– Russland må kvitta seg med den kolonialistiske arven
Vitaly Servetnik er ein av fleire opposisjonelle som har måtta rømma frå Russland. I eksil i ein stor europeisk by jobbar han for total politisk transformasjon av Russland.
Vitaly Servetnik er miljøforkjempar og arbeider for demokrati og eit nytt regime i Russland.Foto: privat
Erik MartiniussenErikMartiniussenErik Martiniussenjournalist
PublisertSist oppdatert
Då Russland invaderte Ukraina, måtte mange russiske
opposisjonelle rømma landet. Ein av dei var Vitaly Servetnik (40), ein russisk
miljøvernar som hadde vigd livet sitt til å arbeida for meir demokrati.
Vitaly Servetnik
Russisk demokrati- og miljøforkjempar
Bur no i ein europeisk storby der han leier Environmental Crisis Group, som støttar russiske opposisjonelle og miljøvernarar
Har samarbeidd med mellom andre Naturvernforbundet og Natur og Ungdom i Noreg
Del av eit nettverk med opposisjonelle som jobbar langsiktig for eit regimeskifte i Russland
Servetnik leier Environmental Crisis Group, som støttar russiske opposisjonelle og miljøvernarar, og jobbar saman med andre eksilrussarar for å forandre det politiske systemet i Russland totalt.
Han meiner det er
avgjerande at den russiske opposisjonen får støtte frå Vesten.
I slutten av november besøkte han Oslo for å møta norske
parlamentarikarar og snakka om opposisjonen i Russland.
– Korleis arbeider Environmental Crisis Group for meir demokrati i Russland?
– Me har eit nettverk av aktivistar og miljøvernarar heime i
Russland. Det er ekspertar og organisasjonar som framleis jobbar der. Det er
vanskeleg, men me prøver å hjelpa dei som vågar å vera kritiske. Me jobbar
oppsøkjande og hjelper dei me ser engasjera seg, med å komma i kontakt med andre
og slik skapa eit nettverk. Me hjelper dei òg med å få tilgang til advokatar og komma
i kontakt med presse.
Den kolonialistiske arven
Då Russland invaderte Ukraina, var det tydeleg for Servetnik
at det han dreiv med, ikkje ville bli tolerert. Organisasjonar vart forbodne, opposisjonelle vart arresterte og fleire vart utviste. Servetnik fortel at han også er ope
homofil, noko som er særs farleg i Russland i dag.
– Frå plassen min utanfor Russland kan eg no hjelpa dei
som er igjen, anten det gjeld menneskerettar, LHBT eller miljøvern, forklarer han.
– Me må sjå for oss korleis Russland kan bli etter Vladimir Putin.
Me må ha eit heilt nytt regime, ikkje berre ein ny president.
– Kva meiner du med at det trengst eit nytt regime?
– Me i eksilrørsla diskuterer korleis det kan sjå ut, om det
skal vera eit parlamentarisk styre, om ein skal gi meir autonomi til regionane,
meir autonomi for urfolk.
Han meiner Russland må leggja bak seg den kolonialistiske arven som dagens styre byggjer på. Ressursane i landet må delast på ein annan
måte. I dag blir både folk og land utnytta, seier han.
– Alt dette heng saman med krigen, og
krigen er eit direkte resultat av den kolonialistiske arven til Russland. Dei
behandlar menneske som om dei var råvarer.
– Meiner du at det å jobba med miljøspørsmål er ein
måte å jobba mot regimet på?
Demonstrantar mot krigen i Moskva 24. februar 2022. På banneret står det «Ukraina – fred, Russland – fridom».Foto: Dmitrij Serebrjakov / AP / NTB
– Ja. Det er utenkjeleg at det sitjande regimet kan føra ein
miljøvennleg og rettferdig politikk. Å få til eit meir miljøvennleg styre vil
krevja meir desentralisering av makta, eit meir rettferdig styre og til
sjuande og sist eit anna regime.
– Regimet fryktar oss
Servetnik fortel at miljøsaka er tett knytt til sosiale spørsmål og økonomisk
makt.
– For meg er det opplagt at det å jobba med miljø er ei politisk sak, og
jobbar du breitt og for ei systematisk forandring, så er dette ein måte å gjera
det på i Russland i dag.
– Så å mobilisera folk i miljøsaker er å
mobilisera mot regimet?
– Absolutt. Miljøspørsmål aktiverer folk og byggjer sivilsamfunnet. Det blir eit viktig verktøy. Dei startar
kanskje med ei miljøsak, så får dei erfaring i å jobba med ei politisk sak, dei
får kontaktar, og slik byggjer dei erfaring. Eg har 20 års erfaring med dette. La oss seia at ein venn av Putin tener pengar på å byggja
ein skyskrapar i ein park. Når folk protesterer mot bygningen, ser dei
som sit med makta, på det som ein trussel.
– De har også saksøkt Russland for brot på
klimaforpliktingane sine?
– Ja. Dette søksmålet starta før invasjonen av
Ukraina. Me er ikkje naive. Me trur ikkje at det juridiske systemet i Russland
fungerer. Saka vart sjølvsagt avvist av både den konstitusjonelle domstolen og
av høgsteretten. Men me har no ført saka inn for Den europeiske
menneskerettsdomstolen.
– Korleis kan eit klimasøksmål ha noko å seia? Vil
regimet bry seg om det?
– Saka er viktig. Nokre av dei russiske miljøvernarane var
dei første som vart fråtekne statsborgarskapen sin. Det viser at regimet fryktar
oss. Russland er ekstremt avhengig av olje og gass, og utsleppa berre aukar.
No ønskjer regimet å visa at dei bryr seg, og at Russland er med på å løysa
internasjonale problem. Men eigentleg lyg dei. Søksmålet vårt skal visa at dei
lyg.
– Korleis?
– I klimaforhandlingane argumenterer Russland med at dei
skal redusera utslepp, men i realiteten går utsleppa opp. Russland skal auka
produksjonen av kol fram til 2030.
500 demonstrasjonar
Ifølgje Servetnik har regimet endra metoden for å berekna
utsleppa for å visa at skogen tek opp meir karbon enn han gjer.
– Dei
argumenterer med at Russland kan halda fram med å sleppa ut meir, for skogen
tek opp alt. Me kan dokumentera at dette ikkje er sant, og at dei lyg. Det er
viktig at dette kjem fram og ikkje er noko som berre aktivistar seier, men som
blir dokumentert gjennom internasjonal rett.
– Korleis kan ei sak i den europeiske
menneskerettsdomstolen påverka Russland?
– Mange russarar i
eksil jobbar med korleis det framtidige Russland skal sjå ut. Og ein dom kan
vera eit verktøy for korleis framtida skal sjå ut. På eit tidspunkt vil det
vera ein pause, eller ein slutt på krigen. Kanskje får me endringar i Russland
som gjer at Russland blir del av det internasjonale samfunnet igjen. Og det er
viktig å ha eit dokument som viser at politikken som har vorte ført, er feil, og
at han må endrast.
– Er det døme på at miljøsaka i Russland mobiliserer
breitt?
– Ja. I fjor var det eit stort oljeutslepp i Kerchsundet,
etter ein oljetankar. Det skapte stort engasjement i befolkninga. Tusenvis kom
til stranda for å rydda opp, og over 100.000 signerte eit opprop om at det
måtte erklærast som ei miljøkrise.
Servetnik har inntrykk av at folk bruker alle kanalane dei har, for å protestera mot regimet.
– Me har registrert 500 ulike
miljødemonstrasjonar det siste året i Russland. Det er aukande. Det har vorte
ein måte å protestera på. Mange russarar
hjelper også ukrainarar med å flykta. Dei hjelper dei over grensa og ut av
Russland. Det er ein indikasjon på at folk bryr seg.
– Likevel er det vanskeleg å sjå at den jamne russaren er
mot krigen.
– Det er langt fleire i Russland som er mot krigen, enn det
folk i Vesten trur. Det er undersøkingar som viser at meir enn 50 prosent av
befolkninga ønskjer ein slutt på krigen. Dei seier ikkje i eit intervju at dei vil
at Putin skal stoppa krigen. Det blir for direkte, men dei seier at dei ønskjer ein slutt på han. Og dette er altså dei offisielle undersøkingane. Russland er eit
veldig stor land. Sjølv om berre ein tredel er mot krigen, betyr det at over 30 millionar menneske ikkje støttar krigen. Ein kan ikkje berre ignorera dette.
Han fortel at regimet lèt som om dei har demokratisk legitimitet, men at mange vil stemme på
alt som er annleis enn dagens regime.
– Det gjer det vanskelegare og vanskelegare
for regimet i det heile å halda val.
– Mange i Vesten lurer likevel på kvifor ikkje endå
fleire russarar demonstrerer mot krigen.
– Ein må ikkje gløyma at det allereie før krigen var veldig
vanskeleg, og i realiteten ulovleg, å demonstrera. Så det å protestera vart ei
form for sivil ulydnad som krev eit ekstra nivå av oppofring. Sidan har det
vorte endå strengare. Protestar blir undertrykte med sterk vald, og
tortur er vanleg i fengsla. Trass i dette protesterte fleire titals tusen
russarar mot krigen i starten. Det vart slått ned med vald og tortur.
– Regimet må isolerast
Servetnik seier at det er ekstremt farleg å protestera i gatene i dag. For mange verkar det derfor som nesten meiningslaust å protestera. Det vil uansett ikkje få regimet til å
stoppa krigen.
– Dei såg truleg ikkje tyskarar som protesterte mot Hitler i gatene i 1942 heller. Folk held fram med å visa motstand mot krigen på
andre måtar, gjennom sabotasje, ved å ikkje interagera med staten, ved å hjelpa
ukrainske flyktningar.
Han fortel at nokre til og med donerer pengar og forsyningar til den ukrainske hæren, eller til ukrainske organisasjonar, noko som er ulovleg.
Fleire har hamna i fengsel for dette.
– Folk protesterer kanskje ikkje i
gatene på den måten som ville vore synleg på internasjonal TV, men dei
protesterer likevel på måtar som gir meining.
– Kva kan Noreg gjera for å hjelpa den russiske
opposisjonen?
– Det er viktig at Noreg framleis ser forskjellen på regimet
og sivilsamfunnet. Regimet må isolerast på alle måtar. Det er heilt sant. Men
sivilsamfunnet treng ei stemme. Dette er særs viktig. Me må ikkje hamna i den
situasjonen at me må slåst mot Putin heilt åleine. Det er lett å avskriva alt i
Russland på grunn av krigen. Men det er viktig å forstå at det er folk i
Russland som framleis jobbar mot krigen.
Servetnik fortel at opposisjonen allereie lever under
sterkt press frå regimet, men at dei no også lever under press frå mange europearar som meiner at alle
russarar er slemme.
– Noreg har valt å halda grensa mot Russland open. Det er
bra, for det er viktig at det framleis er mellommenneskeleg interaksjon, og at
opposisjonen blir støtta.