Kunst
Alltid ei mørk undertone
Utstillinga Taterlandet fortel historia om eit folk som har vore undertrykt og jaga i over 500 år. Grunnlaget for å leve eit godt liv blei plukka vekk, bit for bit, her i Noreg.
Til venstre er delar av fotodokumentasjonen (2024–25) av liggesletter, eit samarbeid mellom songaren Elias Akselsen, kuratoren Ellef Prestsæter og fotografen Espen Tveit. På golvet ligg ei takrenne dei tre fann under ei synfaring av liggeslettene. Til høgre ser me ei samling av eldre ståltrådarbeid og i taket papirblomar av Viola Karlsen (2025).
Foto: Tor Simen Ulstein
I
resepsjonen får eg rikeleg med informasjonshefte tilhøyrande utstillinga. Det
er ifølgje nettsida til Nitja ei «feiring av kulturen og håndverket til
romanifolket/taterne, en av Norges nasjonale minoriteter».
Den
sørgmodige og innstendige stemma til Elias Akselsen følger meg oppover trappa,
med songen «I hiljan og i hallan», på romani (2025). I det første litle rommet heng
ein kopi av Édouard Manets måleri «Frukost i det grøne» frå 1863, utført og
signert av Jaques Villon i 1929. Eg stussar på korleis dette passar inn i
utstillinga, før eg går vidare inn i det store hovudrommet som med første
augekast har eit kvitt, klinisk preg.
Eit
oljemåleri av Jonny Borge, frå 2025, måla etter ei skisse av det Adolph
Tiedemand kalla «Fantefølge i bondestuen» frå 1852, viser ein scene der bonden
i huset ser ut til å jage dei omreisande. I utstillingsheftet kommenterer Borge
at han sjølv har opplevd å bli jaga på dør.
Ei
reisekiste står på golvet, laga av fleire nolevande taterar. Her er eit seglskutemotiv oppunder lokket,
utført av Storm Juliussen, og nedi kista ligg papirblomar, ei kaffikvern og boksar i nysølv til kaffi
og sukker. Som omreisande
hadde ein dei kjæraste eigedelane på seg eller i reisekista.
Alltid
på vakt
Ei lang
rekkje svartkvittfotografi viser 35 såkalla liggesletter frå Lillestrøm mot svenskegrensa,
der dei reisande vende tilbake sommarstid, år etter år. Det er Elias Akselsen
som har peika ut desse liggeslettene, og om ein tek seg tid til å lese barndomsminna
han deler om kvar av dei, så gjer prosjektet stort inntrykk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.