Litteratur

Riksarkivet i Valevåg

I seksti år har Einar Økland sendt og fått brev og manuskript. No er desse dokumenta frå norsk skriftkultur 1959–2019 digitaliserte. Økland-arkivet er som eit litterært riksarkiv.

DEN FØRSTE. Einar Økland med sin Remington Travel-Riter De Luxe frå 1959. Seinare kjøpte han maken hos ein skraphandlar. Frå sommaren 1993 har han vore Mac-brukar.
Publisert Sist oppdatert

Einar Økland i Valevåg er både ein snakkar og ein skrivar. Det har resultert i mengder av brev, konsulentfråsegner og manuskript. Frå oktober 2024 brukte eg 4 1/2 månadsverk på å ordne det viktigaste gjennom 60 år frå 1959 til 2019 etter den arkivstandarden som gjeld, og å digitalisere alt saman side for side.

Det fysiske Økland-arkivet med 695 legg har opphavspersonen sjølv hand om. Med over 9500 sider er det digitale Økland-arkivet om lag som arkivet etter Ivar Aasen. Sveio folkebibliotek forvaltar det digitale arkivet, som er allment tilgjengeleg etter dei reglane som gjeld for arkiv og personvern.

Einar Øklands studiesamlingar av gjenstandar, bøker, blad og aviser utgjer godt og vel 450 hyllemeter. Det fysiske Økland-arkivet fyller 2,4 hyllemeter og svarar dermed til ein halv prosent av Økland-samlingane. Den halve prosenten rommar mykje.

Arkivet er særleg interessant i kraft av Øklands litterære makt som forfattar, tidsskriftredaktør, redaksjonsmedlem og forlagskonsulent gjennom tiår. Ved å analysere boksamlingar prøver bokhistorikarar å få sagt noko om eigaren av samlinga. Liknande portrett av heile arkiv er det få av. Å slutte frå nokre hundredelar til eit livsverk i samling er tullferd. Då heller eit portrett av eit arkiv med mykje som ikkje finst andre stader.

Teknologiske endringar

Arkiv røper både teknologiske og andre historiske endringar. Det gjer også Økland-arkivet. Brev er ein sjanger, ikkje eit format. I Økland-arkivet går breva frå handskrift med blekk i retning av digitale brev som aldri blei papirfesta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement