjon i offentleg forvaltning, som ifølgje forfattaren i stadig større grad påverkar norske politikarar og korleis dei skal uttala og føra seg, og gjer dei mindre sjølvstendige. Spence teiknar eit bilete av eit offentleg, politisk Noreg som har lukka seg, og der kjeldearbeidet har blitt meir utfordrande. Både politikarar og offentlege fagfolk er vanskelegare å få i tale, og i staden får journalistar generelle og inkjeseiande e-post-svar frå kommunikasjonsavdelinga. Trenering av saker og forskjellsbehandling av medium blir nemnde som andre negative sider av utviklinga.

Balansert

Styrken til Spence er at han både har og bruker eit svært breitt kjeldenettverk, der motstemmer får koma til orde.

Kanskje er ikkje sistnemnde moment det mest oppsiktsvekkande, dette er tendensar me har høyrt om i lengre tid og frå fleire instansar. Forfattaren kan både her og enkelte andre stadar bli litt lærebok-aktig, som om han underviser unge journalistar i metodikk. 

Styrken til Spence er at han både har og bruker eit svært breitt kjeldenettverk, der motstemmer (til dømes mot forfattaren sin eigen ståstad) får koma til orde. «Mange av oss opplever at vi er demokratiarbeidere. Vi driver med folkeopplysning», uttaler til dømes Anne-Lise von der Fehr, dagleg leiar i Kommunikasjonsforeningen. Slike synspunkt er med på å skapa ei nyansert framstilling.

Boka gir slik ein mangfaldig presentasjon av temaet, men òg av faget kommunikasjon, med ulike døme som alt frå sundagsopne butikkar, erstatninga til pelsdyrbøndene og «tåkefyrste»-stempelet på Jonas Gahr Støre, der kommunikatorar har vore involverte for å prøva å dra diskursen i ei bestemt retning. Eg tek meg derimot stundom i å sakna at fleire forskarar hadde kome til orde om fenomenet betalt kommunikasjon. Spence kunne òg innimellom gått meir konfronterande til verks i intervjua sine for å få fram kritiske spørsmål og få opp temperaturen. Elles er boka meir velskriven enn mykje annan sakprosa som blir utgjeven.

Alt i alt sit eg att med ei kjensle av at ein kan lika PR-bransjen eller ikkje, men at dei uansett kjem til å vera ein sentral maktfaktor i framtida. Og at både politikarar og ulike nærings- og interessegrupper truleg må ha eit medvite forhold til han, og at dei elles òg sjølve må jobba med eige image, anten dei vil eller ikkje. Spinn eller forsvinn, om ein vil.

Leif Tore Sædberg er utdanna journalist og lesevitar og jobbar som kommunikasjonsrådgjevar og litteraturkritikar