Bok

Blåtime

Dialogane løftar fram eksistensielle grunnvilkår.

Dag Johan Haugerud er filmskapar og forfattar.
Publisert Sist oppdatert

Dag Johan Haugerud er for mange meir kjend som filmregissør enn som forfattar, ikkje minst vart trilogien Sex, Drømmer og Kjærlighet svært godt motteken. Personane i filmane hans snakkar gjerne mykje og inngåande om eksistensielle tema, om lengt og begjær, om tap, om einsemd og fellesskap – ofte i kvardagslege settingar.

Slik også i Sjelesorg, som har ein hovudperson som har ei profesjonell tilnærming til denne typen dialog. Thomas er diakon og tilsett i ei kyrkje i Oslo. Han er likevel ikkje personleg kristen, men ønskte å vere til hjelp for menneske i sjeleleg naud. Yrkesvalet må han ofte forsvare. For seg sjølv må han forsvare andre val òg, ei hending frå ungdomstida gneg han og blir aktualisert på notidsplanet i romanen.

Sjelesorg utforskar og sirklar inn grensegangar i mellommenneskelege relasjonar, i det private og profesjonelt: Kor langt skal vi strekkje oss for andre menneske? Kan ein blande intimsfæren inn i det profesjonelle – eller går det ei absolutt grense der? Den som såg filmen Kjærlighet, vil kjenne att denne siste tematikken.

Yrkesetikk

Thomas er homofil. Han forelskar seg i ein ven av ein ven. Men objektet for forelskinga gjer raskt Thomas til sin fortrulege. Det gjer det umogeleg for Thomas å innleie eit kjærleiksforhold, sjelesorg kan ikkje samordnast med ein intim relasjon i hans samvit og yrkesetikk. Likevel greier han ikkje å gje slepp, han saknar og lengtar. Livet blir fylt av liding og sorg. Han kjenner seg einsam og «blå/blue». Dette har han sams med fleire av dei andre vi møter i boka.

Vi møter Thomas på jobb i kyrkja i kvardagen, i ymse sosiale tiltak han og dei andre tilsette har sett i gang. Presten i kyrkja er ein av dei eldste vennene hans og veldig ulik han sjølv. Friksjonen mellom dei er fruktbar og trygg, dei har kjent kvarandre så lenge.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement