Bok
Dyret i oss
Denne boka skal eg vakte med nebb og klør.
Ellen Støkken Dahl er forfattar og lege.
Foto: Agnete Brun
Ellen Støkken Dahl er forfattar og lege, og ho har vore medforfattar på fleire feira utgivingar, som Gleden ved skjeden (2017). Novellesamlinga Dyrisk er den skjønnlitterære debuten hennar, noko ein nesten ikkje skulle tru, då ho oppviser eit breitt og umåteleg overtydande skjønnlitterært repertoar.
Som tittelen varslar, er fellesnemnaren i dei sju novellene det dyriske. Ei kvinne som ser ut til ikkje å kunne få barn, vil skaffe seg eit kjæledyr og endar opp med ein slange. Sjølv hamnar ho opp krypande rundt på golvet i ein jungel ho har skaffa seg av dyr og plantar. Det er ikkje mange noveller eg skal seie såpass mykje om, for dei fleste har ei utvikling som tar oss langt vekk frå utgangspunktet, og denne ferda må ein lesar ideelt sett få vere med på.
Overføringsverdi
Novella «Flokken» handlar om eit miljø av organiserte løparar, der nokre unge jenter legg sin elsk på ein mann som er litt eldre enn dei, på rovdyrvis. Teksten seier noko om kor grenselaust og løpsk begjær unge jenter kan ha, ikkje minst når dei er i flokk.
Blant dei drygaste tekstane i samlinga er «Sevje» og «Hestejenter». Den første trur vi i byrjinga handlar om ein mobba gut som når han blir vaksen og startar ei speidargruppe, vil sørge for at andre ungar ikkje skal bli mobba. I staden blir vi med på ei oppbygging som blir meir og meir uroande, utsøkt og grøssande utført psykologisk og litterært. Den andre trur vi handlar om eit triveleg rideleirmiljø, men også der endar vi i overskridinga. Eller oversk-ridinga.
Dei tre tekstane som utgjer tittelen «Pattedyr», er ikkje like forløyste. Særleg den første, om ei mor som ikkje kan finne babyen sin etter ein middagslur, blir mest oppramsingar i spørsmålsform: Kan eg ha lagt han der? Eller der? Dei stadig meir usannsynlege stadene han kan ha blitt av, seier noko om korleis hjernen til ei mor som leitar etter eit barn, kan verke, likevel blir ikkje dette til like berande stoff, i si statiske form.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.