Den nye religionen
Rapport frå ei verd der marknadskreftene har teke full styring.
Les også
Regissøren Kacper Lisowski følgjer dommaren Igor Tuleya (biletet), som kjempar for grunnlova og mot nedbrytande politiske krefter.
Foto frå filmen
Demonteringa av eit demokrati
Les også
Kva gjer new public management med arbeidslivet, spør regissør John Webster i ein film som også byr på humor og ironi.
Foto frå filmen
Kvardagar på nært hald

Dokumentarfilm
Regi: Susanne Regina Meures
Girl Gang
Med: Leonie og foreldre, Melanie
Tyske Leonie er fjorten år gammal og alt ei stjerne på influensarhimmelen. Dagleg legg ho ut likt og ulikt på sosiale medium, og talet på følgjarar passerer snart millionen. Foreldra hennar har sagt opp jobben for vere management for karrieren til dottera.
Tidleg i filmen får Leonie formaningar om å vere meir autentisk. Men kva er autentisk ved å spele roller og reklamere for produkt ein kanskje knapt kjenner eller har eiga røynsle med – sjølv om det flyt av ulike produkt i husværet? Livet hennar består av sjølveksponering, reising, intervju og minner sterkt om forbode barnearbeid. Stresset aukar.
For følgjarane handlar det om å ha eit idol å identifisere seg med. Som Melanie (13), som lagar fan site på nettet og drøymer om å møte stjerna. Men etter kvart blir vonbroten. Hysteriet kvar gong Leonie syner seg, er fullt på høgd med Beatlemania, men The Fab Four hadde sitt eige å selje, noko dei stod inne for.
Nokre tal frå filmen: 86 prosent av jentene i ei undersøking seier dei vil bli influensar. 80 prosent av firma som sel produkt retta mot unge, er avhengige av influensarar.
Korleis det endar?
Det endar vel knapt, men filmen endar med at også foreldra hennar blir influensarar. Halleluja!
Eit interessant trekk ved filmen er at i lange sekvensar blir forteljinga akkompagnert av kyrkjemusikalske tonar. Meir råkande kunne det ikkje vere, for for mange synest dette å ha blitt den nye religionen.
Jan H. Landro
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Dokumentarfilm
Regi: Susanne Regina Meures
Girl Gang
Med: Leonie og foreldre, Melanie
Tyske Leonie er fjorten år gammal og alt ei stjerne på influensarhimmelen. Dagleg legg ho ut likt og ulikt på sosiale medium, og talet på følgjarar passerer snart millionen. Foreldra hennar har sagt opp jobben for vere management for karrieren til dottera.
Tidleg i filmen får Leonie formaningar om å vere meir autentisk. Men kva er autentisk ved å spele roller og reklamere for produkt ein kanskje knapt kjenner eller har eiga røynsle med – sjølv om det flyt av ulike produkt i husværet? Livet hennar består av sjølveksponering, reising, intervju og minner sterkt om forbode barnearbeid. Stresset aukar.
For følgjarane handlar det om å ha eit idol å identifisere seg med. Som Melanie (13), som lagar fan site på nettet og drøymer om å møte stjerna. Men etter kvart blir vonbroten. Hysteriet kvar gong Leonie syner seg, er fullt på høgd med Beatlemania, men The Fab Four hadde sitt eige å selje, noko dei stod inne for.
Nokre tal frå filmen: 86 prosent av jentene i ei undersøking seier dei vil bli influensar. 80 prosent av firma som sel produkt retta mot unge, er avhengige av influensarar.
Korleis det endar?
Det endar vel knapt, men filmen endar med at også foreldra hennar blir influensarar. Halleluja!
Eit interessant trekk ved filmen er at i lange sekvensar blir forteljinga akkompagnert av kyrkjemusikalske tonar. Meir råkande kunne det ikkje vere, for for mange synest dette å ha blitt den nye religionen.
Jan H. Landro
Hysteriet kvar gong Leonie syner seg, er fullt på høgd med Beatlemania.
Les også
Regissøren Kacper Lisowski følgjer dommaren Igor Tuleya (biletet), som kjempar for grunnlova og mot nedbrytande politiske krefter.
Foto frå filmen
Demonteringa av eit demokrati
Les også
Kva gjer new public management med arbeidslivet, spør regissør John Webster i ein film som også byr på humor og ironi.
Foto frå filmen
Kvardagar på nært hald
Fleire artiklar
Same tema
Tore Westre er lektor og har gått på Forfattarstudiet i Bø. No debuterer han som romanforfattar.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Så lada
Kjersti Elvik, Kristian Berg Jåtten, Jonatan Filip og Jon Ketil Johnsen i Arthur Millers stykke.
Foto: Den Nationale Scene
Når illusjonane drep