Film

Kvardagar på nært hald

Ikkje noko er meir mangfaldig enn kvardagen. For kvardag kan vere så mangt; det som er eksotisk for somme, er vane for andre.

Kva gjer new public management med arbeidslivet, spør regissør John Webster i ein film som også byr på humor og ironi.
Kva gjer new public management med arbeidslivet, spør regissør John Webster i ein film som også byr på humor og ironi.
Publisert

Med 120 heilaftans fiksjons- og dokumentarfilmar og ein haug med kortfilmar og musikkvideoar syner Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) nok ein gong at verda er full av kvardagar. Ofte skil dei seg sterkt frå kvarandre. Det rikhaldige dokumentarprogrammet får ein til å innsjå kor vedunderleg fargerik, samansett, kontrastfylt og stundom uskjønleg røyndommen er.

Ei moderne form for kvardag er blitt tvinga på oss dei siste tiåra, namnet er new public management (NPM). I filmen med den ironiske tittelen The Happy Worker – Or How Work Was Sabotaged demonstrerer John Webster gjennom samtaler med ei gruppe «utbrende» arbeidstakarar kva menneskelege kostnader dette systemet kan ha. Han samanliknar NPM med ei hemmeleg handbok frå siste verdskrigen med tips om korleis ein kunne sabotere fiendens arbeid: fleire avbrot, fleire møte, fleire mellomleiarar, stadige omorganiseringar.

Kjenner nokon seg att?

I eit slikt system ville Torstein Raaby (1918–1964) teke sin død. Han var ein av våre høgst dekorerte og minst kjende krigsheltar, hemmeleg agent og sentral i innsatsen for å senke slagskipet «Tirpitz», ein eventyrar og spenningsjeger som også var mannskap på Thor Heyerdahls Kon-Tiki-ekspedisjon.

Men nokre år seinare gjekk han som boms i Oslo før han blei berga, og i 1964 døydde han av hjartesvikt på ein mislykka ekspedisjon mot nordpolpunktet. Filmen med den talande tittelen Hva skjedde med Torstein Raaby er Stian Indrevolls freistnad på å gå opp spora etter helten som ikkje orka kvardagen.

Kva er vel meir kvardagsleg enn det som skjer inne i kroppen vår – dag ut og dag inn frå fødsel til død? Ikkje alle toler å sjå dei indre prosessane eller på svært, svært nært hald følgje operasjonar på våre indre organ, slik De humani corporis fabrica (regi: Lucien Castaing-Taylor og Véréna Paravel) inviterer oss inn til. Dette er til å bli både imponert og skremd av, og eg torer påstå at inga gravid kvinne som ser denne filmen, vil velje keisarsnitt om ikkje ho må.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement