Forteljingar om frykt – russisk kvardagsliv i skuggen av krigen
«Spørsmålet er korleis vi levde»
Den russiske staten lærer oss korleis vi skal døy friske.
Teikning: May Linn Clement
I den delen av landet eg bur i, er dei i ferd med å stramme inn opningstidene for sal av alkohol. Før kunne du kjøpe alkohol fram til 23.00, no stenger utsalet 22.00. Styresmaktene innfører òg totalforbod mot sal av e-sigarettar. Dei to vedtaka kom nesten samtidig.
Dette kjem ikkje til å endre rutinane mine – eg drikk med måte, og eg har aldri røykt e-sigarettar. Men forbod som desse er irriterande, fordi dei er meiningslause.
Forboda er særleg meiningslause i russisk samanheng. For det første er det tullete at styresmaktene er opptatt av folkehelsa og motarbeider fyll og røyking med den eine handa, mens dei med den andre sender hundretusenvis av russarar til fronten, der titusenvis blir lemlesta eller drepne.
For det andre verkar ikkje denne typen forbod. Russarane har eit uttrykk: «Mangelen på handheving veg opp for dei strenge lovene.»
Dessverre gjeld ikkje dette prinsippet heile tida. Til dømes gjeld det aldri når det er snakk om «spreiing av falske opplysningar om hæren» og andre lover knytte til krigen. Då fengslar styresmaktene gladeleg folk dei meiner bryt lova. Men når det handlar om alkohol og tobakk, fungerer det godt.
Eg minnest ei sak for om lag 15 år sidan, då det blei forbode å selje øl om natta. Då dukka razlivajkaane – vi kan omsette det med «skjenkebutikkar» – opp over heile Russland, som sopp etter regnet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.