Kommentar

CIA-tilbakeslag

Rahmanullah Lakanwal, som skaut to soldatar i Washington D.C. i førre veke, har vore soldat i ein CIA-milits i Afghanistan.
 

General Leland D. Blanchard II ser på bilda av Andrew Wolfe og Sarah Beckstrom, som vart skotne i Washington DC 26. november, på ein pressekonferanse dagen etter. Bildet til høgre viser Rahmanullah Lakanwal, som skal ha skote dei, og som sjølv vart skoten og er hardt skadd.
Publisert Sist oppdatert

Det er snart 75 år sidan CIA erkjende at hemmelege operasjonar kunne få uventa og negative konsekvensar. Kuppet dei hadde organisert mot den iranske statsministeren Mohammad Mossadegh, utløyste breie antiamerikanske demonstrasjonar og mange år med undertrykking. «Blowback», skreiv ein CIA-analytikar i eit internt notat alt året etter, i 1954, og sikra dermed ordet ein sentral plass i det amerikanske politiske leksikonet.

Det har vorte mange blowbacks etter kvart – seinast i førre veke, då ein afghanar frå ein tidlegare CIA-støtta milits i Afghanistan skaut to amerikanske soldatar i Washington.

Kven var afghanaren? Det veit vi litt om. Rahmanullah Lakanwal har vore medlem av ein CIA-milits som spesialiserte seg på nattlege razziaar for å ta Taliban og andre militante grupper. Også andre i familien var involverte – ein av brørne hans var nestleiar for gruppa.

Gruppa til Lakanawal opererte i den sørlege delen av landet, Kandahar, men han og broren var sjølv frå Khost heilt i aust. Dette var ei medviten utplassering som spelte på geografiske motsetnader mellom landsdelane. Lokalbefolkninga framstod som meir framand og ein fiende.

Pistol i bagasjen

Då Taliban kom til makta i 2021, vart Lakanwal raskt evakuert til USA. Han fekk ei form for opphaldsløyve som berre afghanarar som hadde ytt særskilde tenester til amerikanske styrkar, fekk. Han vart busett på vestkysten av USA i lag med kona og fleire barn. 

Tilsynelatande var alt vel før han tok turen til hovudstaden med ein ladd pistol i bagasjen.

Mykje tyder på at Lakanwal sleit med psykiske lidingar. Alt medan han var i Afghanistan, klaga han til vener over harde militære operasjonar i militsen. Han byrja å røykje hasj. Like før maktovertakinga til Taliban drog han til heimbygda for å gifte seg med kone nummer to. 

Vi veit via kontaktane hans i heimbygda, som ein journalist frå The New York Times spora opp, at det gjekk raskt nedover. Nokre dagar etter bryllaupsfesten skilde han seg frå den nye kona. Han såg blod og drap overalt, fortalde han ein nær ven. Typisk posttraumatisk stressyndrom, ville mange sagt.

Nådelaus

Vi veit mindre om militsen han tilhøyrde. Han heitte NDS 03 og tilhøyrde eit militært nettverk som var finansiert, organisert og leia av CIA. Altså unndrege offentleg innsyn.

Men noko veit vi. Militsen var ein del av eit utstrekt samarbeid mellom CIA og den afghanske motparten NDS (National Directorate of Security). Han vart etablert i 2015, opererte i fire regionar i landet – nord, sør, vest og sentralområdet – og fekk nummererte namn frå NDS 01 til NDS 04. I aust opererte ein annan CIA-NDS-milits, den mest kjende og frykta: Khost Protection Force.

Alle CIA-NDS-militsane var kjende for brutale operasjonar med drap på uskuldige sivile, arrestasjonar og forsvinningar og øydelegging av hus og heimar. 

Militsane følgde openbert instruksen frå CIA-direktør Mike Pompeo i 2017: CIAs kampanje mot Taliban og Al Qaida skulle utvidast, lova han, og han kom til å bli «aggressiv, nådelaus og utan opphald».

Menneskerettsorganisasjonar og leiinga for FN-oppdrag i landet (Unama), byrja å dokumentere at Pompeo heldt det han lova. Journalistar og analytikarar grov fram detaljert informasjon om stygge episodar. Dei nattlege razziaane var spesielt kontroversielle. 

Human Rights Watch laga i 2019 ein rapport om overgrep mot sivilbefolkninga med tittelen «Dei har skote mange på denne måten».

Innbyggjarar på grensa mellom Afghanistan og Pakistan demonstrerer mot USAs åtak der sivile vart skadde og drepne, i 2010.

CIAs afghanske hær

CIA har ei lang historie i Afghanistan. Ho går tilbake til mujahedinens kamp mot Sovjetunionen og afghanske kommunistar på 1980-talet. 

Då CIA etter åtaket på USA i 2001 gjekk inn i Afghanistan igjen, hadde organisasjonen sjølv ikkje mange paramilitære styrkar. Etter kvart som Taliban-opprøret mot den internasjonale intervensjonen vaks, inngjekk CIA eit samarbeid med regulære amerikanske styrkar for å låne spesialstyrkar; programmet fekk namnet Omega. 

Dermed kunne CIA ikkje berre finansiere, men òg trene og organisere og delta i operasjonar saman med militsen i større skala.

Talet på afghanske militsar av ulike typar vaks raskt. Rundt 2010 hadde CIA «ein afghansk hær» på rundt 3000 mann, skreiv den vanlegvis godt informerte amerikanske journalisten Bob Woodward i boka Obama’s Wars. Oppgåva deira var å jakte på «terroristar», breitt definert. Styrken hadde namn deretter: Counter Terrorist Pursuit Teams.

Elitestyrkar

Militsen som CIA organiserte saman med NDS, og som Lakanwal gjekk inn i, var elitestyrkar av denne typen. Dei vart sette inn i samanhengande, strategiske operasjonar over heile landet for å svekkje Taliban etter at Nato i 2014 byrja innskrenke den militære rolla si.

Det er uklart kor mange dei var, kanskje 1000–1400 personar i kvar eining. Men dei var veltrena og godt betalte, og dei fekk avanserte våpen. Og sidan styrken som heilskap stod utanfor regulære militære kommandolinjer og statleg overoppsyn utanom dei hemmelege tenestene, kunne dei operere ganske fritt.

Sjølv om det stadig vart påpeika at militsen var ansvarleg for grove menneskerettsbrot, var det få eller ingen høve til å etterforske. Det same gjaldt rettslege eller andre former for oppgjer med dei ansvarlege eller å hindre nye overgrep. 

Militsen etterlét seg inga adresse der ein kunne klage. Den afghanske regjeringa kunne eller ville ikkje gjere noko, og CIA heldt ikkje ope hus i Kabul.

Blowback

CIA-sjefen vil neppe snakke om eit blowback i desse dagar. Det einaste han har sagt hittil, er at Lakanwal aldri burde fått innreiseløyve til USA. Men mun tru kva som står i CIAs interne notat. Kanskje ein klok analytikar igjen trekkjer linjene mellom hemmelege operasjonar og vald som spreier seg langs innfløkte vegar og til slutt slår tilbake på opphavet.